JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Ein prinsippfast pragmatikar

Hagbard Emanuel Berner var ein praktisk institusjonsbyggjar som evna å arbeide langsiktig, men også ein mann som kunne stå hardnakka på prinsippa sine.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hagbard Berner vart fødd i Sunndal 12. september 1839 og døydde i Kristiania 24. januar 1920.

Foto: L. Szacinski

6189
20200124
6189
20200124

Hagbard Berner er best kjend som grunnleggjar av Det Norske Samlaget og som fyrste redaktør i Dagbladet. I dag er det nøyaktig 100 år sidan Hagbard Berner døydde, 80 år gamal. Han kom inn i det offentlege livet i 1860-åra som representant for tidas unge, skjeggete og radikale menn. Det nittande hundreårets sekstiåttarar, kan vi kalle dei. Akademikarar med bakgrunn frå middelstanden, som følte seg utestengde av ein eldre generasjon med konservative, systemtrugne embetsmenn, politikarar og avisredaktørar. Akkurat som det politiske oldebarnet deira hundre år seinare.

Berner såg tidleg kor viktig det var med organisering av det politiske engasjementet, viss ein skulle ha noko håp om å vinne fram på sikt. Det starta i Døleringen, som samla seg rundt Aasmund Olavsson Vinje. Ein fyrsteelvar med berre målmenn. Eller kanskje ein heller skulle seie at dei var ein hær med berre generalar. Frifantar og individualistar var det meir enn nok av i målrørsla. Evne til fokusert arbeid og organisering var det vanskelegare å få auge på. Samhandling trongst. Det var tid for Samlaget.

Demokratisk sentralisme

Hagbard Berner hadde planlagt absolutt alt, då han i februar 1868 kalla inn eit dusin handplukka menn for å førebu skipinga av Det Norske Samlaget. Dei fekk lagt på bordet utkast til lovar for det nye laget, utarbeidde av Berner sjølv, og etter at dei alle hadde slutta seg til planane, kunne Det Norske Samlaget offisielt sjå dagens lys ein månad seinare. Fyrste formann i Samlaget vart sjølvsagt Hagbard Berner, og resten er som kjent forlagshistorie.

Dei unge sekstiåttarane hadde starta det som skulle bli ei rad med skipnader av politiske og kulturelle institusjonar gjennom dei neste tiåra. I januar 1869 var tida komen for Dagbladets fyrste utgåve, og i redaktørstolen sat Berner. Her skulle han bli sitjande fram til nyttår 1880, og no blei han for alvor ein sentralt plassert politisk aktør i Noreg. Dagbladet var ei tydeleg systemkritisk venstreavis med eit krystallklårt positivistisk reformprogram. Eit program som var retningsgjevande for Berners engasjement også etter tida som dagbladredaktør.

«Folkesproget»

Berner vart utdanna som jurist frå universitetet i Christiania i 1863, 24 år gamal. To år seinare vann han Kronprinsens gullmedalje for eit essay om dei utanlandske kjeldene til den norske grunnlova. Her hevdar han at folkesuvereniteten er det viktigaste prinsippet i Grunnlova, og at maktfordelinga mellom statsinstitusjonane er resultat av denne folkesuvereniteten. Berre folket og målsmennene deira på Stortinget har rett til å endre på Grunnlova. Statsoverhovudet, altså Kongen, har ingen rett til å stille seg over Grunnlova. Han skal berre representere ein stat som i prinsippet er lagd inn under folkeviljen.

Dette var nær revolusjonære standpunkt i 1865, nesten 20 år før parlamentarismen blei gjennomført i Noreg.

Hagbard Berner hadde evna til å kombinere prinsipiell tenking med praktisk politisk handlag. I ei førelesning i Studentersamfundet i 1866 gjekk han vidare frå folkeviljen og introduserte uttrykket «folkesproget». Det var meint som ei direkte politisering av målsaka, og Berner snakka blant anna om «målsakens fremgang og seier som afgjørende for den norske nasjonalitet i almindelighet (…). Den gjemmer nemlig i seg kravet efter og håbet om at realisere alt det, som man pleier at indlegge i begrepet nationalitet».

Østlandsk reisning

Målsaka var noko som opptok Hagbard Berner heile livet, også etter at han trekte seg som leiar i Det Norske Samlaget. Men som stortingsmann for Venstre i 1880-åra starta han ei språkleg nyorientering som skulle bringe han eit godt stykke vekk frå den reine nynorsklinja. No ønskte han ei organisert tilnærming mellom landsmål og bokmål, bygd på det levande bygdemålet og det folkelege bymålet. Med andre ord la han distanse til den mest puritanske Aasen-linja, med si vekt på det vestnorske talemålet.

Så seint som i 1916, 77 år gamal, heldt Berner den siste store førelesninga si om målsaka. Her støtta han den nystifta rørsla Østlandsk reisning, som ville gje det austnorske sterkare plass i nynorsken. På sikt såg han for seg ei utjamning mellom riksmål og nynorsk. Stiftaren av Det Norske Samlaget var blitt samnorskmann.

Noregs John Stuart Mill

Hadde vi spurt Berner sjølv, ville han nok hardnakka ha hevda at det var ei konsekvent linje gjennom den språklege utviklinga hans. Det same ville han heilt sikkert ha sagt om kvinnesaka, eit anna av dei store spørsmåla han engasjerte seg i. Han blei valt til første formann (!) i Norsk Kvindesagsforening ved stiftinga i 1884. Årstalet er ikkje tilfeldig, heller ikkje er det tilfeldig at han fekk med seg ei rad sentrale venstremenn og -kvinner i det første styret.

Akkurat som målsaka og avisa Dagbladet var kvinnesaka del av det store, radikale og demokratiske venstreprosjektet i desse åra. Kampen for kvinnerettar handla om både juridisk likestilling, økonomisk sjølvstende, tilgang til utdanning og røysterett. Mykje av denne kampen førte Berner på Stortinget, og her vann han også fleire viktige sigrar. I Kvindesagsforeningen blei det likevel snart konflikt mellom Berner og nestformann Gina Krog. Dei var ueinige om strategi og taktikk, og det heile enda med at Berner trekte seg som formann etter berre eitt år.

Men i 1904, då full kvinneleg røysterett var innafor rekkjevidde og frontane mindre steile, skulle han få sin rettkomne takk for innsatsen. Då skreiv Aasta Hansteen eit brev til han der ho ber om å få «udtale den takk som vi kvinder skylder Dem for hvad De har gjort for at udfrie oss fra undertrykkelse og trælekår (…) den norske John Stuart Mill – hans navn er Hagbard Emanuel Berner».

Ingen dårleg sluttattest for den prinsippfaste pragmatikaren Hagbard Berner.

Sindre Hovdenakk

Sindre Hovdenakk er kritikar, journalist og sakprosaforfattar. Han gav i 2007 ut biografien Alt er politikk. Hagbard Berner og hans tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Akkurat som målsaka og avisa Dagbladet var kvinnesaka del av det store, radikale og demokratiske venstreprosjektet i desse åra.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis