¿ Håvard Hedde

Barndomens viseskattar:

Minnestøtta over Håvard Hedde, reist på Hylestad i Valle kommune.
Minnestøtta over Håvard Hedde, reist på Hylestad i Valle kommune.Minnestøtta over Håvard Hedde, reist på Hylestad i Valle kommune.
Publisert Sist oppdatert

Eg sit på ein kafé i Valle, øvst i Setesdal, i lag med Gro Hedde Brokke, kjend kvedar og slektning av Håvard Hedde, og Leonhard Jansen, konservator ved Setesdalsmuseet, som kan mykje om folket sitt.

Brått peikar dei båe på ei slette like bortanfor oss og fortel at der budde Håvard Hedde, guten me syng om som hadde planane klare, med store tankar om kjærleiken og livet. Men som snart fekk kjenna kva naud og fattigdom gjorde med draumane hans. Og då kjærasten sveik han, vart det meir enn den ulukkelege ungguten kunne bera.

Det er ikkje vanskeleg å identifisera seg med denne guten oppunder nuten som trudde han hadde ordna seg godt – og levde lenge på draumane sine, slik visa fortel. Guten er Håvard Hedde, som sat der under berget med dei to furuene sine, og la planar for livet i lag med jenta han hadde lova truskap til.

Det var uventa å høyra at Håvard hadde vore ein levande person som kom til verda på denne plassen i 1758. Han var husmannsson, den sjette av seks eller sju born. Tidleg mista han fleire av syskena sine. Atten år gamal mista han far sin, og fem år etter mor si.

Guten måtte ut i teneste for å brødfø både seg sjølv og syskena. Leonhard Jansen fortel at det vart ei brutal ungdomstid med mykje erting og trakassering.

Og det var ikkje småtteri han vart skulda for. I 1776, like etter at faren døydde, fekk presten i Valle høyra at Håvard hadde hatt seksuell omgang med ei ku. Vart han dømd, kunne han bli halshoggen. To dagar etter møtte Håvard og fleire vitne til avhøyring. Håvard nekta og fortalde at i pinsa, på veg til mor si, måtte han gjera frå seg – og løyste på buksa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement