JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Den botnlause krigen

Den 3. juli var det 300 år sidan den lengste krigen i Noreg var over. Forferdelege skjebnar låg tilbake,
kvar tiande nordmann strauk med, men i dag er krigen nærmast gløymd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Karolinarmonumentet i Duved vart reist i 1892 til minne om felttoget mot Noreg i 1718 og dei om lag 3000 svenske karolinarane som vart att på fjellet.

Illustrasjon: Wikimedia Commons

7886
20200710

Den store nordiske krigen

3. juli 1720 underteikna Danmark-Noreg og Sverige freden i Frederiksborg og avslutta ein krigstilstand som hadde vara frå 1709, den lengste krigen Noreg har vore i.

Året etter slutta Sverige og Russland freden i Nystad etter 21 år med nordeuropeisk strid, kjend som den store nordiske krigen.

Krigen førte med seg store tap av menneskeliv og materielle verdiar. Sverige mista store landområde og den geostrategiske stillinga som stormakt, men grensene i Norden var uforandra.

Dyreblodet flyt utover tuna på gardane i nedre Stjørdal ein novembermorgon i 1718. Gjennom natta har svenske soldatar slakta ned heile buskapane. Gardsfolk og ungar har prøvd å døyva dyreskrika ved å halda seg for øyra. No står dei ribba tilbake for vinterforråd, her som elles i dei trønderske flatbygdene. Heile hausten har karolinarane, Karl 12.s soldatar, herja og plyndra. Kornavlingane låg allereie flate og grøne av regnet, karolinarane tek resten. Gardar vert vandaliserte og brende ned, få dyr er igjen. Etter soldatane følger epidemiane. 6000 ligg døde tilbake.

Karolinarane lid samtidig sjølv, av matmangel, frost og sjukdom. Det er andre gong svenskane set seg fast i Noreg og går tom for forsyningar. To månadar seinare må dei bryta opp og marsjera over Tydalsfjella. Over 3000 frys i hel i den såkalla dødsmarsjen frå 12. til 14. januar.

Dette er likevel berre eit toppunkt på tjue år med nordeuropeisk dødeleg ferd, der fleire hundre tusen strauk med i eit fyrsteleg spel om makta ved Austersjøen. For nordmenn vara andre del av den store nordiske krigen frå 1709–1720, den lengste krigen Noreg har utkjempa – og truleg den verste.

Den 3. juli 1720 vart den svensk-danske fredsavtalen underteikna på Frederiksborg. Det var likevel tragedien i Tydalsfjella som vart merkedag i Danmark-Noreg i tiåra etterpå. Først vurderte staten å feira 11. desember, dagen då Karl 12. fall – svenskekongen som i gloriøse triumfar heldt på å erobra heile Nord-Europa, men som til slutt skusla bort svensk stormakt og møtte døden i ei simpel børsekule i gjørma ved Fredriksten festning. Men valet ville provosert svenskane. I ei tid då fotfolket vart unnt lite ære, var det langt meir diplomatisk å velja mannefallet i snødrevet som jubeldag.

Maktbalanse

Den store nordiske krigen var ein logisk konsekvens av Westfalen-systemet etter trettiårskrigen. Land fann ikkje lenger saman etter religiøse skiljeliner, men danna stadig nye samband for å halda kvarandre i sjakk. Med alliansar på plass gjekk ein så til 1700-talsforma av preemptive strike, åtak for å hindra at motparten ekspanderte. Slik skapte systemet heller stadig nye krigar enn fred, men òg maktbalanse, som hindra store grenseendringar.

Stormaktene hadde difor stansa Sverige i å utradera Danmark-Noreg. I våpenkviler talde kjøtvekta, så då Danmark-Noreg etter fleire tidlegare landtap faktisk gjenerobra Bohuslän i Gyldenløvefeiden (1675–1679), tvinga Frankrike dei til å trekka seg ut. Danskekongen søkte dermed mot Ludvig 14., men Frankrike var ei skrantande stormakt. I staden hjelpte nye fiendar, Nederland og England, Karl 12. med å kringsetta København i 1700. Byen overlevde berre fordi Fredrik 4. straks trygla om fred. Så vart stormaktene opptekne med den spanske arvefølgjekrigen (1701–1713). Nord-Europa fekk kriga i fred.

Maktstaten

Maktbalansen kravde veldige militære investeringar. Adelen nytta derimot stillinga si i statsstyret til å motverka store økonomiske bidrag, i Danmark-Noreg nekta dei all form for skattlegging. Samtidig opponerte riksråda mot nye krigar. Men både den svenske (1682) og den danske (1660) kongen gjorde seg så einveldige. Krigsmotstanden vart utmanøvrert, og adelen måtte føya seg. Norden vart gjennommilitarisert, danskekongen nytta 90 prosent av statsbudsjettet på opprusting.

Dei største byrdene vart likevel lagde på folket. I krigstid kom det stadige ekstraskattar som i fred gjerne vart gjorde permanente. Samla steig skattenivået kraftig. Nye skattar kom ofte som flat skatt, så småkårsfolk vart sterkt råka. I 1711 skreiv Fredrik 4. ut skatt for alle som hadde sko.

I den store nordiske krigen kulminerte skatteauken, i Danmark-Noreg steig skattane med 50 prosent. Midlane vart likevel nytta mest i Danmark, så om norske bønder vart utarma, stod forsvaret av Noreg veikt.

Folkelege piner

Den store nordiske krigen fortel om eit folk i kneståande. Enormt mange var utskrivne, ein tredel av alle vaksne menn, om vi går ut frå regionale tal. Årskull på årskull med arbeidsføre menn måtte forlata garden, og mange som vart igjen, måtte utføra pliktarbeid. Mange gardbrukarar vende sterkt skadde heim, hordar med arbeidskarar stakk av med utanlandske handelsskuter. Kvinnene klarte knappast halda gardsdrifta oppe, endå mindre fordi hestane vart rekvirerte og slitne ut. Næringslivet blødde med. Mest heile handelsflåten gjekk tapt, det tok to mannsaldrar å byggja han opp igjen.

Dødstala i krigen er ukjende, for mange deserterte under trugsmål om dødsstraff. Sluttar vi frå tapstala i Bergen, kan vi gå ut frå at halvparten strauk med, samla over 20.000. Fattige soldatar hadde berre kleda dei gjekk i, og fraus i hel i fillene. Sivile dødstal var endå høgare, for flekktyfus, koppar og dysenteri herja i fotspora til soldatane. Sjølv om vi er forsiktige, kan vi rekna med at 10 prosent av alle nordmenn døydde. No, i koronafrykta, kan vi jo tenka oss ei verd der 1500 gonger så mange døyr av epidemiar. Endå høgare var dødstala over Kjølen: 200.000 svenske og finske soldatar fall i kamp, 100.000 døydde av sjukdom.

Syndfloda

Årsakene til krigen var erobringstrong, men folk fekk ei anna forklaring: Synda var blitt for sterk og hadde vekt Guds straffande vreide. I alt elendet fekk folk slik ansvaret velta over på seg sjølv, eineveldets faste oppskrift på å pulverisera politisk ansvar og kua undersåttane til lydnad. Då krigen endeleg enda i 1720, skulle prestane i Noreg så formidla at det var ein «grundløs Barmhjertighed». Etter elleve år med blodslit måtte folk altså ikkje feira freden for mykje, dei hadde ikkje fortent han. Då freden vara ved ut 1700-talet, vart folk trua med krigane på kontinentet: Nordmenn kom til å bli straffa, for dei var ikkje det spor betre enn dei europeiske brørne sine.

Samtidig vart utviklinga i den store nordiske krigen, med svært store skadar på liv og hus, vridd til lovtale. Gud vart takka for å ha verna om rika og for å ha «beteede os en Frelse efter den anden». Denne miskunna kom av det gode forholdet han hadde til krona: «Dit [Guds] Sværd følger med Hans Kongel. Majestets Sværd, og Seyeren bliver paa hans Side!» Slik var dansk-norsk propaganda på byrjinga av 1700-talet: Folket medverka alltid destruktivt og måtte prisa seg lukkeleg over å ha ein gudsverna konge som redda dei.

Gløymd krig

Den store nordiske krigen var ei mørk sky over Noreg gjennom heile 1700-talet. Samtidig var han ikkje berre ufatteleg dødeleg og pinefull: Med han kulminerte 150 konfliktår i Norden, der autoritære leiarar i ei rekke krigar hadde kasta folket på bålet i si eiga revansjelyst. I alt elendet vart freden i Frederiksborg morgonrauden for dei nordiske fredsnasjonane.

I dag er krigen likevel lite påakta, knapt vigd offentleg merksemd, langt frå nokon heilaftans TV-kveld eller plass i kongelege nyttårstalar. Ein er kanskje sin eigen krig nærmast, men over to generasjonar etter den såkalla «krigen», der folketalet i Noreg steig med 4 prosent, kan vi òg kosta på oss ei historisk perspektiv. 300 år etter at smerteropa stilna, fortener ofra frå den botnlause krigen i 1700–1720 å bli minte på verdig vis.

Øystein Lydik Idsø Viken

Øystein Lydik Idsø Viken er historikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I 1711 skreiv Fredrik 4. ut skatt for alle som hadde sko.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis