🎧 Soga om Isak
Dersom soga om Abraham forsvinn frå det kollektive minnet i Vesten, vert nasarearskikken mindre forståeleg, og abrahamsreligionane jødedom, kristendom og islam nokså uforståelege.
Caravaggio (1571–1610): «Ofringa av Isak» (1603), kunstgalleriet Uffizi, Firenze, Italia. Frå venstre: engelen, Abraham, Isak og vêren. Røntgenanalysar syner at målaren nytta same modell til sonen og engelen.
Kven var
nasarearane?
Del 2 – Abraham
Me kan fylgja dei frå Mosebøkene og «nasarearrørsla» på Jesu tid til muslimsk praksis. Nasarear, tilnamnet til Jesus, er framleis arabisk og hebraisk nemning for ein kristen.
Nasarearloven har vore: Ikkje drikka vin, ikkje klippa håret, kle seg i kvitt, dra som pilegrim til heilagdomen, ofra dyr, raka hovudet.
14. august:
Del 1. Noah
Noah planta ei vinmark og drakk seg full. Er det difor nasarearane er avhaldande, for livet eller for ei tid, i ein draum om tida før flaumen, då det var kjemper på jorda?

Lytt til artikkelen:
havard@dagogtid.no
Kva kan Abraham fortelja om nasarearane? Sjølve soga om han må med. Førre gong sette eg ikkje av plass til å resymera soga om Noah. Eg trudde ho var kjend. Det er ho ikkje. Og det er noko nytt.
Leonard Cohen sa kort tid før han døydde i 2016, at mange no ikkje skjønar songane hans av di dei byggjer på eit bibelsk stoff som vert gløymt. «Hallelujah» er eit godt døme. Eit anna er «Story of Isaac» (Songs From a Room, 1971), som det høver godt å sitera frå.
Fødselssoga
Men fyrst fødselssoga til Isak. Det er aldri for seint å skipa familie. Då Abraham var 99 år gamal, synte Herren seg for han, står det i Fyrste Mosebok 17, og sa: «Eg vil gjera deg svært fruktbar, ja, gjera deg til mange folkeslag.»
Patriarkane var menneske, og slik Noah drakk seg full, gjorde Abraham og Sara Gud til lått: «Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Han sa til seg sjølv: ‘Kan ein som er hundre år gammal, få barn? Og kan Sara føda, ho som er nitti år gammal?’»
Forfattaren forklårar: «Abraham og Sara var gamle, langt oppi åra, og Sara hadde det ikkje lenger på kvinners vis. Difor lo Sara med seg sjølv: ’Skulle eg kjenna lyst, utsliten som eg er?’»
I 1938-omsetjinga lo Sara: «Skulde eg få hug, endå so gamal og skrukkut som eg er?»
Men barn vart det, og guten fekk namn etter reaksjonane til foreldra: Isak tyder lått.
Og slik vassflaumen enda i ei ny pakt, med regnbogen som teikn, enda Isaks fødsel i ei ny pakt – med kva som teikn? «De skal la forhuda bli omskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk.»
Då var Isak åtte dagar og halvbroren Ismael tretten år, og nett same alder har jødiske og muslimske guteborn når dei vert omskorne i dag. Somme skikkar held seg gjennom tusenåra.
Paulus sytte for at skikken, i lag med Moseloven, ikkje heldt fram i kristendomen.
Skattlegging av fyrstegrøda
Det guddommelege svangerskapet og fødselssoga til Isak vart modell for fødselssogene til kjende nasarearar som krigaren Samson, profeten Samuel og døyparen Johannes: Dei barnlause para fekk ikkje barn før Gud gav dei eit.
Kva er moralen? Av di Gud, ikkje naturen, gav dei barnet, eig Gud det.
Me assosierer fyrstefødde med odel. Den fyrstefødde eig jorda, og jorda eig den fyrstefødde. Tarjei Vesaas får fram tvisynet i romanane om ein odelsgut som høveleg nok heiter Per Bufast.
Ein abrahamsk fyrstefødd kan ein kalla Isak Gudfast – som ikkje er omfatta av odelsrett, men av skatteplikt. Ein skatt til Gud, i røynda til prestane, eigentleg til staten: i tempelkulten låg mange oppgåver på statsnivået.
Skattlegginga, også kjend som tiende, omfatta all fyrstegrøde, av menneske, buskap og avlingar.
