🎧 Ut av stengsla
For engelskmannen John Barrow kjendest båtturen over Romsdalsfjorden som å komme ut frå innestengsle etter den lange reisa gjennom fjell- og fjordheimen.
Fjella rundt Romsdalsfjorden er høge, men sidan dei ligg på avstand, har fjorden eit ope preg. Foto: Gaute Losnegård
Foto: Gaute Losnegård
Langs Den trondhjemske postvegen del 4
Gaute Losnegård er historikar og forfattar med sterk utferdstrong og ei bestemor i Postverket. Han reiser langs den gamle postruta frå Bergen til Trondheim til fots med med sykkel, robåt og bil, og tek utflukter i Postens mangslungne historie. Del 4 av 5

Lytt til artikkelen:
På Ljøen, fem kilometer nord for Hellesylt, har Vegvesenet med god grunn laga ein svær rasteplass. Hovudvegen passerer eit kort stykke i friluft mellom to lange tunnelar i 300 meters høgde, med ei storslått utsikt mot innløpet til Geirangerfjorden. Her er det norske fjord- og fjellandskapet på sitt barskaste. «Av alle dei fjordar eg har besøkt, har ingen gjort meg så skrekkslagen som denne», skreiv franskmannen La Tocnaye i 1799. Sunnylvsfjorden minte han mest om Styx i dødsriket, eller om ei uinntakeleg festning som naturen hadde bygd, med fjorden som vollgrav.
Frå Hellesylt tok posten sjøvegen utover fjorden, men berre eit kort stykke. Fjellsida stuper bratt og skredfarleg i fjorden, som elles er utsett for lumske kastevindar. båtturen, slutta difor i Ljøen, der posten tok vegen over fjellet til Herdalen og vidare ned til Stranda. Men heller ikkje Ljøfjellet, som er den høgste passasjen på heile postvegen Bergen–Trondheim, er ei lettvint ferdsleåre. Fram til 1860-åra fanst det berre ein gangsti over fjellet, som stig bratt opp på begge sider. Verst var den stupbratte Herdalsbrekka på nordsida, der postkarane om vinteren måtte klatre etter ei tjørebreidd trosse som var festa til boltar og jernringar i fjellsida. I 1863 blei det bygt ein kjerreveg over Ljøfjellet, men allereie fem år seinare vart det bestemt at posten skulle gå med dampskip på fjorden, så dei som frakta posten, fekk ikkje nytte mykje av denne vegen.
Det var postbøndene som var ansvarlege for å få fram posten, og dei var plukka ut blant folk som ikkje budde så langt frå postvegen. Der vegen var særleg vanskeleg, skulle postbonden ha hjelp av to postkarar. Desse blei tekne ut av vernepliktige mannskap, men somme nekta. Martin Arneson, som var postbonde i Herdalen, skreiv i 1800 i eit brev til poststyret at postkaren Hans Olson Helstad ikkje hadde gjort postteneste på eit års tid, og at han hadde vore nøydd til å leige folk i staden. Postbonden hadde vore av stad til Hans og kravd at han kom tilbake, men Hans nekta – etter at han mista ein finger ville han ikkje skysse posten meir.
Det var ikkje utan grunn at det var vanskeleg å få postkarar til å ta turen over Ljøfjellet. Ein vinterdag Abraham Herdal var ute med postskreppa, løyste han ut ei snøfonn med skisporet. Abraham blei teken av raset og gravlagd i snømassane. Heldigvis stakk ein skistav opp av snøen, det vart redninga hans.
Posten vart ofte svært forseinka, og det kom klager på dette med jamne mellomrom. Det var postbøndene som laut svare bøter i slike tilfelle. Men postverket hadde sine eigne metodar for å få opp tempoet. Dei sende ut såkalla postjegerar, som skulle kontrollere postgangen og passe på at dei som frakta posten, ikkje låg på latsida. Ein gong kom det ein postjeger til Herdalen. Postbonden meinte då at vêret var for dårleg til at dei kunne leggje ut, men postjegeren stod på sitt. Dermed laut dei klatre opp etter trossa og kjempe seg vidare fram på ski gjennom snøstorm i nær 800 meters høgde. Dei kom vel fram til Ljøen med posten, men på tilbaketuren sette postbonden beint utfor Herdalsbrekka, medan jegeren blei borte i uvêret. Han hadde gått kast i kast nedover og hamna i ei snøfonn. Til slutt fann dei att stakkaren og fekk hjelpt han til gards. Etter det høyrde ikkje postbøndene der omkring meir snakk om forseinkingar.
