Essay
Gullstandarden Falsen
I tidsrommet 1822–1825 var Christian Magnus Falsen generalprokurør. Då førte han eit nær utruleg oppsyn med lov og orden, embetsmannsstaten og pengestellet i riket. Det er alltid gull verdt.
Illustrasjon: Björk Bjarkadottir
Generalprokurøren var landets fremste tilsynsmann med styre og stell. Og Falsen vart den fyrste og siste generalprokurøren i moderne tid, d.e. etter 1814: I 1845 vart generalprokurørembetet stroke frå den statlege gasjelista. Men då hadde det ført eit papirtilvære heilt sidan Falsens avgang 25. mars 1825.
Kvifor skriva om dette embetet no? Jo, av di kontroll med og kritikk av rikets tilstand truleg krev det som særmerkte Falsen i den rolla: kompromisslaust tilsyn på mest prøyssisk vis. Og kritiske argusaugo. Eitt talande døme: På ferdene sine kringom i Noreg førte han òg oppsyn med namnesiffera på vegstolpane langsetter ferdavegane. Der skulle Karl Johans namnesiffer stå, ikkje dei gamle oldenborgske!
Eit visst oppsyn med skysstellet meir ålment byrja Falsen med i april 1823. Han skulle sjå til at dagbøkene på skysstasjonane var i orden i samhøve med skysslova av 6. juni 1816, paragraf 11. Dette var altså bøker som gjestgjevarar, stasjonshaldarar, skysskaffarar, og i kjøpstader med vognmanns- og båtførarlaug, oldermennene, skulle ha hjå seg. Dagbokettersynet til Falsen sveiv om at lov og reglement med omsyn til skyss vart vyrde.
På Riksarkivet ser eg med sjølvsyn korleis Falsen fór fram – over Dovrefjell sommaren 1824. I dei handskrivne møtebøkene over «Undersögelses-Forretninger» skriv Falsen om alt mangelfullt han får augo på. På Hjerkinn er skyssdagboka i «Jammerlig Forfatning»; på Fokstugu har ingen skrive noko «paa lang Tid» om folk på ferd.
I protokollen sin skriv Falsen òg eit NB om gale siffer på vegstolpane på Kongsvoll og Hjerkinn. Og den nye vegen frå Fokstugu og nedetter mot Gudbrandsdalen er «i slet Stand, og tildels farlig, da den ligger i Sandbakken ved Elven, som bestandig skiærer ud.» Lista over lyte og manglar held fram så å seia i endeløysa.
Apropos Dovre: På Eidsvoll i 1814 gjorde nett Falsen framlegg om at Noreg skulle halda seg med ein generalprokurør: ein jarnhard og rettvis og juridisk kunnig ombodsmann for folket på stendige ferder kringom i landet. Og med fast og sjølvskrive sete i Lagtinget på Stortinget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.