Skatteloven
Skatteloven finst i Fjerde Mosebok, i lag med nasarearloven, for dei heng saman. Slik er soga: Israels tolv stammar er på veg gjennom ørkenen frå slaveri i Egypt til erobring av Kanaan.
Siste natta i Egypt gjekk dødsengelen frå dør til dør og drap alle fyrstefødde, dei var jo Guds eigedom, men hus der blodet av eit offerlam var stroke på dørstolpane, vart passerte, passed, eit ord og ei hending som vart til påske, ei høgtid mange framleis feirar, somme på ski.
På ørkenvandringa kom nye lover frå Sinai-fjellet, mellom andre dei ti bodorda, men òg ein endra og forenkla skattelov om fyrstefødde.
Det byrja med ei folketeljing der ute i sanddynene, for å mønstra krigarar frå dei tolv stammane. Men éin stamme, Levi, vart halden utanfor.
Levittane
Levittane skulle ikkje verta krigarar, men prestar og tenarar i tabernaklet, det nomadiske gudshuset, seinare i templet. Kvar og ein har si rolle.
Og ikkje nok med det. Det høvde seg så lagleg at talet på levittar var det same som talet på fyrstefødde. Slik vart skatteloven forenkla. Før skatta kvar familie ein fyrstefødd. Som skatt tok no Gud i staden levittane – prestane og tempeltenarane.
Dei høyrde no til Gud, og når dei gjorde teneste, laut dei fylgja ein særskild reinleikslov.
Nasarearloven
Og om no ein ikkje-levitt, ein lek, vigde seg til Gud, for ei tid eller for livet, laut han eller ho leva som ein prest.
For desse leke vart det laga ein eigen lov, nasarearloven, nokså lik presteloven, på somme punkt like streng som loven for øvsteprestane.
Folk vart nasarear av mange grunnar. Éin hadde ikkje pengar til dyra ein laut ofra ved høgtider eller for å sona eit brot, men kunne som nasarear betala ved å «ofra seg sjølv», symbolisert ved håret ein raka ved heilagdomen. Ein annan hadde ein sjuk slektning og vart nasarear i von om å få slektningen frisk att.
Under krig og okkupasjon kunne ein avleggja eid om å leva som nasarear til krigen var vunnen og riket vart oppretta att, som urnasarearen Samson, som, ifylgje somme, Johannes døyparen og Jesus nasarearen – og frå andre himmelstrok: ikkje så ulikt Harald Hårfagre, som i legenda lova ikkje å klippa håret før riket vart samla.
Nyfiken ung
Å fortelja om Hårfagre til thaiar, som ikkje har høyrt om korkje Hafrsfjord eller Ynglingeætta, om lag slik er det å fortelja om abrahamsreligionane til ein vestleg. Reaksjonane på Noah-episoden kan ein dela inn etter alder:
Dei eldste, fødde kring krigen, kjenner sogene frå barndomen, same kva livssyn dei elles fekk, og set pris på å høyra dei på nye vis.
Verre er det for dei middelaldrande. Dei hugsar ei skuletid der KRLE-faget var ein einsleg, statleg K, og ser ikkje heilt poenget i å henta fram att ei utdatert, patriarkalsk, smått traumatisk soge. At me no delar ho med katolske og muslimske innvandrarar, har ikkje slått dei. Det kunne elles ha vore eit formildande omstende.
Dei yngre, fødde etter 1980, er nyfikne. Dei vil vita, for dei veit at dei ikkje veit stort om dette, og at den nye vankunna stort sett er vestleg. I eit vantru Vesten har ein jo høve til å sjå dei gamle sogene frå ein heilt ny og sekulær ståstad.
Frå null
Nyfikna deira byrjar på nullpunktet. Abraham. Lincoln? Golgata. Gågata?
Det vesle dei unge veit om abrahamsreligionane, dreiar seg om ulikskapen. At så mykje er sams, til dømes omgrepet og tradisjonen nasarear, veit dei ikkje. Her er ein stad å byrja:
Jødar les hebraiske tekstar frå kring 500 f.Kr., kjende som Tanakh, Den hebraiske bibelen eller Det gamle testamentet (GT), om mellom andre Noah, Abraham og Moses.
Kristne les greske tekstar frå kring 100–200 e.Kr., kjende som Den kristne bibelen eller Det nye testamentet (NT), mellom anna med soger og personar frå Tanakh.
Muslimar les arabiske tekstar truleg frå kring 700 e.Kr., kjende som Koranen, mellom anna med soger og personar frå Tanakh og NT.
Abraham
Har det omfattande fellesstoffet ein hovudperson? Ja. Kven? Ikkje Jesus, unemnd i Tanakh, og ikkje Muhammed, unemnd i Tanakh og NT, men Abraham. Så sentralt står han at dei tre religionane i sum vert kalla abrahamsreligionane.
Han er far til halvbrørne Ismael, muslimsk stamfar, og Isak, jødisk stamfar, og genetisk forfar til Jesus òg.
Abraham er den fyrste storprofeten etter Noah. Slik Adam er «tipp x 6»-oldefaren til Noah, for å halda oss til Mosebøkene, er han «tipp x 17» til Abraham – og «tipp x 73»-oldefaren til Jesus, for dei som ikkje veit at desse ættetavlene strekkjer seg inn i Den kristne bibelen òg, høvesvis evangelia til Matteus og Lukas.
I kristendomen er Abraham åndeleg stamfar og opphavsmann til trua. Paulus skriv til dei jødekristne i Roma: «Kva skal vi då seia om Abraham, vår jordiske stamfar? Kva oppnådde han? Vart Abraham rettferdig for Gud på grunn av gjerningar, då har han noko å vera stolt av. Men det har han ikkje for Gud. For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig.»
Menneskeofferet
Korleis gjekk det vidare med Isak? Det er meir nasarearstoff i abrahamssoga. Som fyrstefødd var Isak som nemnt berre eit lån. Han var eigd av Gud, som difor kunne krevja guten att.
Og det gjorde han: «Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar, og dra til landet Moria! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, det som eg seier deg.»
I jødisk tradisjon er staden sjølve tempelhøgda i Jerusalem, åstad for seinare ofringar. I islamsk tradisjon ligg fjellet nær Mekka og Kabaen, målet for ei pilegrimsferd som Abraham og sonen – Ismael, ikkje Isak – initierte, ei ferd som vert praktisert i dag òg, med fleire spesifikke nasarearmarkørar.
Isak-ofringa er tolka i tallause kunstverk, dikt og songar, i gamal og ny tid, som i Bob Dylans rappføtte «Highway 61 Revisited» (1965), attdikta av Jan Erik Vold (Damer i regn, 1977). Fyrste strofe:
Gud sa til Abraham: Slakt meg en sønn!
Abraham svarte: Nå fleiper du, mann?
Gud sa: Abraham! Abraham sa: Hva?
Gud sa: Du hørte godt hva jeg sa
Den som sluntrer unna nå, han får det ikke kjekt
Abraham sa: Hvor skal du ha guttungen stekt?
Gud sa: Rett her nede, på Europavei 6
Soga om Isak
Mosebøkene held fram: «Abraham tok offerveden og la han på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei saman, dei to.»
Då er me midt i Leonard Cohens tenksame «Story of Isaac». Alderen til Isak, unemnd i Mosebøkene, vart av Cohen sett til ni år, så gamal som han sjølv var då far hans døydde. Fyrste strofe:
Døra opna seg sakte
Far min han kom inn
Eg var tretten år
Han var så høg og diger
Auga blå og skarpe
Røysta kald og klår
Han sa: «Eg har hatt ein syn
Og du veit at eg er heilag
Eg må gjera som dei sa»
Og han gav seg opp i fjellet
Eg smålaup og han trava
Det skein i eit økseblad
Den knappe sagastilen i Mosebøkene gjev ikkje ofte plass til emosjonelle detaljar: «Då sa Isak til Abraham, far sin: ’Du far!’ Og han svara: ’Ja, son min.’ Han sa: ’Sjå, her er elden og veden, men kvar er brennofferlammet?’»
Falsk alarm
«Story of Isaac», som mange med meg høyrde Cohen framføra i Sentrum kino i Oslo i 1985, og på Kalvøya same år, held fram:
Trea vart langt mindre
Innsjøen ein spegel
Me stogga og drakk vin
Han kasta flaska bak seg
Eg høyrde at ho knuste
Han la neven sin på min
Eg trur eg såg ein ørn
Om det ikkje var ein gribb
Det fann eg aldri ut
Så bygde han eit altar
Såg seg knapt over skuldra
Eg var ein lydig gut
Men det var falsk alarm. Sonen vart berga. Ein engel kjem og fortel at Gud har gjort om avgjerda, og faren finn i staden ein hannsau å ofra.
På ein norsk preikestol frå barokken vart Isak berga ved at ein fleskeengel slo lens i ein stråle som fukta krutet i muskedunderen til Abraham, som dimed klikka. Og Caravaggio, syner røntgenundersøkingar, nytta éin og same modell som son og engel –?som om det i røynda var røysta til sonen som fekk faren til å senka dolken.
Renninga i veven
Han som gjev son sin, den einaste, som eit syndoffer – det er éin verdsreligion summert i ti ord henta frå ei hending i ein annan verdsreligion: «Ta son din, den einaste, han som du elskar, og ofra han.» Utgangspunktet for soga om Isak er så å seia ord for ord det som kristne kallar «den vesle Bibelen» (Joh. 3,16).
Soga om Abraham har vore mellom verdas mest kjende, for jødar i 3000 år, for kristne i 2000 år og for muslimar i snart 1500 år, men på få tiår er ho i ferd med å forsvinna frå det kollektive minnet til vestlege, om lag slik kjennskap til norrøn gudeverd og soge ein gong forsvann.
Og slik me har greidd oss greitt utan dei, skal me vel greia oss utan desse midtaustenforteljingane òg, sett bort frå at mykje kunst og dikting vert framand? Kvifor henta sogene fram att?
Ikkje for å rehabilitera kreasjonismen, men for å skilja logos og mythos, vitskap og kunst, statistikk og soge, for å kjenna soger me har sams med andre.
Ikkje på grunn av historisiteten, som er tvilsam, men intertekstualiteten: Jødiske, kristne og muslimske tekstar er vovne saman, med abrahamssoga som renning. Det var kring den soga evangelistane og Paulus bygde kristendom, som eigenleg vert uforståeleg utan.
Nett her og no er abrahamssoga ein viktig etappe når me fylgjer nasarearsporet på tvers av dei tre abrahamsreligionane.
Dei spesifikke nasarearboda om mellom anna hår og vin kjem me til neste gong, i soga om Moses og Moseloven. Soga om Isak fortel om premissane: Ein midtaustenmyte om heilage lekfolk som gjev seg over til guden og vert viljuge til å ofra seg sjølve og andre i martyrdom, i von om at riket vert oppretta, her eller hisides.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Same alder som Isak og Ismael har jødiske og muslimske guteborn når dei vert omskorne i dag.
Éin verdsreligion vert summert i ti ord henta frå ei hending i ein annan verdsreligion.
Fleire artiklar
Eit større forsvar treng fleire folk. Neste år vil regjeringa tilføre Forsvaret 300 nye årsverk, i overkant av 400 fleire vernepliktige i førstegongsteneste og i overkant av 600 fleire reservistar. Biletet viser unge som tok del i ei opptaksprøve til bachelorutdanning i Forsvaret på Sessvollmoen i fjor.
Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Mangel på personell kan bremse Forsvaret
Forsvaret er budsjettvinnar i år, men manglar fagfolk. – Vi er på grensa til ei krise, seier forbundsleiar Torbjørn Bongo.
Firda på Sandane i Nordfjord er ein av få vidaregåande skular som tilbyr både drama-, dans- og musikkfag. Elevar frå 21 kommunar søker seg hit. Likevel heng trusselen om nedlegging av linjer over han.
Foto: Firda vgs / Vestland fylkeskommune
Slaktar skular med sparekniv
Når fylkeskommunane må kutte, går det hardt ut over den vidaregåande skulen. Fag, linjer og heile skular forsvinn.
Moses i bokhandelen ved San Antonio University der han arbeider når han ikkje studerer psykologi.
Alle foto: Håvard Rem
Sekstiåttarkryptonitten
SAN ANTONIO: Unge ikkje-vestlege vert lett konservative.
Dei kjem frå tradisjonstru kulturar som ikkje dreg på vestleg skuld.
Teikning: May Linn Clement
Kommunale kvelartak
Den romslegare økonomien til folk flest vert eten opp av dei økonomiske problema til kommunane.
Dette er dei 97 gislane tekne av palestinarar 7. oktober 2023 som framleis er sakna.
Kjelde: «Hostages and Missing Families Forum»
I hendene på Hamas
For eitt år sidan bortførte terroristane meir enn 240 menneske frå Israel. Nokre er sette fri og kan fortelje om grufulle opplevingar. Andre har døydd i tunnelane til Hamas.