JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Da kvinnene kravde bustadrasjonering

For hundre år sidan diskuterte mellom 350 og 400 norske kvinner bustadpolitikk i to dagar. Høgrekvinner, sosialistar og partilause vart samde om at bustadrasjonering ville vera eit nyttig tiltak.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arbeidarpartiets kvinneforening krev framleis bustadrasjonering i mai 1925. Lova frå 1920 om bustadrasjonering blei aldri praktisert og opphøyrde i 1922.

Foto: Neupert

6132
20200828

Kvinnekamp

Magnhild Folkvord

6132
20200828

Kvinnekamp

Magnhild Folkvord

Våren 1920 hadde det kommunale leigegardskontoret i Kristiania registrert 5100 «leiesøkende familier». Også i dei andre større byane var bustadsituasjonen mildt sagt vanskeleg, med tronge, overfylte leilegheiter der arbeidsfolk budde, og romslege hus og leilegheiter på den andre kanten av byen.

Dette var bakteppet da Betzy Kjelsberg, både fabrikkinspektør og aktiv organisator på mange hald, ønskte mellom 350 og 400 deltakarar velkomne til Kvindernes Boligkongres i Kristiania 18. mai 1920. Her var høgredamer frå Drammen og glødande sosialistar frå Tromsø, medlemmer av ulike kvinneorganisasjonar og utsendingar frå kommunestyre rundt i landet.

I opningstalen sa Kjelsberg mellom anna at no ville kvinnene krevja at landet ikkje berre skulle byggjast ved lov, men ved bustader: «Vi kvinner har nu lenge hatt vaar politiske makt, men vi har ikke benyttet den. […] Nu skal kvinnene kreve mennene til regnskap for deres boligpolitikk.»

Norsk Forening for Boligreformer var arrangør, og ein breitt samansett kvinnekomité med femten medlemmer hadde førebudd kongressen. Den første innleiaren var arbeidarpolitikaren Marion Philips frå England. Ho fortalde om engelske kvinners innsats for å løysa bustadproblema etter første verdskrigen. På grunnlag av ein omfattande undersøkingsaksjon hadde ein kvinnekomité sett opp eit omfattande bustadprogram: Kvar bustad måtte ha minst fem rom, bad og eigen hage til kvart hus. Kjøkkenet måtte venda ut mot lyse plassar med vegetasjon, ikkje mot mørke bakgardar. Husa skulle liggja i eigne hagebyar, i avstand frå fabrikkane. Denne rapporten vart møtt med sterk applaus frå kongressdeltakarane i Kristiania.

Kvinnekrava

Dei norske innleiarane gjekk konkret til verks med sine krav. Mathilde Kierulf, høgrerepresentant i Drammen bystyre, snakka om «Kvindernes krav til boligsaken», med utgangspunkt i heimen som arbeidsplass. Industriarbeidarane hadde fått sin åttetimarsdag. Men kva med arbeidsvilkåra for dei som hadde arbeidsplassen sin heime? Alle tekniske hjelpemiddel burde vera sjølvsagde, gass og elektrisitet i alle heimar. Og kvifor var ikkje kvinnene med når bustader skulle planleggjast?

Augusta Aasen, sosialistisk agitator og første kvinne i bystyret i Trondheim, meinte kvinnene burde krevja at dei pengane som gjekk til militærvesenet, i staden vart brukte til bustadbygging. Arbeidarpartirepresentanten Jeanette Olsen frå Tromsø gjekk lenger – ho meinte bustadspørsmålet berre kunne løysast med ei sosialisering av samfunnsverdiane. Som eit førebels tiltak burde ein oppmoda Stortinget til å vedta ei effektiv lov om rasjonering av bustader. Her måtte venstrekvinna Kjelsberg som ordstyrar oppmoda til ikkje å gå inn på nokon realitetsdebatt om sosialiseringsspørsmålet, bustadsaka skulle hevast over partia.

Gjennom diskusjonen vart argumenta prøvde mot kvarandre. Den kjende arbeidaragitatoren Gitta Jønsson frå Tromsø støtta kravet om effektiv bustadrasjonering. Augusta Stang, som representerte Høgre i bystyret i hovudstaden, var skeptisk til dette. Men partikollegaen Kierulf, som i utgangspunktet hadde vore imot bustadrasjonering, vedgjekk at ho hadde skifta meining.

Kongressen samla seg om konkrete krav som langt på veg samsvarte med krava frå dei engelske arbeidarkvinnene: Statsstyremaktene måtte sjå til at det fanst nok bustader, og inntil vidare måtte det gjennomførast ei regulering av all byggjeverksemd med forbod mot unødvendig bygging, «heri indbefattet luksusbygninger». For å avhjelpa den akutte bustadnauda kravde kongressen ei effektiv bustadrasjonering og ein progressiv luksusskatt på store husvære som av praktiske grunnar ikkje kunne rasjonerast. Skatten skulle brukast til bustadbygging. Raskare bustadbygging måtte ikkje gå ut over kvalitet og praktisk innreiing. Det ideelle var at kvar familie hadde sitt eige hus, og så langt råd eit eige jordstykke til kvart hus/leilegheit. Eige bad til kvar leilegheit.

Kraftkvinner

Kvinnene samla seg også om eit vedtak om «Kvindernes eliktricitetspolitik», med krav om statstilskott for å sikra meir utbygging av vassdraga for å skaffa nok elektrisitet til heimane. Ein føresetnad for eksport av elektrisitet var at det var nok til den innanlandske marknaden.

Tidspunktet for kongressen var på ingen måte tilfeldig. Tidlegare på året hadde ei ny bustadlov vore til komitébehandling i Stortinget. Resolusjonen frå kvinnekongressen vart send til Stortinget, og referert da eit lovutkast med framlegg om mellombels bustadrasjonering skulle behandlast litt seinare. Debatten gjorde klasseskilja – både i og utanfor stortingssalen – svært tydelege. Medan kvinnekongressen stilte felles krav på tvers av parti- og organisasjonsgrenser, følgde stortingsmennene partigrensene. På denne tida var det ikkje ei einaste kvinne på fast plass i Stortinget.

Ein av representantane kunne ikkje førestilla seg at «virkelige hjemmets kvinder» ville vera med på å seia «Skaf os leieboere ind her i huset!» «Man maa ikke rive [hjemmene] i stykker.» Ole O. Lian, arbeidarpartirepresentant og LO-leiar, tok kvinnene sine krav på største alvor. Etter fleire dagars debatt vedtok Stortinget å gi kommunane rett til på visse vilkår å tvangsfordela ledige husrom. Lian sitt framlegg om ei vidare fullmakt til kommunane til å gjennomføra tvungen fordeling av husrom, vart nedstemt.

Kvinnenes bustadkongress var ei eineståande hending, og fekk seriøs omtale i dei fleste større avisene. Men det politiske innhaldet vart for mykje for Aftenposten sin utsende. Han skreiv seriøst om den engelske innleiaren, men den innanlandske diskusjonen vart for sterk kost. Den omtalte han i ein petitartikkel – som kom på førstesida i Aftenposten – med overskrifta «Kvinder», der han latterleggjorde kravet om bustadrasjonering: «Disse kvinder, hvis hjerter var bløde som voks, og hvis hoveder var uklare som grød, forstaar ikke den gamle sætning, at mit hus og hjem er min fæstning.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis