HeimstadlæreFå stader kjenner eg meg så heime som på Sørlandsbanen, ei togline som bestefar min var med og bygde for 80 år sidan.

Få stader kjenner eg meg så heime som på Sørlandsbanen, ei togline som bestefar min var med og bygde for 80 år sidan.

Publisert

Det er ikkje nødvendigvis eit paradoks at Noreg, som eit av verdas rikaste land, ikkje har teke del i jarnbaneutviklinga som på 2000-talet har gått føre seg i store delar av Europa. Me vart for rike til å ta tog. Dei offentlege marginane som byggjer jarnbane, vart i Noreg eten opp av ein privatøkonomisk vekst som gav oss dyrare bilpark og dårlegare togtilbod.

Men i desember 2014, som ei julegåve til oss jarnbaneentusiastar, var det teke nokre grep her heime òg. Fleire avgangar, auka kapasitet, nye tog. Tilhøvet eg har til heimstaden min, blomstra som gamal kjærleik.

KULTURSKILNADAR

Dei fyrste, magiske ferdene mine fann stad med toget sør i landet. Kring 1960 visste eg sjølvsagt ikkje at Sørlandsbanen alt var ein ung, men falmande venleik. Fyrst i 1944 stod heile banen ferdig, og berre 15 år seinare var den norske satsinga på jarnbane slutt. Dei mange åra etter har vore ei utarming, men gamal kjærleik rustar ikkje.

Det handlar ikkje om nostalgi. Eg er ein praktikar. Visst var det vent med Vestbanen, ein eigen endestasjon i hovudstaden, med dunkel restaurant i andre etasje, men det er ikkje Vestbanen eg saknar når eg kjem heim frå togferder i Frankrike, Ungarn eller Kina, og finn vindaugssetet mitt på Sørlandsbanen.

Kva saknar eg? Ljoset i enden av tunnelen. Ei von om at jarnbanen her heime er noko anna enn eit langsamt avviklingsprosjekt, ein pasient på sotteseng som for skams skyld vert halden kunstig i live medan fleire og fleire funksjonar visnar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement