Heim
I august 1985 fekk mor og far den verste beskjeden foreldre kan få. Det var politiet som ringde.
Eg høyrer fossen, eg opnar auga. Kor er eg? Kongsberg. Eg er i byen der eg vart fødd hausten 1965. Det er allereie lyst ute, og eg ser på klokka. Ti på fem. Eg kjenner meg klar, eg treng ikkje meir søvn, eg er lys vaken. Eg set føtene i golvet, og herrejesus! Eg er stiv som ein stokk, og klarar så vidt å føte meg inn på badet. Eg ser meg i spegelen. Ei kvise på nasen! Eg er 52 år, og skal plagast med slikt, men eg klemmer henne ikkje bort, nei, ho skal få steike i sola over Meheia.
Eg verker som besett frampå leggen på høgre fot. Merkeleg. Då eg la meg i går kveld, var det tærne på venstre fot som verkte. Eg kjenner ikkje noko særleg verk der no. Er det slik at det er den sterkaste smerta som vinn, at ho døyver alt anna? Dette må eg google.
Nei, eg sender e-post til legen og språkrefsaren Konrad Ofte i Hokksund. Han kan jo vere ein slags ekspedisjonslege. Eg set meg ned med Ipaden, skriv:
Hei Konrad,
Eit medisinsk spørsmål:
I går verkte eg besett i den midtre tåa på venstre fot. Ho er plastra med gnagsårplaster og er hovna opp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.