JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

🎧 Når makta misliker flagget

Fem gonger i norsk soge har makta vore misnøgd med flagget. Sams for misnøyet er overnasjonale ambisjonar og elitistisk frykt for folkedjupet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Barnetog i Vadsø 17. mai 1945. I bakgrunnen ruinar av øydelagde hus.

Foto: NTB / scanpix

12996
20200515
12996
20200515

Lytt til artikkelen:

havard@dagogtid.no

Nasjonsflagg er maktsymbol, men soga til det norske flagget er annleis – som eit symbol for opprør og sjølvstende, fridom og glede, eit symbol makta stundom har mislikt.

Om dei store gledesstundene i livet heiter det på norsk at dei er «som 17. mai og jolaftan på ein gong». Barnleg jubel har ofte handla om flagget – på 17. mai, sjølvsagt, men andre dagar òg. Flagg har tydd fest og feiring. Frigjeringsvåren var foreldra mine trulova. Som gut vakna eg grytidleg på jolaftan, medan det framleis var mørkt ute, for å sjå treet stå pynta i stova, med ljos og bjøller, englar og fire–fem flaggliner frå stjerna øvst. Betlehem og Eidsvoll – og Bislett: Etter nyttår lydde jubelen kring radioen når me slost på skeisebanen – med flagget på brystet. Og vår og haust på landskamparenaer i fotball, då gjerne med mindre jubel. 

Kongeflagget

Det fyrste norske flagget, løvebanneret, er i dag kongeflagg: raud botn med gyllen løve og øks i det hjørnet der andre raude faner har gyllen sigd og hammar. 

Det finst avbildingar av løvebanneret frå 1200- og 1300-talet, men skikken med eit rovdyr på raud eller kvit botn går attende til førkristen tid. I slag i norrøn tid vart ramnefana nytta, Odins ramn i svart på raud botn. Også drake og ørn vart nytta. Løva kom truleg inn frå jødisk mytologi, der løva symboliserer kongemakt, i tidleg kristen tradisjon Kristus. 

Så seint som i 1698 skal det ha vaia over Akershus festning, truleg for siste gong i dansketida. Gjennom eineveldets fyrste hundreår, 1600-talet, vart det danske flagget vanleg å nytta på skip og festningar.  

Dannebrog

Flagget som tok over, var det danske, Dannebrog (brog tyder ’tøystykke’, brok). Når ein i turistbutikkar på Strøget i København ser vikingskip med dansk flagg, er det ikkje heilt historisk korrekt, men Dannebrog er verdas eldste nasjonsflagg som framleis er i bruk, og fann si form i krossfarartida kring 1200, truleg med paveleg tilsegn. 

Med reformasjonen høvde det ikkje å knyta nasjonsmerket til paven, og fana fekk ei ny opphavssoge: På ei slagmark kring 1200 fall ho ned frå himmelen og vende tap til siger for danskane – ei soge truleg inspirert av soga om keisar Konstantin den store, som under eit slag i 312 såg krossteiknet på himmelen og utbraut: «I dette teiknet skal eg sigra.» 

Kring reformasjonen vart ikkje berre opphavssoga endra, men forma og krossen òg, frå kvadratisk til rektangulær, frå fleirmytologisk solkross til kristen galgekross. 

Dansk misnøye

I 1748 vart det danske flagget det einaste lovlege handelsflagget i riket. Årstalet gjev meining: Det danske grepet om Noreg vart ikkje gradvis lausare etter at Noreg vart redusert til eit lydrike under reformasjonen i 1537. På mange felt vart grepet strammare. På 1730-talet kom den obligatoriske konfirmasjonsundervisinga og skuleforordninga som styrkte fordanskinga, og i 1748 vart det norske flagget forbode. 

Eineveldet hadde på den tida tydelegvis trong til å rydda opp i flaggpraksisen. I 1743 vart det svarte og kvite sorgflagget avløyst av Dannebrog på halv stong. 

Då Danmark i 1814 laut gje frå seg Noreg til Sverige, som straff for å ha valt feil side i napoleonskrigane, der Sverige valde rett, i von om å få Noreg, kom spørsmålet om norsk flagg opp. Eit dansk framlegg var grå kross på grøn botn, kan henda etter uniformsfargane til skilauparane i det norske jegerkorpset, kan henda for å etablera grønt som norsk nasjonsfarge – grundig drøfta av Bjørn Bratbak (1990) og Jan Henrik Munksgaard (2012). Men valet fall på det danske flagget, fornorska med ei riksløve i hjørnet, med ei levetid på berre sju år. 

Meltzer-flagget

Neste år feirar det noverande norske flagget 200 år. I 1821 vedtok eit stortingsfleirtal framlegget til bergensaren Frederik Meltzer om eit dansk flagg med ei blå stripe i det kvite. Vedtaket vart gjort 17. mai, sju år etter riksforsamlinga på Eidsvoll der Meltzer tok del.  

Fem argument vart nytta i den unge, fattige nasjonen til føremon for framlegget til Meltzer: 

1) Det var nøysamt. Danske flagg kunne no nyttast om att ved å klippa dei opp i fire og sy inn striper av blå flaggduk. 

