JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Gulltanna til Lumumba

Han vart drepen i 1961 av kongolesiske separatistgrupper støtta av Belgia og meir indirekte av CIA. Drapsmennene løyste opp liket i syre, og berre ei halv gulltann var att.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette er eit av dei siste kjende fotografia av Lumumba, bakbunden av mytteristane til oberst Joseph Mobutu på planet til ein militær lastebil ved flyplassen i Leopoldville (Kinshasa) 2. desember 1960, dagen etter at han blei arrestert.

Foto: Horst Faas / AP / NTB

9155
20220805

Lumumba og Kongo

Patrice Lumumba vart fødd 2. juli 1925 i Onalua i Katakokombe i provinsen Kasai i Belgisk Kongo og døypt Élias Okit’Asombo. Han døydde 17. januar 1961 nær Elizabethville i Katanga.

Lumumba motarbeidde det belgiske kolonistyret og blei den fyrste folkevalde statsministeren i eit fritt afrikansk land i 1960.

Før det var gått eit år, blei han drepen etter eit militærkupp leidd av oberst Joseph Desire Mobutu, eller Mobutu Sese-Seko, som han tok til å kalle seg. Støtta av Belgia og USA etablerte Mobutu skrekkveldet Zaire. Borgarkrig herja i 1996–2003.

Trass i særs rike naturressursar er Den demokratiske republikken (DR) Kongo framleis mellom verdas fattigaste land, på grunn av vanstyre, sekterisk vald og korrupsjon.

For Patrice Lumumba skulle ikkje få ei grav som kunne verte eit minnesmerke for dei som hadde kjempa med han for eit uavhengig, samla og sosialistisk Kongo. Same logikk gjorde at amerikanarane «gravla» Osama bin Laden til havs etter at spesialstyrkane til marinen skaut han i heimen hans Pakistan. Ingen skulle kunne valfarte til grava hans.

Slik vil dominerande makter alltid bokstaveleg tala prøve å endre historia. Dei synleggjer nokre liv og forteljingar ved å reise monument – som over den belgiske kong Leopold II høgt til hest. Og slettar andre forteljingar ved ikkje å bygge tilsvarande monument over dei som kjempa, men tapte, og ved å fjerne materielle minne om dei som er, eller har blitt, makteslause.

Derfor er historieforståing som syner eit mangfald av forteljingar – og spesielt dei som har vore fortagde – så viktig. Som historikaren William Davies nyleg skreiv i London Review of Books, er historie i ferd med å erstatte sosiologi som kjelde til å forstå systemiske skilnader, utnytting, makt og maktesløyse i samtida.

Sjølv økonomar grip til historie for å kaste lys over dagens skilnader. Thomas Piketty samla som kjent inn data frå det 17. hundreåret og framover for å finne røtene til skeiv fordeling i samfunnet mellom dei som eig, arvar og forvaltar kapital, og dei som lever av lønsinntekter. Boka vart ein bestseljar.

På same vis riv dagens aktivistar ned statuar av koloniherrar for å vekke tankar om at imperialisme og kolonialisme «berre» er historiske uttrykk for ekstremt ulike relasjonar sette i system. Slike relasjonar fødde nye former for systemiske skilnader og utnytting. Nokre av dei avspeglar dei gamle. I andre skimtar vi berre kjernen av systemiske skilnader og alt det fører med seg.

Gulltanna

Her kjem gulltanna inn i historia. Ho ber med seg ei forteljing om det belgiske koloniveldet i Kongo og kampen for sjølvstende leidd av Patrice Lumumba. Belgias kolonistyre var eit av dei aller mest valdelege. Kong Leopold II dreiv «fristaten» Kongo som sin personlege eigedom frå slutten av 1880-åra og fram til den belgiske staten tok over i 1908. Vald og utnytting heldt likevel fram, om ikkje i dei meste makabre formene, som ei amputert svart hand for ei kule, slik Leopold II kravde rekneskap frå soldatane sine for utgifter til ammunisjon.

Då Kongo vart uavhengig i 1960 og Lumumba vart vald til landets første statsminister, var tapet av kolonien så smerteleg at Belgia støtta kongolesiske separatistgrupper. Ein vona at noko kunne bergast i form av nye avtalar med opprørarane. CIA støtta separatistopprørarane av meir ideologiske grunnar. Lumumba var for Washington ein kommunist i hjartet av Afrika. Han kunne skape ein farleg presedens i eit kontinent der sjølvstendetanken breidde om seg med veksande styrke.

Derfor hamna også den siste materielle resten av Lumumba i Belgia. Ein belgisk politiinspektør tok tanna med heim som «trofé». Ordvalet hans – «trofé» – avspeglar kulturen til makta som umenneskeleggjorde kongolesarane. Dei stod utanfor kategorien «menneske».

Samstundes spela rolla til politiinspektøren inn i ein breiare herskarlogikk. Den kravde at alle restane av Lumumba skulle fjernast frå Kongo – og dermed òg forteljingane om kva han representerte.

På same vis hadde dei europeiske koloniherrane i Kongo og andre stader teke kunstskattar frå folk og land dei erobra, og sendt dei til heimlandet. Slike skattar vitna om ei tidlegare historie og andre forteljingar. Dei kunne òg fortelje om utnytting og ulikskap, men det var historier om samfunn utan kvite menn og deira spesielle form for undertrykking av svarte.

Å få slike kunstskattar tilbake har følgjeleg vorte ei viktig politisk sak i fleire afrikanske land. Mest kjend er kampen om dei såkalla Benin-bronsane, tre tusen kunstskattar opphavleg stolne av britiske koloniherrar frå det vestafrikanske kongedømmet Benin og seinare spreidde rundt om i verda. Europeiske museum har teke til å returnere nokre få som etter planen skal stillast ut i eit nytt museum i Benin by.

Aktivistar i Belgia og Kongo har også lenge kravd at tanna måtte leverast tilbake. Ein junidag i år kom ho, ei halv gulltann og ei stor, mørk kiste. Kista og gulltanna vart høgtideleg overleverte i ein pomp-og-prakt-seremoni utanfor det belgiske utanriksdepartementet i Brussel. Departement ligg i eit monumentalt palass som til dels er bygd med rikdomar hausta under kolonitida.

Kongoelva

Rikdomane som i si tid kom til Belgia, vart først frakta på Kongoelva. Med sine 4700 kilometer er ho Afrikas nest lengste elv, og ho har vore ei økonomiske hovudåre i Kongo-regionen gjennom tidene. Elva er òg ramma for ei nesten dokumentarisk skildring av kolonialisme og kva det kan føre med seg av ulukke for alle partar, i Joseph Conrads roman Mørkets hjerte.

Conrad var sjølv sjømann og hadde segla som styrmann på ein elvebåt innover i landet. Boka kan lesast på ulike vis, men er i alle fall til dels ein kritikk av europeiske og tidlegare erobringssivilisasjonar. Vald er eit gjennomgangstema. Kanskje dukka temaet opp alt då sjømannen Conrad nærma seg kysten:

«Kongoelva spring ut av Afrika med ei så veldig kraft at ho virvlar opp jordsmonn som gjer havet brunt fleire hundre sjømil utanfor kysten. Dette valdelege landskapet var det første Conrad ville ha sett då skuta hans, ‘Villa de Maceio’, nærma seg Fristaten Kongo i 1890», skriv Maya Jasanoff i biografien om Conrad, The Dawn Watch.

Harvard-historikaren Jasanoff er ei av dei som ikkje berre tek historia på alvor gjennom eit digitalt eller reelt bibliotek. Ho prøver å oppleve historia – og leve seg inn i ho.

I 2016 reiste ho på elvebåten «Primus I» nedover Kongoelva for å samle materiale til biografien om Conrad. «Primus I» segla frå Kisangani til Kinshasa, i motsett retning av Conrad, men reisa er like lang. Om bord sit historikaren og les Mørkets hjerte om igjen, slår etter tsetsefluger og tek notat om lossing og lasting og anløp ved handelsstasjonane. Ho noterer også korleis Conrads verd ved hundreårsskiftet ber kimen til mykje av verda i samtida.

Sjømannen Conrad segla om ikkje på alle dei sju hav, så på mange av dei. Forfattaren Conrad skildrar ei verd i omvelting der handel og sjøfart var i ferd med å bli globaliserte, tenkjer Jasanoff. Ho gjev boka undertittelen «Conrad i ei global verd».

Tømmerhogst

Kongoelva er i dag ein sentral del av eit stadig meir globalisert økonomisk landskap. No vert det ikkje lenger frakta slavar, gull og elfenbein nedover elva, men blant anna store mengder tømmer. Landets gamle og mektige regnskog vert felt i raskt tempo. Rikdomen flyt igjen ut av landet.

Kinesiskeigde firma som samarbeider med kongolesiske maktpersonar, står bak det meste. Ein rapport frå den sitjande regjeringa hevdar at seks tidlegare miljøministrar skal ha gjeve ulovleg lisens til industriell hogst i regnskogen. Rapporten fortel også at ein kjend general, Gabriel Amisi Kumba, som tidlegare skal ha vore involvert i ulovleg gruvedrift og våpenhandel, har gått over til tømmer og sikra seg godt fotfeste i lisensprosessen. Alt gjort gjennom korrupsjon i det ein kan kalle industriell skala, konkluderer rapporten.

I kjølvatnet av megalekterane til dei store kinesiskeigde selskapa strijobbar små kongolesiske tømmerfraktarar. Ulovleg hogst har for mange vorte einaste leveveg, sjølv om arbeidet med å få tømmeret trygt ned elva er eit blodslit, og mykje av flåten og inntektene er tapt før dei kjem fram til Kinshasa. Dei sit fast på sandbankar. Uvêr riv opp flåtane som er surra saman med tøystumpar og vier, og ved kvar ny sving i elva ventar den kongolesiske marinen og krev «skatt».

Om det var returen av gulltanna som gjorde at akkurat denne tømmerhistoria nyleg vart dokumentert i ein sterk fotoreportasje i New York Times, er uklart. Men det er slike historier den halve tanna til Lumumba skal fortelje oss. Ho skal minne oss på at systemisk ulikskap og utnytting oppstår i ulike former til ulike tider i historia. Dei er ofte knytte til kvarandre på mangfaldige vis. Og forteljinga om tanna skal vise at makt og maktesløyse har mange andlet.

Astri Suhrke

Astri Suhrke er seniorforskar emerita ved Chr. Michelsens Institutt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lumumba var for Washington ein kommunist i hjartet av Afrika. Han kunne skape presedens.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis