JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Eit politisk-litterært hugskot

Skilsmisse mellom England og Skottland?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Slaget ved Culloden, måla av David Morier i 1746.

5913
20191129
5913
20191129

Det er brexit-tider og triste dagar for kjærleikstilhøvet mellom England og Skottland. På sikt kan det gå mot full skilsmisse. Ein ser representantane frå Det skotske nasjonalistpartiet snakka og snakka i Parlamentet i Westminster, snakka og snakka, og ein tenkjer: Kvifor slik endelaus tale når toryane på regjeringsbenken for lengst sit og aktivt ikkje høyrer på? Svaret er sjølvsagt at dei snakkar til sine eigne framfor TV-apparata, og at slik fungerer partipolitikken.

Heilt annleis er det likevel å sjå representantane frå det irske unionistpartiet, DUP, som Boris Johnson no vil stenge bak ei tollgrense i Irskehavet: Dei er rasande, naturlegvis, men dei kastar ikkje bort tida med retorisk overdriving, dei kuttar beint til poenget så det lyser i salen.

Det lèt seg òg enkelt forstå: Unionist­partiet vart ei avgjerande brikke i brexit-prosessen då Theresa May miste Tory-fleirtalet i parlamentsvalet i 2017. No er dei skuffa og rasande, men dei er òg unionistar og vil sjølvsagt ikkje inn i ein irsk stat der dei som protestantar vil vere i mindretal. Nasjonal retorikk høver ikkje, men timen kan jo kome då dei faktisk må akseptere å gå inn som organisatorisk del av den irske nasjonen.

Så kan hende parlamentssalen i Westminster snart berre vert for engelskmenn og walisarar, om skottane følgjer nasjonalistane. Little Britain? Ein kan høyre svaret frå Vera Lynns røyst: «There will always be an England.»

La oss her gløyme Irland. Ein gong fanst det òg eit britisk Skottland, eit Skottland der sir Walter Scott sat i London og skreiv verdskjende romanar så blekket spruta. Eit Skottland der dronning Viktoria og Albert bygde Balmoral slott og var store delar av året, slik dronning Elisabeth til dels enno er; eit Skottland med klanar og sekkepiper og skjørt for knallharde menn, ikkje lenger latterleggjort og frykta som barbarisk, men elska i England og av mest heile verda; eit Skottland der vi alle syng – med Robert Burns – om det som er lenge sidan; eit Skottland like imperialistisk og kolonialistisk som noko England, og der Stanley finn Livingstone midt i Afrika med understatement i replikken: «Mr. Livingstone, I presume?»

Men før dette kjærleikstilhøvet for alvor kom i gang, fanst det òg eit Skottland, må vite: eit Skottland med ei dronning – Maria Stuart – så dramatisk i politikken og kjærleikslivet at berre egyptiske Kleopatra kan konkurrere.

Ho vart til slutt halshoggen, medan barnlause dronning Elisabeth såg blygt og nøgd ned milevis unna; men så vart son til Maria, Jakob I av England, konge i begge rika, denne wisest fool in Christendom, som fekk sett Bibelen om til engelsk på nivå med Luther.

Son hans mista òg hovudet, og i 1689 vart Stuartane kasta ut i «den ærerike revolusjonen». Dei prøvde seg rett nok igjen, og i 1747 nådde den vene «Bonnie Prince Charlie», Charles Edward Louis John Casimir Silvester Maria Stuart, heilt til Derby etter først å ha teke Skottland tilbake frå kongemakta i London; men så torde ikkje dei skotske adelsmennene anna enn å trekkje seg tilbake, med ein motviljug Charlie sist i tilbaketoget.

Så tapte dei eit siste slag ved Colluden, og Charlie måtte til slutt tilbake til Frankrike, etter ein lengre periode med romantisk gøymsle for fiendane. Nederlag smakar òg for den nasjonale sjela. Då var unionen mellom Skottland og England for lengst grunnlagd i 1706, den som enno held.

I 1760 kom det i Edinburgh ut ei fragmentsamling frå høglandet i Skottland. Ho vart følgd av eit episk dikt, i røynda skrive av James Macpherson, om Fingal eller Finn, far til Ossian, og son hans Oscar eller Oscur. Og så kom det jammen eit samla verk med Works of Ossian. Ein merkeleg rå og vill poesi, dette, men samtidig tragisk, undergangsmetta; det er Ossian som sit med lyra si og syng for oss medan heltane stig fram frå dei daude, son hans òg.

Ein elegisk nordisk Homer var fødd, likevel uroleg og vill som vinden med sin «Sturm und Drang», og snart hadde Ossian slått ned i Goethes epokeroman om Werthers lidingar. Ein europeisk mote følgde med Ossian-dyrking i politikk og kunst, frå Napoleon til Bernadotte eller Karl Johan og hans etterfølgjarar med namnet Oscar, og frå Caspar David Friedrich og Felix Mendelssohn til Heinrich Heines hollendar og til Richard Wagner, ja til Fingal-Olsson. Skottland var overalt, med sitt sigrande nederlag.

Og så var det berre eit falsum, eit stykke humbug, så å seie, avslørt av skotske opplysningsmenn som så sette verdas kunnskap på ende, slike som filosofen David Hume og økonomen Adam Smith, geniale oppdagarar langt bortanfor Stanley og Livingstone – blant dei største verda har.

Samstundes var desse òg sivilisasjonsteoretikarar og ikkje drøymerisk ville folk frå høglandet. Det er frå sine eigne ein skal ha det, men hugs no at Hume var ein særs kontroversiell mann som òg vart skulda for hume-bug.

Feil, sjølvsagt, og heller ikkje med Ossian-diktinga var det – ikkje ganske enkelt – snakk om eit falsum, men berre om eit stykke undersøking av folkesjela litt før tida, utan skikkeleg vitskaplege metodar à la brørne Grimm og Asbjørnsen og Moe. Eit lyn skote ut for tidleg, men eit genialt lyn. Ein epokeførebuar, denne diktaren og forskaren James MacPherson som mista all ære, men som tok Europa med storm med ferten av den romantiske sensibiliteten.

Maria Stuart, Burns, Scott, Hume, Smith, kong Jakob og bibelen hans, Ossian: Kva er britane utan dette, kva er verda? La no engelskmennene gjere som dei vil. Vi europearar får gjere som Goethe og gje skottane EU-medlemskap, dersom England vert gjort om til eit skatteparadis for dei rike og eit eldorado for finansakrobatar. Edinburgh er hovudstaden i Norden, there will always be a Scotland.

Helge Høibraaten

Helge Høibraaten er filosof.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Så kan hende parlamentssalen i Westminster
snart berre vert for engelskmenn og walisarar, om skottane følgjer nasjonalistane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis