JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Heilt
skamlaus

Han er éin meter høg, feit og homo og bryr seg ikkje om merkelappane han har fått. Og han trur at sidan han ikkje har ei lidingshistorie som homo, vil ikkje den offentlege homorørsla nytte han.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
11397
20190719

Bakgrunn

Per Sundnes

Fødd i 1966, oppvaksen i Bodø, bur og arbeider i Oslo

Utdanna som lærar og journalist og har ein bachelorgrad i film og TV frå London Institute

Jobba i over 20 år i NRK som journalist, regissør, produsent og programleiar i fjernsyn og på radio

Var musikk- og trendkommentator i NRK-programmet «Store studio»

Har undervist ved Bodin vidaregåande skule og Universitetet i Tromsø

Har vore TV-kommentator i mange år for Melodi Grand Prix, arbeider no i NRK Klassisk i programmet «Klassisk vorspiel»

Utviklar for tida ein TV-serie saman med Odd Sprakehaug

eskskje@online.no

Eg skulle eigentleg treffe Per Sundnes heime, men der blir det pussa opp.

– Leilegheita ville forklart mykje, skreiv han til meg i tekstmeldinga.

Men Per Sundnes er så mangt, sjølv på ein restaurant, her vi sit no. Han er ein mann med mange talent. Det er ikkje lett å setje han i bås. Og slik vil han ha det. Han er bestefar til fire, barnebarna til kjærasten. Sundnes gav det norske Grand Prix-sirkuset ein renessanse i ei tid då det låg nede. Han har undervist på vidaregåande skule i Bodø og på Universitetet i Tromsø, i ungdomskultur. Han vart i si tid teken opp på regilinja på London Institute, som ein av åtte, etter bachelorgraden i film og TV på same plassen. Han byrja aldri, vart i staden henta inn som reporter i programmet «Store studio» saman med Anne Lindmo. Her intervjua han Bruce Springsteen, U2, David Bowie, Madonna og Elton John, for å nemne nokre.

Etter ei tid på TV3 vart han hanka inn att til NRK Klassisk, der han no for tida inspirerer til å lytte meir til den klassiske musikken.

Om seg sjølv har han sagt at når ein er éin meter høg, feit og homo, blir alt enklare.

– Kva ligg i denne sjølvskildringa?

– Eg appellerer til folks fordomar, alle har fordomar. Men eg har fått meir pepar for at eg er nordlending, enn for at eg er homo. Når eg seier det slik, meiner eg eigentleg å seie at eg ikkje tek meg sjølv høgtideleg. Eg møter alle menneske på same viset, om det er David Bowie eller dama på Narvesen. Hadde eg ikkje jobba i media, ville eg jobba på Kiwi her i nabolaget.

– No koketterer du.

– Nei, eg meiner det. Dei har det artig på jobb, og det er det einaste eg ynskjer.

– Men du er ikkje éin meter høg og heller ikkje tjukk. Seier denne sjølvskildringa noko om sjølvforakt?

– Nei, langt ifrå. Det er fordelaktig for meg at folk har fordomar mot meg.

– Kvifor?

– Eg har djup respekt for dei som har gått føre meg, og vi har vi levd i eit Noreg der mange homofile og lesbiske har kjempa harde kampar, som Kim Friele og Wenche Lowzow. Dei var unike, dei tok den fyrste kampen, som eit par. Dei kjempa for meg. Hugs at det var ei tid då det stod «sinnssjuk» i passet om ein var homo. Samstundes har eg alt å vinne dersom folk har fordomar mot meg. Men denne setninga er sjølvsagt ein gimmick, du må ikkje hengje deg for mykje opp i ho. Eg vil ha fargerikdom. Og veit du, eg er faktisk ikkje ein del av den offentlege homorørsla, representert ved dei ulike LHBTI-organisasjonane som samlar lesbiske, homofile, bifile, transseksuelle og interseksuelle. Dei nyttar meg aldri, eg trur det er fordi eg ikkje har ei lidingshistorie. Kvifor kan dei ikkje nytte meg sjølv om eg har ei positiv historie som homofil?

Norske medium ringer til han ein gong i året og seier: «Fortel kor jævlig du hadde det som barn!»

– Men eg hadde det ikkje jævlig, slik er det berre.

– Skulle du ynskje at den offentlege homorørsla nytta deg meir?

– Ja, og det er rart dei ikkje har nytta meg meir. Eg trur eg kunne hatt noko å gje. For det er noko fint ved historia mi, at eg faktisk er ein homo utan ei trist historie. Historia mi er eit glansbilete, eg er ikkje undertrykt.

– Kan du skjøne dei som støttar dei homofile, lesbiske, bifile og transseksuelle fullt ut, men meiner at Pride-paraden er for utagerande?

– Nei, veit du kva, det kan eg ikkje. Vi treng éin dag med glitter og moro. Tenk på det innelukka livet alle dei som gjekk føre oss, levde. Vi må leve for alle dei onklane, tantene og besteforeldra våre som var homofile, men som ikkje torde kome ut. Så lenge Pride-paraden ikkje gjer noko vondt mot andre, seier eg: «Stå på!» Det er berre éin dag, og du må ikkje gå ned i byen for å sjå på. Du kan velje det vekk. Så kan vi diskutere om det er stygt eller vakkert, men det er ein heilt annan diskusjon.

Sundnes ser seg ikkje som ein del av ein minoritet og har heller aldri gjort det. Å vere homofil er ein liten del av alt det han er.

– Eg har aldri kjent på utanforskap, aldri vore utstøytt. Eg hadde masse folk rundt meg som delte andre av mine interesser, som musikk og mote. Det at eg er homo, seier eigentleg ikkje noko om meg. Det er synd at leilegheita vår er under oppussing. Du skulle ha sett platesamlinga mi.

– Og kva hadde eg skjøna då?

– At eg er ein heilt vanleg, keisam fyr som liker så mangt. Eg er ikkje utdatert, men eg er heller ikkje kul. Og eg er ikkje hardcore Grand Prix-fan. Folk trur eg har alle skivene til Bobbysocks, men det har eg ikkje. Eg har litt av det meste. Rap, klassisk, R&B, reggae, jazz.

Eg lurar på korleis det var å vere ung, homofil tenåring i Bodø på slutten av 1970- og byrjinga av 1980-åra.

– Homofili fanst ikkje, svarar Sundnes. – Eg visste at eg var homofil heilt frå eg var liten. Men det var ingen som kunne setje ord på det, og det var ingen rollemodellar, ingen i Bodø som var opent homofile. Om vi såg homofile menneske på TV, var det æsj og fysj. Men eg var ein sta liten gut, og tenkte at eg skulle overliste alle, inkludert offiserfaren og offiserbroren min. Eg la ein plan då eg var 12 år. Men då eg kom ut av skapet, var det ingen hets. Familien har støtta meg heile tida. Det handlar jo berre om kven ein elskar. Skal eg ha merkelappen Homo-Per eller Programleiar-Per? Det er opp til meg sjølv. Folk har freista å setje meg i boks heile livet mitt, og eg har aldri kjempa imot. Eg er oftast han gamle Grand Prix-homoen. Det er heilt greitt for meg.

– Men om ein er 16 år og homofil eller lesbisk, til dømes på bygda i Noreg, så er det ikkje enkelt. Då er ein annleis uansett. Du har jo sjølv kjent på det å vere annleis og hadde ingen rollemodellar i Bodø. Kva ville du ha sagt til ein slik ungdom i dag?

– Fyrst vil eg seie dette: Det kan vere traumatisk å vekse opp som homofil i ei lita bygd. Bodø er ikkje bygd, men det var små tilhøve, eg følte meg stengt inne. Så vil eg seie: Finn dei som kan støtte deg. Eg har vore heldig, familien min har stilt opp heile tida. Men kvar og ein må definere korleis han eller ho vil kjenne seg. Dei som skjemmest over deg, kan vere andre enn familien. Hugs då: Familie er noko du lagar sjølv. Finn nokon andre dersom familien skjemmest over deg. Du bør snakke med nokre vaksne du har tillit til, ein lærar eller ei helsesyster eller andre.

– Du er ganske hard, det er ikkje mykje trøyst og omsut frå deg?

– Du har nok rett. Eg meiner det er for mykje bomull og trøysting av dei homofile. Eg freistar ikkje å la dette ta for mykje plass, slik at ikkje legninga definerer kven ein er. Eg vil seie til dei unge: Legninga di er ikkje så stor og farleg som du trur. Du er også mykje anna.

Sundnes var ikkje ein ung mann som elska å stå på scena. Han treivst best bakom scena, og ville tidleg verte journalist. Fyrst tok han journalistutdanning på lærarskulen. Så vart det London, der han med tida kom inn på hovudfag i regi. Men han sleppte alt og drog til NRK. Moteinteressa har han hatt heile livet.

– Bodø var vel ikkje akkurat Paris eller London?

– Nei, men Bodø hadde tre butikkar, faktisk, som var skikkelig fashion. Mamma sa: «Du må gjerne vere forfengeleg og kjøpe deg fine klede, men då må du jobbe.» Eg var støttekontakt for psykisk utviklingshemma i mange år. Eg kjøpte meg klede og motemagasin. Hadde det ikkje vore for Narvesen i Bodø, ville eg framleis vore lærar, i Bodø. Eg fekk impulsar frå magasina.

– Du har arbeidd som lærar, både på vidaregåande og på universitetet. Du har skrive fagartiklar om lærarrolla. Var det ei tid då du ikkje trudde du skulle hamne i rampelyset?

– Eg har eigentleg aldri ynskt det. Det var ingen motivasjon.

– Det trur eg ikkje på.

– Jo, eg ville ikkje på scena. Eg har alltid studert det som er bakom. Ser meg sjølv som ein som står på utsida, ein som kan sjå fenomen og omgrep utanfrå, som kan analysere og forstå rørsler og trendar. Det var ikkje tilfeldig at Alexander Rybak vann Melodi Grand Prix, vi hadde langt på veg analysert oss fram til den sigeren. Eg ville ikkje vere med på «Store studio» med Anne Lindmo heller, men Turid Birkeland, dåverande kultursjef i NRK, overtala meg. Eg seier ikkje at eg har vore på scena mot min eigen vilje, men du kjem ikkje til å sjå meg i «Skal vi danse». Men eg har jævlig lyst, då. Eg trur ikkje eg kjem til å gjere det, det er altfor mykje jobb. Då jobbar eg heller gratis.

– Kva meiner du?

– Eg gjer masse gratisarbeid, eg, fortel Sundnes og ser på meg som om eg burde ha visst dette.

– For Fretex, eller ungdomsarbeid for Kreftforeningen i form av konsertar på Radiumhospitalet og anna. Eg er ikkje PR-kåt. Eg har fått ei form for kapital, det veit eg, og eg nyttar han gratis om nokon vil ha han til gode ting. Det sosiale engasjementet kom inn i meg frå familien, og det er der framleis.

Han set auga bak dei rosa brilleglasa i meg:

– Vit dette: Eg går ikkje rundt og trur at eg er Guds gåve til nokon. Men om nokon vil ha meg, så gjev eg alt. Eg er heilt skamlaus.

Eg trur han.

Per Sundnes populariserte Melodi Grand Prix. Men no har han trekt seg tilbake til radio på den godt gøymde skatten NRK Klassisk, i programmet «Klassisk vorspiel».

– NRK Klassisk henta meg inn att, etter ei tid i TV3. Eg kan ikkje mykje klassisk teori, men det kan Frode Larsen, medprogramleiaren min. Vi er ein perfekt match, han med djupna, eg med min overflatiske kunnskap. Båe to elskar overskotet og lidenskapen i den klassiske musikken, og vi er båe sure for at kunstmusikken blir handsama så servilt. Ja, det krev meir å lytte til ein symfoni enn til ein låt på radio. Men innpakninga er alt. Vi er for dårlege til å pakke inn klassisk så musikken vert attraktiv. Eg vil ha han ut til folket. Det er målet vårt med radioprogrammet. Ja, den klassiske musikken har vore high class og nasen høgt i vêret, men det treng ikkje vere slik.

Han hamna i det klassiske via kjærasten, som elskar denne musikken. Men Per Sundnes hugsar godt fyrste gongen opera trefte han. Det skjedde då Riksteateret sette opp Bizets Carmen i Bodø, då han var ung.

– Vi må hugse at mange av komponistane var opprørarar, og det var jo nett det vi likte med punken. Men dei skjøna det ikkje då, på den tida desse komponistane var i full sving. Dei fleste komponistane var jo steine hakke tullat. Dei var den tidas rockestjerner. Popen og rocken er så ung. Den klassiske musikken er vogga deira. Det er som all nyreligiøsitet, dei nyreligiøse nyttar Bibelen som utgangspunkt og skattkiste. Det er eit slikt tilhøve pop og rock har til den klassiske musikken.

Sundnes er ikkje i tvil:

– Den finaste musikken er klassisk. Eg veit ikkje om Beyoncé står seg om 200 år, men eg veit at Grieg gjer det. Det har eg respekt for.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg meiner det er for mykje bomull og trøysting av dei homofile.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis