Sjakk
Historia om utfordraren
Carlsen–Caruana er årets melodi i sjakkverda. Eit frampeik på duellen kom alt i førre veke.
Sjakklagnaden ville ha det til at Caruana og Carlsen skulle møtast berre få dagar etter kandidatturneringa, i fyrste runde av Grenke Chess Classic.
Foto: Fiona Steil-Antoni
Kandidatturneringa er eit trongt nålauge. I fem år har sjakkmiljøet drøymt om VM-kampen mellom verdsmeister Magnus Carlsen og utfordrar Fabiano Caruana. Det vert ein prinsipiell duell til hausten der intuisjonen til Carlsen og kjensla hans for harmoni møter varianttung opningsteori og taktiske rekneoperasjonar.
VM-historia
Kandidatturneringa er den viktigaste turneringa i sjakken. Over henne står berre VM-kampen. VM-historia i sjakk går attende til 1886 og tel ei eksklusiv rekkje med berre 16 meistrar. Dei fyrste 60–70 åra var prega av uvisse, der utfordraren vart den toppspelaren som kunne skaffa pengar til kampen. Dette endra seg då sovjetarane gjekk inn i verdssjakkforbundet FIDE etter den andre verdskrigen. Endeleg vart det orden i sakene, og sjakkverda fekk den fyrste seriøse kandidatturneringa i 1950.
Den viktigaste oppgåva til FIDE er kan henda å arrangera ein rettvis verdsmeisterskap. Det har ikkje alltid gått smertefritt. Til dømes klaga Bobby Fischer på at sovjetarane i kandidatturneringa spela snøgge remisar mot kvarandre og spara kreftene til å slå utlendingane. Ein ung Magnus Carlsen ville ikkje vera «kandidat» i 2011, då han for fyrste gong hadde ein reell sjanse til å kvalifisera seg til VM-kamp. Lukkelegvis endra han synspunkt i 2013 då FIDE justerte formatet for turneringa. Carlsen vann med minimal margin føre Vladimir Kramnik og vart soleis utfordraren til Vishy Anand i 2013.
Den nye norske verdsmeisteren var dobbelt uheldig i 2014 då FIDE endra syklusen til «partalsår», og gamle Anand vann kandidatturneringa føre Sergej Karjakin. Carlsen var ikkje særleg motivert for å spela mot Anand alt året etter den fyrste matchen, og vurderte å seia frå seg tittelen då VM-kampen skulle spelast på den russiske Svartehavskysten, ikkje lenge etter annekteringa av Krim.
Men Carlsen kom og vann i Sotsji hausten 2014. To år seinare var det guten frå Krim, Putin-venen Karjakin, som vann kandidaturneringa føre Caruana, men russaren tapte mot Carlsen i VM-kampen i 2016.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.