JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Frå Stavanger til verdsens ende

Kvar i Noreg finn vi førestillinga om Jerusalem på 1800-talet?
Ein god stad å byrje er sjølvsagt i Stavanger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det jordiske Jerusalem sett frå Mont Scopus i 1895. Nybyggjarar frå mange land slo seg ned i Palestina og venta på Herrens atterkome. Den mest kjende sekta bygde American Colony, leidd av Anna og Horatio Spafford. Anna var fødd i Stavanger.

9442
20200124

Jerusalem i nord

Referansane til bibellandet og bibelsoga ligg som ein djupstruktur i norsk kultur og har gjeve form og språk til politisk tenking, religiøs praksis og arkitektoniske ideal gjennom tusen år. Eivor Andersen Oftestad, forfattar og forskar ved MF, undersøkjer korleis.

Del 3

e.a.oftestad@mf.no

Stavanger er byen som vart «ein trusmetropol i eit bedehusfylke, eit Jerusalem i eit Kanaan som fløymer av mjølk og sidan av olje», slik Berge Furre skreiv i Soga om Lars Oftedal, og slik vi såg det i serien Lykkeland på NRK.

I 1832 proklamerte Henrik Wergeland at der var ingen fleire falske profetar i Israel enn nett i Stavanger. Her preika både «Spødevoldianarar», «Bulowianarar», «Follandianarar», «Skjevlandianarar» og alle andre -anarar. Det var nesten fleire predikantar enn folk. Litt overdrive, men noko er det i det. Frå Stavanger gjekk også ordet ut til verdsens endar: Her vart det fyrste misjonsselskapet i Noreg skipa i 1842, Misjonsskulen reist i 1843 og Israelsmisjonen skipa i 1844. Og her var setet til den avhaldne og omstridde store vekkingspredikanten, presten, avisredaktøren og politikaren Lars Oftedal, far til bedehusa.

I tida etter reformasjonen, som eg skreiv om i førre veke, var det kongelege forordningar og kollektiv bot som gjorde København eller Christiania om til heilage byar etter modell av Jerusalem. Slik var det ikkje utover 1800-talet. Med pietismen vart førestillinga om Jerusalem inderleggjord. No som Jerusalem var øydelagd, sa lekpredikanten Hans Nielsen Hauge, var ikkje Jesus å finne i tempelet lenger, men i hjartet, og der to eller tre var samla i Jesu namn. Her var venesamfunnet.

I bibelsoga er Jesu vener, disiplane, i konflikt med farisearane og dei skriftlærde. Og slik vart det også no. Venene såg seg som dei sanne disiplane og kom i konflikt med kyrkje og prest. Kyrkjas tenarar var no lik farisearane. Førestillinga om kven som representerte det sanne tempelet, vart snudd på hovudet. No var det venesamfunnet, ikkje statskyrkja. Slik kunne førestillinga om Jerusalem utfordre makta nedanfrå. Lekmannen Hauge sat sjølv i fengsel for predikantverksemda si. Men då konventikkelplakaten vart oppheva i 1842, vart det lov å halde eigne forsamlingar. Etter kvart breidde forsamlingshusa seg som ei kvit kappe ut over heile landet.

Nesten kvar ei bygd fekk sitt kvitmåla spartanske bedehus. Dei hadde ingen høgreiste himmeltårn, men vitna om syndebøra og korset på Golgata. Her var identifikasjonen med den vesle flokken rundt Jesus sterk. Dei samla seg som Jesu vener, i Bethania, Betel, Bethlehem, Salem, Bethesda, Kapernaum, Saron og Sion, men sjeldan eller kanskje aldri i Jerusalem. Ingen av dei rundt 3000 bedehusa vi til saman har hatt, heiter Jerusalem. Kvifor er det slik?

Både gardar og stølar heitte Jerusalem. På Sandaker i Oslo fanst til dømes både Jerusalem og Jeriko som husmannsplassar. Vi finn Jerusalem i Setesdalen, i Marker i Østfold og i Meløy i Nordland. Og søkjer ein på Google Maps, ser ein Jerusalem tallause stader i heile den kristne verda. Favoritten min er den golde vulkanøya blant Dei britiske Jomfruøyane som ber namnet Fallen Jerusalem. Jerusalem kunne ein kalle andre stader og bygningar, men ikkje bedehuset.

Jerusalem kunne ikkje brukast som namn på forsamlingshuset fordi Jerusalem var dømd og øydelagd. Gjennom hundrevis av år hadde folk høyrt forteljinga om øydelegginga av Jerusalem i år 70 som åtvaring og oppmoding til bot. Jerusalem var ein straffa by. Dei andre namna, som Bethania og Kapernaum, var frå bygder og stader Jesus ikkje refsa og fordømde, men der han til dømes vitja venene sine og kvilte.

Dette var forklaringa til Lars Oftedal då han vigsla Bethania i Stavanger i 1875. Bethania var ein liten by søraust for Jerusalem. Der stod «den lille venlige Bolig» der søskena Marta, Maria og Lazarus budde, og i dette huset treivst Jesus så godt, forklarte Oftedal. Frå vigslinga vart det rapportert om stor trengsel: «Trængselen var overordentlig stor, saa mange, især af Kvinderne, kom stønnende og pustende ind, til dels med sønderrævne Klæder.» Alt året etter var Bethania for lite, og det vart utvida frå å romme 2000 til å romme 3500 sjeler. Då preika Oftedal over orda frå profeten Jesaia:

«Lag større plass i teltet ditt,

spenn teltdukane ut, spar ikkje på dei,

gjer snorene lange, slå pluggane fast!

For til høgre og venstre skal du breia deg ut.

Di ætt skal driva ut folkeslag

og bu i byar som låg aude.»

For stormannen Oftedal skulle Guds rike utbreiast ved byggjeverksemd, og han gav seg ikkje med det eine bedehuset. På Jåttå vart bedehuset Bethlehem reist. Det vart sidan flytta og kan i dag vitjast på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Bedehuset Nazareth vart lagt litt nord for Stavanger. Kapernaum vart lagt ved kysten – slik det høvde seg for ein by ved Genesaretsjøen. Bethel, staden der Jakob drøymde om stigen opp til himmelen, vart reist på Finnøy. Og på Bryne vart Saron reist, oppkalla etter grøne sletter og blømerike liljer. Her vart bedehuset bygt ved stasjonen på den nyopna Jærbanen. Ved opninga vart det satt opp ekstratog, og det kom 600 vener frå byen for å vere med. Huset vart betalt gjennom gjeld og basarar av bygdefolket sjølv.

Då Oftedal fall i unåde på grunn av ei kvinnehistorie i 1891, reiste han seg opp att ved å skipe Stavanger Aftenblad og ved å byggje sitt eige Salem nokre kvartal bortanfor Bethania.

Byggjeverksemda til Oftedal og dei andre bedehusbyggjarane blei eit slags landnåm, slik israelsfolket dreiv for å erobre det lova landet. No var det Noreg – og særleg Rogaland – som var det lova landet. Det var som om ein skulle flytte sjølve bibellandet med heile soga si opp til kvardagen i nord.

Inne på bedehusa song folket ut lengsla mot det nye Jerusalem. Samstundes var det på 1800-talet at ein igjen fekk interesse for det jordiske Jerusalem. Nybyggjarar frå mange ulike land slo seg ned i Palestina og venta på Herrens atterkome. Den mest kjende sekta bygde American Colony, som vart leidd av Anna og Horatio Spafford. Anna var fødd i Stavanger og er modellen for Mrs. Gordon i Selma Lagerløfs roman Jerusalem. I kolonien dreiv dei herberge, gardsdrift, meieri og ulike typar handverk. No er staden gjort om til eit internasjonalt luksushotell. Då eg vitja American Colony for nokre år sidan, kunne bibliotekaren i den eldre avdelinga vise Anna Spaffords private album. Der var det ikkje perleporten det var bilete av, men Suldalsporten, og Stavanger domkyrkje. Sjølv om Anna var berre to år då familien flytta frå Stavanger til Chicago, lengta ho kanskje tilbake.

Nybyggjarane i Palestina var motiverte av førestillingar om Jesu atterkome og det nye Jerusalem. Samstundes var det meir etablerte kristenfolket overtydd om at noko meir måtte til før Jesus kunne kome att. Jødane måtte omvende seg først. Denne overtydinga var ny og låg bak dei globale framstøyta som no kom – frå Stavanger.

Det var øydelegginga av Jerusalem i år 70 som hadde prega den klassiske tolkinga av Jerusalem og jødane. Den eines død, den andres brød: Ulukka til jødane innebar at det no var kyrkja som var Guds folk i frelsessoga. Jødane var forkasta.

Mot slutten av 1600-talet braut pietistane med denne tolkinga. Dei ville ikkje forkasta jødane, men hevda tvert om at det var naudsynt at jødane omvende seg. Dersom ikkje det skjedde, ville ikkje dei bibelske profetiane om endetida verte oppfylte.

For å framskunde endetida byrja ein difor med jødemisjon. I 1842 vart ein britisk jødisk konvertitt innsett som anglikansk biskop i Jerusalem. Denne hendinga oppglødde israelsvenene i heile Europa. I Stavanger starta dei «Foreningen af Israels venner» og song av full røyst: «Lad om Zion høit oss sjunge! Herren Zion utvalgt har!» Foreninga heldt årlege møte på datoen for opprettinga av bispesetet i Jerusalem. No starta omvendinga av jødane og atterreisinga av tempelet.

Ikkje berre jødane, men òg heidningane måtte omvendast. Også det tok til i Stavanger. Her vart det landsdekkjande Misjonsselskapet oppretta i 1842.

Leiaren var den store Lars Dahle. Han såg heidningmisjonen i samanheng med jødemisjonen. For det var jo slik at omvendinga av jødane, som måtte skje før Jesus kom att, hadde som vilkår at mengda av heidningar, «hedningens fylde», fyrst gjekk inn i Guds rike. Slik vart også det store misjonsarbeidet – Verda for Kristus – ein slags jødemisjon. Og både jødemisjonen og heidningmisjonen var ei førebuing for «Herlighedsrigets komme».

I dag har songen frå bedehuset om ikkje tona ut, så i all fall vorte tynna ut. Bedehusa vert stengde og selde. Bethania, bygd av Oftedal i 1875, vart seld til «Stavangeren Kultur- og Revyscene A/S» alt i 1997, og Salem vart seld og omgjord til Islamsk kultursenter i 2015.

Nett no ligg det to bedehus ute på Finn.no. På salsbileta kan ein sjå nøkterne rom som minner om ei anna tid. Dei er innreidde, men ser tomme ut.

Sjølv om møblane og kaffikjelen framleis står der, er livet som har vore der, borte. Alt har stilna: konene på kjøkkenet, juletrefestane, barneklubbane, Yngres, barnekoret, misjonsforeininga, songen og møteseriane.

Kvar vart det av den religiøse trua, og kvar vart det av samhaldet som var der – i båten på veg over det stormfulle havet til det nye Jerusalem?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ikkje berre jødane, men òg heidningane måtte omvendast. Det tok òg til i Stavanger.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis