Grønsaklager utan straum
Før elektrisiteten kom, var jordkjellaren kjøleskap og grønsaklager.
Jordkjellarane har ofte kuppelform og er relativt like i storleik. Tømmer var dyrt og vanskeleg tilgjengeleg mange stader, men stein var ein uavgrensa ressurs, skriv Arild Sætre.
Foto: Siri Linn Brandsøy
Den småskala grønsak- og potetdyrkinga som for nokre tiår sidan føregjekk på alle småbruk og hageflekkar, er i dag stort sett borte. I dag har dei fleste av oss grønsaklageret i plastboksen nedst i kjøleskapet.
Før nytta mange jordkjellar, eller potetkjellar, ein frittliggande kuppelforma steinkonstruksjon dekt med torv. Mange vil vite at desse jordkjellarane har vore nytta til frostfri lagring av grønsaker og poteter heilt opp til vår tid. Du kan sjå desse igloforma, graskledde bygningane anten frittliggande eller dels gravne inn i bakken, ikkje ulikt husa til hobbitane frå Ringenes herre-filmane.
Felles for dei fleste jordkjellarane er at dei har doble dører, ei ytterdør og ei innerdør, for ekstra isolasjon i dei kaldaste periodane. I taket er det alltid ein luftekanal, eller ljore, slik at ein kan regulere luftfukt og temperatur gjennom dei ulike årstidene. Dette vart gjort ved at ein la over ei steinhelle for tetting eller la denne til sides for lufting.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.