Heim

I dag skal eg gjennom granskogen. Gud hjelpe meg.

Eg går brua over Galthyl i Åmot, men elva er berre eit grått, steinete arr. Vinje er ein kraftkommune, og alle vassdrag er bygde ut.
Eg går brua over Galthyl i Åmot, men elva er berre eit grått, steinete arr. Vinje er ein kraftkommune, og alle vassdrag er bygde ut.
Publisert

Ein gong under litteratursymposiet i Odda trefte eg på språkvitaren Sylfest Lomheim i baren på Hardanger Hotel, og han var som alltid blid og begeistra. Vi sat i sofaen, eg saup pils, han nippa til eit glas raudvin, og då ølet hadde begynt å verke, spurde eg om opphavet til hans, ja, spesielle og sjeldne fornamn, og fekk straks ei etymologisk utgreiing. Ho gjekk om lag som dette:

Jo, Sylfest er det same som Sylvester, forklarte han, som kjem av det latinske silvestris, som betyr skog eller skogland, altså tyder Sylvester mannen frå skogen. Vi finn det same ordet i stadnamnet Transilvania, altså området i Romania der vampyren Dracula kjem frå. Forstavinga trans betyr gjennom eller på den andre sida. Ordet trans finn vi til dømes i ordet transport, forklarte han, og det er ikkje tran sport, som nokre trur, men trans port, og port kjem av det latinske ordet portare, som betyr å føre som vi igjen finn i ordet portør. Transport tyder altså å føre noko gjennom – eller til den andre sida. Og trans silvania tyder altså? Han såg på meg, revelur og forventningsfull. Hadde eg følgt med?

– Eh… Gjennom skogen?

– Bravo. Så slik heng det saman. Skål, sa Sylfest, og løfta vinglaset.

Eg kom på denne samtalen, eller einetalen, då eg morgna meg i senga på Morgedal gjestehus. For det er nettopp det eg skal i dag – gjennom skogen – eg skal gå til Åmot. Tvers gjennom det ville Vest-Telemark. Det er om lag tre mil, og det er lenger enn det som er anbefalt av sveitsiske gåarar, som altså er 23 kilometer. Alternativet er å gå til Høydalsmo, som ligg 15,8 kilometer unna, men det er for kort etter anbefalinga. Så Åmot it is, og om eg bryt saman undervegs, kan eg alltids slå opp teltet.

Eg set meg ved eit bord i hønsegarden utanfor gjestehuset og ventar på frukosten. Det er merkbart kjøligare i dag. Det har skya til, og for første gong undervegs må eg ta på meg dunjakka, og det gjer meg merkeleg nok nøgd. Då har eg ikkje bore ho fåfengt. Presis klokka åtte som avtalt kjem verten Egil Didriksen berande på eit brett. Mannen med langt, sølvgrått hår er opphavleg frå Grimstad, men blei lei kjas og mas der nede og flytta opp i Morgedal. Her driv han no gjestehuset saman med dottera. Det er blitt eit populært gjestehus. Eg har sjekka Tripadvisor, og det er topp tilbakemeldingar og ein flaum av godord: Reine, romslege rom med hybelkjøken, eit stort bibliotek i kjellaren med TV, gratis kaffi, kjeks, frukt og sjokolade og topp dekning på breibandet, og omkvedet som går igjen: eit godt vertskap. Som ein skriv: «Makan til hyggelig, hjelpsom og imøtekommende vert har jeg ikke opplevd på leeeenge.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement