Kunnskap

Halebiting

Ein frisk og tilfreds gris har halen krølla fint oppover.
Ein frisk og tilfreds gris har halen krølla fint oppover.
Publisert

Halebiting er eit av dei vanlegaste velferdsproblema for slaktegris. Statistikken syner at 2–3 prosent av alle grisar som kjem inn til slakteriet, har skadd hale. Det er ikkje alltid grisar med gamle halesår blir oppdaga i kjøtkontrollen.

Vi finn lite publisert forsking på dette området, og det verkelege omfanget er truleg høgare. At grisane et opp halen til kvarandre, er ikkje naturleg åtferd, men kjem av at dei er frustrerte over eit kunstig og stressande miljø med for lite høve til å leve ut naturlege behov.

Tre typar biting

Halebiting kan delast i tre ulike typar: totrinnsbiting, brå og kraftige angrep, og fanatisk biting. Ved totrinnsbiting kan det starte som ein slags leik med halen til dei andre grisane, og små sår kan gi nokre av grisane smaken på blod og trong til å bite meir alvorleg.

Brå angrep kan oppstå dersom grisar blir utestengde frå maten på grunn av for lite plass ved fôrtrauet. Den tredje typen, fanatisk biting, kjem når grisar som har fått nok av det stereotype og meiningslause livet i bingen, vert psykisk ustabile og tyr til blind vald for å lette på trykket.

Det er ofte dei små og svake individa som blir halebitarar, kan hende fordi dei hamnar nedst på rangstigen og alltid kjem sist i køen for både mat og dei beste liggjeplassane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement