Humor
Hallo i uken!
Espen Beranek Holm, Else Michelet og Are Kalvø gav seg med Hallo i uken etter 20 år. Den nye versjonen av programmet heldt det gåande i halvtanna år.
Foto: Terje Bendiksby / NTB
Satireprogrammet Hallo i uken på NRK radio var eit humorflaggskip. Vekeaktuell satire, med dramatiserte kommentarar på nyhenda i veka, levert av dei beste skodespelarane og tekstforfattarar som var fulle av faen.
Ideen kom frå Totto Osvold, og store delar av folket benka seg rundt radioapparata kvar laurdag føremiddag for å høyre vrien som satirikarane og lystigperane hadde på det som hadde hendt i veka. Programmet skifta redaksjon fleire gonger på dei dryge 20 åra moroa varte, og var etter kvart også med på å forsterke den store flodbølgja av imitasjon som heimsøkte norsk humor frå 1990 og utover.
Unge Are Kalvø blei eit kjent namn for folket gjennom Hallo i uken, og hans skarpe penn, usedvanlege lyse hovud og fasetterte talent fekk utfalde seg fritt under produsent Else Michelet, saman med folk som Knut Nærum og fleire titals andre forfattarar og humoristar.
I starten var programmet relativt traust, ein hadde for eksempel innslag med kåseri av Ståle Eskeland midt i, men etter kvart blei det langt meir balstyrig.
Og kven laga programmet? Ein stor bunke frilansarar frå heile landet. I mange år var den einaste faste NRK-tilsette produsent Else Michelet, og i nokre år Kai Sibbern. Michelets erfaring og myndige leiing heldt godt styr på den store gjengen av villstyringar, og resultatet blei eit av dei mest folkekjære og omdiskuterte programma i radiohistoria.
I byrjinga gjekk programmet på P1, og med sendetid laurdag føremiddag fekk mange godtfolk kaffien i halsen og sende inn fortørna klager. Det som vidare skjedde, var som følgjer: Kringkastingsrådet samla seg til møte, det aktuelle innslaget blei sendt i opptak, alle lo, radiodirektør Tor Fuglevik og kringkastingssjef Einar Førde lo aller høgast, og deretter blei saka lagd til sides.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.