Heim
Eg drikk kaffi med to tyskarar frå Karlsruhe på ein rasteplass i Telemark. Turen er halvgått.
Nils Olavsson Langedal bad jentene flytte seg, og så løfta han steinen og la han til rette.
Eg vaknar halv sju og er lys vaken. Eg står opp, går ned den knirkande trappa på Nutheim Gjestegiveri, og det smell børsehøgt i tørt tre. Utedøra er låst, men nøkkelen står i. Eg vrir om, går ut og set meg på terrassen med utsyn over Flatdal. Sola varmar den rå nattelufta, gråsporven kvitrar og eg høyrer dei fyrste vogntoga komme brummande ned kleivene.
Eg er altså ved eit vegskilje. Eg kan velje å gå kortaste veg over Rauland, eller den lange vegen om Seljord, og eg har endeleg klart å bestemme meg. Eg vil nedom klyngetunet i Flatdal, eller fladdal, som dei seier her. Dette er eitt av dei siste klyngetuna i Noreg, har eg høyrt, og eg det er mykje eg lurer på. Kvifor bur dei framleis så tett her? Er husa originale? Var det fleire hus? Eg har sett bilete av det gamle klyngetunet på Opedal i Hardanger, og det er fascinerande å tenke på at dei budde slik over heile landet. Like tett som i landsbyane i landa ved Middelhavet. Det blir ein ekstra dag å gå, men det er det verdt, dette må eg sjå.
Mens eg ventar på at frukosten skal bli servert, sjekkar eg igjen Facebook. Eg skulle halde meg unna sosiale medium på denne turen, men så skreiv eg denne fortvilte meldinga på Notodden og fekk stor respons. Det blei så mange kommentarar og spørsmål at eg dagen etter måtte skrive ei ny melding:
«Takk for ALLE hyggelige meldingar og helsingar i samband med mitt forsøk på å gå frå Oslo til Odda. Men eg merker at Facebook suger tid og energi, og eg mister fokus. Derfor kjem det ikkje fleire innlegg her, før eg igjen blir desperat.»
No er eg igjen inne og sjekkar kommentarar og likes, dei strøymer på, det er fleire hundre. Eg likar det, men eg likar ikkje at eg likar det. Dette tvisynet. Så langt på turen har eg høyrt korkje musikk eller radio, eg har gått og tenkt, time etter time, dag etter dag, tankane har tromla, eg har fokusert, og slike mindfulnessgreier er eg dårleg på i kvardagen, men no har det fungert. Eg er i tida.
Eg var i tida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.