Kunnskap
«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»
Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.
Fugleperspektiv
I slutten av september heldt eg foredrag på kulturinstitusjonen Alliance Française i Oslo. Styret hadde spurt om eg kunne kome for å snakke om fuglar. Eg føreslo å ta utgangspunkt i diktsamlinga Oiseaux (på norsk Fugler) av den franskspråklege poeten Saint-John Perse, som fekk Nobelprisen i litteratur i 1960. Linjer frå desse dikta, som eg lærte delar av utanåt for lenge sidan, melder seg stundom i minnet i den faglege omgangen med fuglar, som gjenklang eller visjonar.
I dikt nummer II skriv Saint-John Perse: «Fuglen, båret lettere enn halm på sitt hule skjelett og sine ‘luftsekker’ til den ypperste flukt, utfordret alt man visste om aerodynamikk» (til norsk ved Lars Tore M. Håvardsholm).
Flyg lenge og langt
I forsamlinga sat ein pensjonert fugleinteressert ingeniør med mange spørsmål. Blant anna dette, som han oppglødd stilte fleire gonger: Men korleis klarer dei å flyge så lenge og så langt? At spørsmålet og undringa kom frå ein ingeniør den kvelden i 2024, lydde som ei stadfesting av verset frå 1962. Som levande vesen – det vil seie ikkje maskinar – med spesielle tilpassingar til flukt, vil fuglar aldri slutte å utfordre forstanden vår.
Men det gjev også meining å sjå på fuglekroppen med ingeniørauge. Fuglar i alle slekter og former flyg og trekkjer. Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta? Fluktlinjene deira er ikkje vassrette, men bølgjande. Den sprettande flyginga deira (bounding flight på engelsk) kjem av at dei vekslar mellom flaksande faser og faser der vengjene sit tett inntil kroppen. Det er framleis eit ope spørsmål om denne flygemåten har evolvert som ein måte å spare energi på. Gjæser, ender og mange vassfuglar på si side flaksar utan stans når dei skal røre seg framover i lufta. Rovfuglar og albatrossar strekkjer ut dei lange vengjene sine og lèt seg bere av termiske oppvindar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.