2) Det var enkelt. Andre framlegg nytta stjerner og riksløve, men Meltzer meinte slikt var vondt å sjå til sjøs i dårleg vêr. Slik argumenterer ein i dag òg, om merkevarer som skal høve i mange format. 

3) Det var fridoms­elskande. Raudt, kvitt og blått var fargane i flagga til demokratiske statar, noterte Meltzer, og «betegne Friheden, saaledes som vi have seet det i det franske Friheds Flag, og endnu see det i Hollændernes og Americanernes Flag, og Engellændernes Union».

4) Det var høfleg. Det tok med seg fargar frå flagga til båe dei større grannelanda – blått frå Sverige, raudt og kvitt frå Danmark. 

5) Det var tradisjonsmedvite. Det slutta seg til den nordiske krossflaggtradisjonen, som i dag omfattar flagga til Danmark, Finland, Sverige, Noreg, Island, Færøyane, Orknøyane og Shetland. 

Folkeflagget

Det norske flagget har ikkje fått eit eige namn, som Dannebrog i Danmark, Union Jack i Storbritannia, Trikoloren i Frankrike og Stjernebanneret i USA. Flagget, kallar me det berre. Skulle ein kalla det noko, til skilnad frå handelsflagg, statsflagg, orlogsflagg og kongeflagg, hadde eit naturleg namn vore folkeflagget

Det er det historisk dekning for. Det norske flagget vart til i ei tid då flagget i somme land kom i ålmenn bruk. Det var kring 1830 at danskane byrja å nytta Dannebrog som folkeflagg. I tjue år vart det så flaggforbod for vanlege danskar, før dei igjen fekk lov til å nytta flagget fritt, i 1854, kort etter at dei hadde fått grunnlovsfesta trykkjefridom, ein mannsalder etter Noreg. 

Svensk misnøye

Slik Noreg hadde vore ein siste rest av det fallerte danskeveldet, vart me òg siste kapittel i soga om Sverige som stormakt. For svenskane var det ikkje naturleg at den underlegne unionsparten hadde eige flagg, og dei føreslo eit svensk flagg med riksløve, slik me frå 1814 til 1821 hadde hatt eit dansk flagg med riksløve.

Men på papiret var me jamstilte, og i 1844 kom Sverige Noreg i møte med jamstilte flagg: Eit hjørne i båe flagga vart utstyrt med eit unionsmerke, av svenskar kalla sillsalad – dei likte ikkje at flagget til Karl XII vart grisa til med fargar som minte om tomat- og sennepssild. Men tidsånda var skandinavistisk, og i Noreg var ein godt nøgd med jamstillinga. 

Men berre i byrjinga. Femti år etter Meltzers framlegg kom den norske kampen for å nytta eige flagg fritt. Bjørnstjerne Bjørnson, som i 1859 hadde skrive «Ja, vi elsker», gjekk i spissen. I 1870-åra oppstod ein folkeleg, sjeldan og norsk tradisjon i verdas variantar av nasjonaldagsmarkering: barnetog med viftande handflagg.

Tusenårsmarkeringa av Harald Hårfagres siger i Hafrsfjord i 872, og samlinga av Noreg til eitt rike, tok ikkje omsyn til Sveriges misnøye. «No er det ikkje vandt um Stas og Staak og dundrande Talar og klingande Visor», noterte Ivar Aasen i 1872. «Allstad sjaa me det norske Flagget; allstad høyra me tala um Harald Haarfagre.»

Som ved tidlegare og seinare høve i norsk historie: Makta, no svenskekongen, kunne tolerera offisielle markeringar, men mislikte dei folkelege. I 1880-åra kom ei ung Hulda Garborg til hovudstaden, der ho fekk arbeid i ein butikk som selde det norske flagget under disk. Det folkelege engasjementet, leidd av Venstre i Stortinget, voks, og i 1899 vart unionsmerket fjerna frå det norske flagget. Svenskane heldt på det til unionsoppløysinga i 1905. 

Kommunistisk misnøye

Arbeidarrørsla i mellomkrigstida – den gong som no delt i ei moderat og ei radikal fløy – såg med tvisyn på nasjonale symbol. Dei var misbrukte av eit NS utan folkeleg oppslutnad, dei var pynt for borgarskapen, og dei var ideologisk gift for dei Moskva-tru internasjonalistane. Flagg og nasjonalsong forsvann frå markeringane, men spørsmålet kravde ei avklaring då Arbeidarpartiet – etter ei gjesteoppvising i 1928 – vart regjeringsparti i 1935. Martin Tranmæl åtvara mot ei borgarleg-nasjonal tilnærming, medan ein ung og offensiv Trygve Bratteli i 1936 spurde om 17. mai: «Skal vi la dagen avvikles, eller skal vi erobre den?» Han svarte sjølv: «Ta dagen og gi den nytt innhold.»

I 1937 såg ein norske flagg i 1. mai-toga og arbeidarrørsla i 17. mai-toga. Mindre nøgde var dei radikale i den rørsla som skulle styra landet dei neste tiåra. 1937 var òg utgjevingsåret for samlinga Den røde front av Arnulf Øverland, der diktet «Rent flag» opnar slik:

Stryk kristenkorset av ditt flag,

og heis det rent og rødt!

La ingen by dig det bedrag,

at «frelseren» er født!

Okkupasjon og fangenskap forandra Øverland, som seinare skreiv kongedikt. 

Tysk misnøye

Maktas tilhøve til flagget var sjeldan svart-kvitt, heller ikkje under okkupasjonen. Ofte var det like mykje tale om misnøye og restriksjonar som om reine forbod. 17. mai 1940, berre ein dryg månad etter invasjonen, medan krigshandlingar framleis gjekk føre seg, var flagging forbode, men alt 17. mai året etter tillét tyskarane ein viss mon av flagging.

Men det vart meir enn ein mon, og reglane vart skjerpa. Handflagg vart forbodne, og bruk av flaggfargar på klede. Gjennom det meste av krigen var flagging frå stong på offentlege flaggdagar tillate, men vanlege folk fekk ikkje nytta folkeflagget slik dei hadde lyst til, ikkje før frigjeringsvåren 1945 kom som ein vandrande flaggfest.

Overnasjonal misnøye

Den femte og førebels siste perioden med maktas misnøye med folkeflagget byrja kring 2005 – dels som ein internasjonalistisk draum om frihandel, dels som ein grøn hippiedraum om éi verd, dels som ei frykt for nasjonalistiske rørsler i folkedjupet.

Konflikten mellom ein folkeleg kamp for nasjonal sjølvråderett og ein elitistisk internasjonalisme kan ein fylgja attende til folkerøystingane om EU-medlemskap i 1972 og 1994, men fyrst etter tusenårsskiftet byrja etablissementet for alvor å distansera seg frå nasjonale markørar, dels som ein reaksjon på at ytre høgre – som i mellomkrigstida – auka bruken av nasjonale symbol. 

I 2006 kravde norske ambassadar i utlandet at eit tysk klesmerke, populært mellom yngre nasjonalistar, slutta å nytta det norske flagget som designelement. I 2008 bytte Noregs Fotballforbund ut krossen i landslagsemblemet, «flagget på brystet», med ein drake, men laut sidan trekkja framlegget etter massiv folkeleg motstand. Ein nasjonal markør som vikingskipet vart i 2003 fjerna frå logoen til Hydro og i 2006 frå logoen til avisa Vårt Land. Og i vanlege norske heimar vart det for fyrste gong eit tema om det var rett å ha norske flagg som del av pynten på joletreet. 

Kvifor vel ikkje internasjonalistane i dag den offensive «ta flagget tilbake»-strategien som Arbeidarpartiet lukkast med sist i 1930-åra? Kan henda av di dei overnasjonale draumane deira framleis er levande, medan verdskommunismen som idé etter kvart døydde på venstresida. Sjølve nasjonsomgrepet, som i mellomkrigstida vart mislikt av eit fåtal sosialistar, har i dag vorte tvilsamt i sentrum og til høgre òg. Å nytta flagget i anna enn offisielle samanhengar er for mange smaklaust. For ein statsråd er det verre å bli sett med eit flagg på jakkeslaget enn med ein sigarett i munnvika – sett bort frå på dagar ein kan unna seg ein sigar. 

Samnemnaren

Finst det ein samnemnar for makta og elitane i dei fem tidsromma dei har vore misnøgde med det norske flagget? Nei, til det har vel makthavarane vore for ulike? Men jau, to samnemnarar finst: For det fyrste kjem maktas misnøye med flagget av at makta har vore misnøgd med Noreg som politisk og juridisk eining og drøymt om noko større, det vere seg danskeveldet, Stor-Sverige, verdskommunisme, pangermanisme eller kva det no måtte vera. Den andre samnemnaren for maktas misnøye med det norske flagget er frykta for kva som rører seg i folkedjupet, kva vanlege menn og kvinner eigentleg går kring med av tankar og idear. Eit folk kan ein aldri heilt lita på – det veit politikarar som ikkje er historielause. 

Summen av dei to samnemnarane er vel då helst at makta og eliten tenkjer at dei veit best kva som er best for landet – og for dei sjølve. 

Fem kvalitetar

Det er ufatteleg at me framleis held oss med flagget når me veit kor tvilsamt det er, med opphav i ei krigersk krossfarartid, og med eit religiøst hovudsymbol, lite tilpassa eit sekulært samfunn – ja, rett og slett som eit symbol for noko så umusikalsk og vulgært som nasjonale kjensler. 

Men på den andre sida: At framlegget til Frederik Meltzer vart valt som norsk flagg i ei demokratisk avgjersle mellom folkevalde, kom av fem kvalitetar som dei fleste ynskjer at dei kunne leva opp til i dag òg, 199 år etter. Kven vil vel ikkje verta rekna som nøysam, enkel, fridoms-
elskande, høfleg og tradisjonsmedviten?

God 17. mai!

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Stryk kristenkorset av ditt flag, og heis det rent og rødt!»

Flagget er nøysamt, enkelt, fridoms-
elskande, høfleg 
og tradisjonsmedvite.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis