JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Gudar og heltar II

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2352
20170331
2352
20170331

Dei som har meint at gudedikta i Codex Regius er ordna etter mytologisk rang, har streva med dei to siste dikta, Volundkvedet og Allvismål. Rekkja med gudedikt opnar greitt med skapingsdiktet Voluspå, dinest kjem dikt der Odin, Frøy og Tor står i framgrunnen. Men så, etter Tors-diktet Trymskvedet (el. Trymskvida), kjem Volundkvedet, som ikkje har ein einaste gud på rollelista. Gudebolken endar så med Allvismål, der Tor fretter ut dvergen Allvis. Sidan Volund vert omtala som alvekonge, har nokre løyst seg or floken ved å seia at dei to siste dikta fortel om dei lægste mytologiske skapningane: alvar og dvergar. Men hadde det ikkje vore rimeleg om Allvismål stod saman med dei andre Tors-dikta, og at Volundkvedet stod sist, ved overgangen til heltedikta?

Mange av figurane og motiva i Volundkvedet er kjende frå germanske segner, slik tilfellet òg er med størsteparten av heltedikta. Når me legg til at Volund i mangt vert skildra som eit menneske, skjønar me at det er freistande å flytta diktet over i heltebolken. Det er minst to hakar ved ei slik flytting. For det fyrste har diktaren/redaktøren knytt i hop figurane i heltebolken: I prosastubbane står det at Helge Hjørvardsson og Svåva vert atterfødde som Helge Hundingsbane og Sigrun, og at Helge Hundingsbane er halvbroren til Sigurd Fåvnesbane. Dikta er ordna kronologisk og vert mestsom ei ættesoge. Jamvel om Volundkvedet inneheld ei tilvising til segnene om Sigurd Fåvnesbane (strofe 14), fell diktet utanfor den elles ihopstøypte heltebolken. For det andre er Volund ein mangslungen figur med underlege evner. I den nyaste vitskaplege utgåva av eddadikta heiter det at han minner mest om ein trollmann (Íslenzk fornrit, 2014).

Om me granskar gudedikta som poesi, slik t.d. Mai Elisabeth Berg (2001) har gjort, kan floken få ei anna løysing. Berg les dei to siste gudedikta som speglingar av dei to fyrste, mellom anna fordi dei alle tek føre seg skapande verksemd og tap som kjelde til poesi. Tygg òg litt på versa «sol visste ikkje / kva salar ho åtte» i Voluspå og siste verset i Allvismål: «No skin sol i salen!» Og det er kanskje ikkje slump at Trymskvedet, som står rett før diktet om meistersmeden Volund, sluttar med ordet hamar? («Svá kom Ó¿dins sonr / endr at hamri.»)

Kristin Fridtun

Våren 2017 skriv Fridtun om eddadikt.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis