Historie
Før og etter krigen
Før krigen, på Jesu tid, slutta overklassen seg til rørsla, i lag med fattige, men etter krigen vart nasarearane utstøytte frå både synagogen og kyrkja. Kva hende?
Vasily Surikov (1848?1916): «Apostelen Paulus vitnar for Kong Agrippa II, prinsesse Berenike og guvernør Festus», 1875. Tretyakov-galleriet i Moskva.
Lytt til artikkelen:
Historias kvern mel langsamt – slik har ordtøket vore i eit par tusen år. Men i tida kring ein krig mel ho snøggare. Lite endrar historia som krig.
Krig endrar historieskrivinga òg. Kjensgjerninga syner seg i eit anna ordtøke: Sigerherrane skriv historia.
Sogeskriving speglar vel så mykje tida ein skriv i som tida ein skriv om. Den innsikta er særs naudsynt å halda fast på dersom ein stor krig ligg mellom hendingane og historia om dei.
Eit nærliggjande døme er den andre verdskrigen. Etter 1945 laut ein skriva mykje annleis, ikkje berre om tapande og sigrande partar, men om folkegrupper generelt, om imperialisme og nasjonalisme. Endringane kom ikkje alltid straks. Kring 1950 finn ein i norske leksikon framleis nedsetjande omtale av folkegrupper, men historias kvern mel snøggare under og etter ein krig, og implementering av endringar held me framleis på med.
Så definerande kan krigar vera, at dei gjev namn til tidsperiodar, som førkrigstida, mellomkrigstida og etterkrigstida – nemningar me kan henda vil nytta heilt til neste krig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.