Mat

Heit haust

Reker med chili. Sausen er laga med 2 delar lime, 1 del fiskesaus, thai chili og kvitlauk.
Reker med chili. Sausen er laga med 2 delar lime, 1 del fiskesaus, thai chili og kvitlauk.
Publisert

Åt vi nordmenn heite krydder i gamle dagar? Utan å ha forska grundig på det vil eg seie at svaret er nei. Ser eg på min eigen oppvekst, meiner eg at dei einaste kryddera mor mi brukte gjennom året, var salt, pepar og iblant karri, viss ho skulle slå ut håret.

I kjøtkakene var det muskat, og i julekakene vanka kanel, allehande og ingefær. Norsk tradisjonell husmannskost er frå gamalt av ikkje noko ein blir spesielt heit i toppen av.

Så kom det ville åttitalet, og alt blei annleis. Då dei amerikanske industriversjonane av taco (huff a meg) blei populære, hugsar eg at enkelte av venene mine toppa tacoskjella med jalapeño, nokre gonger så sterke at sveitten rann, og dei vart raude i andletet.

Til dette drakk dei tequila i lange baner, og då kan ein jo tenkje seg resultatet. Eg har nokre vage minne frå ein nyttårskveld då det blei sikta på garasjen til ein nabo med ein pakke fyrverkeri, men ingen trefte, og brotsverket er forelda no.

I dag er sterk mat med chili noko dei fleste nordmenn kjenner til. Sjølv budde eg i mange år saman med ei kvinne som hadde chili rotfesta i matkulturen. I familien der var det vanleg å hete opp joikakakene med chili, men da som ein slags hurtigmat.

Elles var den heilage treeininga i kjøkenet lauk, kvitlauk og ingefær: Den basen finn du i det aller meste av indisk matlaging. Chili kjem så i tillegg, og naturlegvis krydderblandingar som garam masala, som direkte omsett tyder «sterk blanding». Vil du ha den desidert beste garam masalaen, kjøp ein pose med heile garam masala-krydder og køyr dei i blendaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement