Historie
Den evige freden
Den store nordiske krigen var ein skummande bølgjetopp i ein rivande storm av nordisk maktkamp, men så stilna vatnet, og den norske fredsnasjonen vaks fram.
«Officer bliver barberet af kvindelig barber» (1883). Målarstykke av Vilhelm Rosenstand (1838–1915).
Geostrategisk var følgjene av den store nordiske krigen (1700–1721) heilt avgjerande. Sverige hadde dominert Nord-Europa det siste hundreåret, men under Peter den store rusta russarane sterkt opp og moderniserte hæren. Allereie i 1714 var den nye marinen sterk nok til å slå svenskane. Baltiske område vart erobra, tsaren overtok den svenske stormaktsstillinga, i 1721 utnemnde han seg til keisar. Under Katerina den store ekspanderte Russland på ny og sementerte førarskapet sitt i europeisk politikk.
For Sverige var Russland ein ny arvefiende, men òg ei overmakt. I 1741 erklærte Riksdagen krig, men russarane berre jaga svenske bort og tok heller ein jafs av Finland. Trusselen frå aust var kjærkomen for Danmark-Noreg, men samtidig frykta ein at Sverige og Russland ville para opp og fråtsa på oldenborgarstaten. Tsaren styrkte trusselen mot den danske sørgrensa ved å motsetta seg danske krav på Slesvig. For å danna motvekt måtte danske styresmakter knyta seg til ulike stormakter.
Nordiske mellommakter
Tiåra etter den store nordiske krigen synte korleis dei nordiske rika var reduserte til mellomstore spelarar på den europeiske arenaen. Sverige hadde lenge styrt nordeuropeisk utvikling, Danmark-Noreg var ein militær maktfaktor med ein særleg sterk flåte. Russisk framvekst la no lina for den nordeuropeiske utviklinga og dominerte kontinentet saman med Storbritannia, Frankrike og Austerrike. Preussen og Nederland var vel så sterke som dei nordiske statane. I 1762 var russarane dagar og ein heldig palassrevolusjon frå ein knusande invasjon av Danmark.
Revansjelysta levde framleis, men ambisjonane stod veikare i landskapet etter 1720. Konservative svenske politikarar rasla med sablane, men innsåg i stadig større grad sine manglar. I Danmark-Noreg forsvann krigsiveren på trona. Danske Christian 6 (1730–1746) var sjukleg og uinteressert i utanrikspolitikk, etterfølgjarane hans styringsudyktige. Pragmatiske ministrar tok hand om riksinteressene. Dei ville heller tena pengar på handel enn tapa dei i krig, sjølv om dei skaffa russiske garantiar om landevinning i Sverige om høvet bydde seg.
Nøytralitetspolitikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.