Heim

Notodden har mykje til felles med Odda, mellom anna at dei var to vakre bygder som vart øydelagde av ein skipsreiarson frå Arendal.

Publisert

Eg vaknar fem over sju på hotellrommet på Notodden og set føtene ned på det slitne golvteppet. Eg reiser meg varsamt.

Kva i alle dagar?!

Eg kan ikkje tru det.

Eg er ikkje støl!

Eg vender hovudet, sakte, ser til høgre, ser til venstre. Kinken i nakken er borte. Eg går på toalettet, ser meg i spegelen. Kvisa er borte. Eg har sove som eit barn.

Er det Facebook-kommentaren frå Tomas Espedal som har forløyst meg? Eg var letta og oppstemt då eg la meg i går kveld, og eg kjenner det same no. Det gjer tydelegvis kroppen òg. Han er letta. I går var han på alerten, det var raude lys og rautande alarm. No er alarmen slått av. Stille. Signal frå hjernen er i løpet av natta blitt sende til slitne musklar i lår, legger, føter, rygg og nakke: «Opedalen har tatt til fornuft, og skal ikkje gå 39 kilometer. Gjentar: Han skal ikkje gå 39 kilometer. Vi vender tilbake til standard prosedyre».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement