Reportasje

¿ Heime i Älmhult

Älmhult i Småland har fostra to av Sveriges største søner: naturforskaren og rasisten Carl von Linné, og møbelhandlaren og nazisten Ingvar Kamprad.

Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Eg ligg i senga på rom 259 på Ikea-hotellet i Älmhult og les tilbakemeldingar frå gjester på Tripadvisor: «Ikea tyder billege prisar, funksjonalitet og rimeleg komfort. Dette gjeld òg for Ikea-hotellet. Romma er små, men har optimalisert plass. Møblane er sjølvsagt frå Ikea, noko som gjer at du føler deg heime.»

Ha! Denne er skriven av Sergi Viciana frå Barcelona. Han kunne like gjerne vore frå Singapore eller Hong Kong. Han kunne vore frå Bergen eller Burbank i California, eller frå Moskva, Shanghai eller Kairo. Han kunne vore frå Istanbul eller Casablanca, ja, han kunne forsyne meg vere frå Riyadh i Saudi-Arabia. Heile verda er jo innreidd med svenske møblar – det er klart folk flest vil føle seg heime på Ikea-hotellet i Älmhult. Eg gjer det sjølv, det er attkjennande, det er heimleg. Sjølv har eg både Volfgang kjøkenstolar, Lack vegghylle, Jonaxel trådkorger, Billy bokhyller, ja, som eg plar seie til folk som kjem på besøk: «Ser du noko som ikkje er frå Ikea, kan du få det.»

Og nett no, når du les dette, trillar fleire tusen menneske rundt på ei voluminøs handlevogn i eit varehus ein plass i verda, dei pressar vogna gjennom teppeavdelinga, lampeavdelinga og sengekledeavdelinga, og i vogna ligg serviettar, stearinlys, glas, saueskinn, dobørstar og persienner. Akkurat no virrar det folk inne på dei store lagera, dei les merkinga på dei halvhøge hyllene og leitar etter flatpakka Malm-nattbord, Hemnes-senger, Volfgang-kjøkenstolar ... Ja, akkurat no ligg det arabarar, tyskarar, kinesarar og amerikanarar på golvet med bruksrettleiing og Unbrako-nøkkel og forsøker å setje saman nattbordet, senga eller kjøkenstolane, og det er ein svimlande tanke.

«Ingvar Kamprad var en sann entreprenör, som genom sitt livsverk Ikea bidrog till att föra ut Sverige i världen», sa kong Carl Gustaf då Kamprad gjekk bort i januar 2018.

Og den globale møbelinvasjonen byrja her i Småland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement