Historie
Ein salme om synda
Det er ikkje sikkert det er von for ordet «synd».
I Nynorsk Salmebok (1925) og Landstads Kirkesalmebok av 1924 («Landstads reviderte») finn vi Blix-salmen «Synd og sorg er syskinord», tidlegare trykt i Nokre Salmar. Då den fall ut av norsk salmebok i 2013, vart også den siste salmen med «synd» som oppslagsord borte. Garborgs klage i Læraren om at vi går og vabbar i denne syndi, har tapt sin aktualitet. Ordet har etter kvart falle ut av religiøs språkbruk, nedtyngd som det er av forbod og adiaforon-diskusjonar (det som er korkje vondt eller godt). I mi tenåringstid kunne det framleis koma ut ei rettleiingsbok for ungdom med tittelen «Er det synd å…?», men det var eit siste syndesukk. Snart tok ordet nye vegar og dukka opp som reklame for erotisk freistingar; synda slo seg saman med reklamen. Derifrå gjekk ordet til oppskriftsbøkene: søtt og syndig. Freistaren sit i karbohydrata.
Men då synda vart sukkerspinn, miste vi det gode språket for det vonde. Politiske massemordarar og hatspreiarar i terrorgrupper og kommentarfelt kan ikkje forklarast med for mykje sukker, og også dei psykologiske forklaringane kjem til kort i møte med den kaldaste vondskapen. Kanskje skal vi sjå kva ordet tyder hos Blix.
Det første som slår ein, er den totale frikoplinga frå livsstil og syndige gjerningar. Det handlar verken om hor eller om helgedagsbrot. Det handlar om ei tolking av den menneskelege grunnsituasjonen. Gjennom eit gåtefullt fall – i synd, i urtida, – har vi blitt skilde frå opphavet. Det er ein augustinsk klang i Blix’ syndesalme: Hjarta er skapt til Gud og finn ikkje ro før det finn Gud. Det er grunntydinga. Difor er synda syskenord med sorga; det ligg eit sakn i det. Hjarta er sjukt og sårt heilt til det skjønar dette, skriv Blix. Men det kristne mysteriet er at Kristus kom oss i møte, og difor kan vi snu synda til tru. Her kling ein annan kristen filosof med, Kierkegaard, som seier at det motsette av synd ikkje er dygd, men tru. Alle listene over syndefulle handlingar blir kasta til side i dette perspektivet; synda er mangel på tru. Og trua er retta mot Gud og ikkje våre eigne dygder.
Men Blix er ingen herlegdomsteolog eller positiv sjølvhjelpsforfattar, og han triksar ikkje sorga bort. Syndarar er vi alle, også den som trur. Ein lever i spenn mellom tru og synd, og difor må ein sjå realistisk på livet: «Harm og hugnad skiftast åt/ Gleda blandast tidt med gråt/ Men igjenom skyer grå/ Kann eg Jesu åsyn sjå.»
Det er ikkje sikkert det er von for ordet «synd»; det har vore for lenge ute i verda og skitna seg til, for å seia det med pietistisk sjargong. Men det er framleis verdt å sjå korleis Blix brukar det, og så langt er det kanskje ikkje frå dette ordet til det filosofiske ordet «fallibilitet»: innsikt i at vi alltid står i fare for å ta feil, og gjera feil. I tillegg har Blix bokstavrimet på si side.
Synd og sorg er syskinord,
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.