Heilt vilt i Tallinnn
Estarane er kongar på å bake rugbrød, som dei serverer med brisling.
Foro: Wikimedia Commons
Det er eit gamalt munnhell at nordmenn er spontane berre dei får tenkt seg om. Sjølv budde eg lenge saman med ei kvinne som absolutt ikkje trong å tenke seg om for å vere spontan, og éin dag fekk eg beskjed om at eg hadde 15 minuttar å pakke på, for vi skulle på tur til Estland, nærmare bestemt Tallinn.
Tallinn har ei stor mengd tilbod rundt spa, velvære og behandlingar eg ikkje er interessert i i det heile, så dermed fekk eg rikeleg tid til å gjere dei to tinga eg elskar høgast: ete og drikke. For meg er valet mellom å bli drukna i gytje og å ete ein saftig bjørnebiff veldig lett. Eg er heller ikkje vidare interessert i at ei dame på 100 kilo trampar barbeint rundt på ryggen min, særleg ikkje når ho snakkar eit språk eg forstår mindre enn eit kvekk av. På Maldivane har eg fått ayurvedisk tåmassasje av ein indar som hang frå et tau i taket, men han snakka jo engelsk, så eg kunne be han om å halde opp.
Estland er 50 prosent skog, noko som naturlegvis set eit preg på kjøkkenet. Den nemnde bjørnebiffen er eit sjølvsagt val, og vi åt òg villsvincurry på ein indisk restaurant som var framifrå. Russiske serveringsstadar er òg å finne, i alle fall var dei det rundt sekelskiftet, men eg hugsar absolutt ikkje kva vi tinga, fordi det heile tida gjekk føre seg ein ganske så distraherande kosakkdans. Det er vanskeleg å konsentrere seg om maten når sju uniformerte russarar med høge skinnluer hoppar rundt i lokalet til øyredøyvande balalaikamusikk. Ikkje rart estarane blei lei av dei. Men vi åt sikkert kaviar.
Sjømat kan sikkert òg vere godt i Estland, men vi fann det ikkje. Da vi bestilte pasta med blåskjel, var skjela seigare enn mumifiserte tørka griseøyre som har lege fleire år gløymde i ein vindtunnel. Vi påkalla kelneren, som snakka med kokken, som kom lettare indignert til bordet og erklærte at dette kunne han ikkje forstå, han hadde jo nettopp teke blåskjela opp av frysaren!
Vi droppa sjømaten, men fann seinare ut at det er brisling ein skal gå for. Estarane er kongar til å bake rugbrød, som heter leib. Dei legg marinert eller røkt brisling på brødet saman med hardkokte egg og pyntar med vårlauk og urter. Fastelavnsbollane til estarane går under namnet vastlakukkel og kan skaffast i dei fleste av bakeria i landet året rundt: kveitebollar fulle av herleg piska krem. Av kulinariske gleder du ikkje finn nokon annan stad i verda, er kama, ein miks av rista bygg-, rug-, havre- og ertemjøl. Klassisk estisk frukost består gjerne av kama og kefir – ei proteinbombe som kunne halde Supermann gåande herfrå til heimplaneten Krypton utan påfyll.
Mens vi snakkar om gåande: Kvinnene i Tallinn er dei einaste eg har sett, som kan bevege seg problemfritt på ekstremt høge hælar over gamlebyens overmåte rustikke brustein. Der ein annan amatør på høghæla sko ganske snart ville kilt stillettane fast i dei enorme mellomromma mellom steinane, flyt dei over i stor fart utan eit einaste feilskjær. Imponerande. Det må være genetisk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.