Ljøbrekka er gjennom dei siste åra restaurert til ein turveg av god standard. Og sunnmøringane fornektar seg ikkje på dette området heller: «ikkje akkurat heilt gratis», heiter det på eit skilt med oppmoding om å vippse støttekroner til arbeidet. Også over Ørskogfjellet lenger nord er postvegen sett i stand, men då eg og kona tok ein tur dit i slutten av mai, var vegen framleis dekt av snø.
Vegen over fjellet startar på Amdam i Ørskog, der posten kom i land etter roturen frå Stranda, og går i fine, rette strekningar opp Langedalen og ned Skorgedalen til Remmem ved Tresfjorden. Det var generalvegmeister Nicolai Frederik Krogh som stakk ut denne veglinja. Vegarbeidet starta opp i 1786, men då Krogh kom på inspeksjon i 1791, oppdaga han at vegen var lagd på sørsida av Nysæternakken, ikkje nordafor, slik det var meininga. Skulda for dette fekk nokre karar som hadde stølar på sørsida, og som fann eigennytte i postvegen.
Henrik Ibsen drog over Ørskogfjellet i 1862. Han var lite nøgd med forholda han fann på gjestgjevarstaden på Vestnes: «...kommer du til Vestnes, saa tag ikke ind til Stokkeland. Den, der giver dig dette Raad, har boet der i 3 Dage, og ved, hvad det vil sige. Se indom Døren bør du dog, thi da ved du omtrent, hvorledes et Røverherberge i de tyske Romaner ser ud.»
Engelskmannen John Barrow, som drog forbi her 30 år tidlegare, fann ikkje tid til å stogge på Vestnes, sidan det låg klar ein båt med seks unge karar som var klare til å ro over til Molde. Barrow naut turen over Romsdalsfjorden i djupe drag: «Etter å ha vore totalt innestengd mellom dei norske fjella så lenge, var det ei lette å sjå seg rundt om frå båten og oppdage eit breitt og variert panorama. Det var omtrent som å komme ut i friluft etter å ha vore innestengd. Til no hadde vi reist gjennom dalføre etter dalføre, og over fjord etter fjord, alle avstengde av svære fjell. Heller ikkje her unngjekk vi desse massiva, men no kunne dei sjåast på lang avstand.»
Sett frå Vestnes syntest Barrow at det såg ut til å liggje ein by av ein viss storleik på hi sida av fjorden, men då dei nærma seg, vart det tydeleg at Molde ikkje var noko meir enn ein mellomstor landsby. Her fekk dei overnatte hjå postmeisteren, som aldri hadde teke mot utanlandske reisande før.
Til postkontoret i Molde skulle posten frå Bergen ifølgje ruta frå 1838 bruke 115 timar, eller knapt fem døgn, men om vinteren kunne turen ta mellom to og tre veker. Det var såleis eit stort framsteg då postverket sette dampskipet «Nordcap» i trafikk langs kysten mellom Trondheim og Kristiansand i 1841. Skipet brukte to døgn og fire timar frå Bergen til Molde, og eitt døgn og seks timar vidare til Trondheim. «Nordcap» frakta ikkje berre post, men også passasjerar, og turisttrafikken til den vesle kjøpstaden ved Romsdalsfjorden tok seg opp. «Vår lille by og den deilige omegn har i denne sommer vært besøkt av et stort antall reisende som man ennå for få år siden ikke skulle ha drømt om å kunne se her så hastig i sådanne mengder», skreiv amtmannen i 1844. «Innen- og utenlandske lærde og kunstnere, handelsmenn og probenreytere (handelsreisande, forf. merk.), samt engelske rikmenn har uten opphør gjestet oss, og i forening med fiskerike sunnmøringer brakt oss behagelig avveksling.»
Raskare postgang med dampskip var eit gode, ikkje minst for kjøpmenn som stod i samband med fiskeridistrikta i Nord-Noreg. Om våren venta dei handlande i Molde med lengsel på brev frå Lofoten. Kom dei ikkje, fekk kjøpmennene postmeisteren til straks å sende ekspress til Kristiansund for å sjå om posten låg der. Den styrmannen som rota med lofotbreva, risikerte å få namnet sitt i avisa.
Ein gong hende det at fleire handelsmenn venta viktig post frå Bergen, men på posthuset fekk dei beskjed om at «Nordcap» ikkje hadde hatt med noko. Det vart straks send ekspress til Kristiansund, og han nådde att båten, men berre for å få beskjed om at postposen til Molde var levert i Måløy. Då posten endeleg kom fram, hadde postruta som skulle ta med svarbreva, gått dagen før.
Store verdiar blei sende med posten, men aldri så verdifulle som den lasta som låg på nokre bilar på veg langs Fannestranda innover til Molde 24. april 1940. Før tyskarane rakk inn i hovudstaden 9. april, vart Noregs Banks lager med 41 tonn gull berga ut av byen og frakta med tog til Romsdalshorn stasjon. Derifrå gjekk det vidare med eit tjuetals lastebilar til Molde, der gullet blei plassert i kjellaren i ein konfeksjonsfabrikk, før det gjekk vidare sjøvegen til Nord-Noreg.
Aldri har moldensarane opplevd meir dramatiske tider. Konge og regjering var på flukt og kom til byen dagen før gullasta. Den 25. april la tyske bombefly store delar av sentrum i grus. Telegrafgarden, som også romma Molde postkontor, var av dei få større bygningane som stod att.
Den tyske okkupasjonen medførte sterk nedgang i posttrafikken mellom Noreg og utlandet, mens innanlandstrafikken auka kraftig. Alle dei offentlege reguleringane og rasjoneringane medførte ein utstrekt korrespondanse, og kvantumet av pakkepost steig til tidlegare ukjende høgder. Svært mange av pakkane inneheldt mat, og på postkontora var det travelt som i julestrida året rundt. Endåtil fisk blei send som pakkepost, noko som medførte at Postverket i 1943 måtte innskjerpe kravet til innpakking. Det hende nemleg ofte at omslaga på fiskepakkane vart blaute og adressene dermed uleselege.
Mange postfolk kom med i motstandsrørsla og hjelpte til med å byggje opp eit eige, illegalt postnett. Men også den legale posten blei ein del av motstandskampen, for eksempel då nazistane ville organisere ei ungdomsteneste i Molde. For å forhindre dette blei det sett i gang ein omfattande underskriftskampanje blant foreldre. Meir enn 2000 protestar skal ha passert postkontoret i byen, og aksjonen lukkast – ungdomstenesta blei avlyst.
Postvegen går vidare frå Molde innover langs nordsida av Fannefjorden og gjennom Osmarka til Angvika ved Tingvollfjorden. Vegen skal ha vore køyrande allereie i 1790, ifølgje den danske professoren Frederik Sneedorff. Han brukte si eiga vogn og skriv at vegen gjekk «lige uden Kroge», noko som var sjeldsynt i Noreg. Men vegen var steinete, noko som var dobbelt hardt for ein som reiste med eiga vogn og framleis hadde att hundre mil å køyre. Kvart puff angreip både sjel og lekam, fortel han.
I 1797 vart det oppretta ei sidepostrute frå Molde til Kristiansund. Denne gjekk som ridande post frå Heggem i Osmarka til Torvik og derifrå sjøvegen vidare. Heggem blei eit viktig knutepunkt, med skysstasjon og postopneri, ikkje minst etter at det kom ei ny postrute frå Gudbrandsdalen til Molde og Kristiansund i 1822. Post frå hovudstaden til Romsdal og Nordmøre slapp dermed gå den lange omvegen via Trondheim.
Skysstasjonen på Heggem er i dag vakkert restaurert. Eigarane fekk verneprisen til Fortidsminneforeininga i 1999. Også den gamle handelsstaden i Angvika har gått gjennom ei svær renovering og er no bygd ut til eit luksuriøst hotell med spa og konferanserom.
Frå Angvika vart posten rodd over fjorden til Tingvoll. Tidlegare gjekk det ferje over fjorden her, men då Krifast, det storstila fastlandssambandet til Kristiansund og Frei, opna i 1992, blei ferjesambandet nedlagt, og i dag lyt ein ta omvegen, som er på ikkje mindre enn sju mil, rundt. Ferjestrekninga mellom Angvika og Tingvoll var elles den siste som blei lagd inn under det mektige fylkesreiarlaget MRF. Fram til 1971 dreiv eit privat reiarlag sambandet med B/F «Tingvoll» som gjekk under tilnamnet «Tingvollfjordens kvite svane». Men det gjekk ròte i treskroget på den vakre ferja, og ho laut kondemnerast. Dermed var det slutt for det private selskapet, og det offentlege rykte inn og overtok.
Gaute Losnegård
Gaute Losnegård er historikar og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det var ikkje utan grunn at det var vanskeleg å få postkarar til å ta turen over Ljøfjellet.
Då posten endeleg kom fram, hadde postruta som skulle ta med svarbreva, gått dagen før.
Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Teikning: May Linn Clement
Til å verta kvalm av
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.