JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Grønsaklager utan straum

Før elektrisiteten kom, var jordkjellaren kjøleskap og grønsaklager.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jordkjellarane har ofte kuppelform og er relativt like i storleik. Tømmer var dyrt og vanskeleg tilgjengeleg mange stader, men stein var ein uavgrensa ressurs, skriv Arild Sætre.

Foto: Siri Linn Brandsøy

6953
20221118
6953
20221118

Den småskala grønsak- og potetdyrkinga som for nokre tiår sidan føregjekk på alle småbruk og hageflekkar, er i dag stort sett borte. I dag har dei fleste av oss grønsaklageret i plastboksen nedst i kjøleskapet.

Før nytta mange jordkjellar, eller potetkjellar, ein frittliggande kuppelforma steinkonstruksjon dekt med torv. Mange vil vite at desse jordkjellarane har vore nytta til frostfri lagring av grønsaker og poteter heilt opp til vår tid. Du kan sjå desse igloforma, graskledde bygningane anten frittliggande eller dels gravne inn i bakken, ikkje ulikt husa til hobbitane frå Ringenes herre-filmane.

Felles for dei fleste jordkjellarane er at dei har doble dører, ei ytterdør og ei innerdør, for ekstra isolasjon i dei kaldaste periodane. I taket er det alltid ein luftekanal, eller ljore, slik at ein kan regulere luftfukt og temperatur gjennom dei ulike årstidene. Dette vart gjort ved at ein la over ei steinhelle for tetting eller la denne til sides for lufting.

Gode lagringsforhold

Jordkjellaren står rett på bakken utan isolasjon eller plate mot jorda, men gjerne med heller til golv. Med stein som berande konstruksjon og med jord og torv som isolasjon og tekking, gjev dette svært gode forhold for lagring av grønsaker. Optimale lagringsforhold for til dømes poteter og gulrøter er ein temperatur mellom 2–7 grader og luftfukt mellom 70 og 90 prosent.

Om du stikk hovudet inn i ein slik kjellar og rettar lommelykta mot taket, vil du truleg legge merke til kvite kokongar og ganske store edderkoppar. Desse kjellaredderkoppane (Meta menardi) blir sagde å vere indikatorar på at kjellaren fungerer som han skal, sidan dei trivst best med høg luftfukt og låg temperatur – akkurat som grønsakene.

Ein tradisjonell jordkjellar blir bygd av materiale på staden, etterlèt seg svært lite klimaavtrykk under oppføring og har heller ingen driftskostnadar. Ikkje eingong logistikk eller transportkostnadar treng ein tenke på når lageret ligg rett ved der potetene blir dyrka.

Kvardagskulturminne

Det er ikkje gjennomført noka registrering av kor mange som finst her til lands, men det er gjort overslag i samband med ulike kulturminneregistreringar i kjerneområda for jordkjellarane, som strekker seg frå Karmøy i sør til Gulen i nord. Berre på Karmøy er det registret over 400, og vi veit at tettleiken er om lag like stor i dei andre kystkommunane.

Det var ein jordkjellarar på nesten kvar gard, somme stader til og med to. Dette seier noko om omfanget av eit typisk kvardagskulturminne, og kva det har hatt å seie for dagleglivet til fleire generasjonar, noko som står i kontrast til merksemda jordkjellarane har fått til no.

Finslipt kunnskap

Den vestnorske jordkjellaren er godt dokumentert i samband med både restaurering, flytting og bygging, slik at vi er godt kjende med materialbruk og byggemåte. Verre var det då Museumssenteret i Hordaland og Norsk håndverksinstitutt skulle dokumentere bruken av jordkjellaren. Det viste seg at ein var ute i tolvte time, for nesten ingen bruker jordkjellarane sine lenger.

Vi var ute etter å dokumentere den finslipte kunnskapen, akkumulert gjennom fleire generasjonar, om regulering av luftfukt og temperatur og om korleis dei ulike grønsakene skulle lagrast. Nær sagt ingen av kjellarane ein ser i landskapet i kyststroka på Vestlandet, er i bruk lenger. Trass i dette var vi heldige og fann nokre informantar, slik at det vart samla nok informasjon til tre filmar om tradisjon og bruk av jordkjellarar. Filmane, som vart laga av Siri Linn Brandsøy, er tilgjengelege på YouTube om du søker etter Potekjellaren – eit portrett.

Når tok ein til å nytte jordkjellarar her til lands? I kjerneområda eg nemnde, seier ein ikkje jordkjellar, men potetkjellar eller potekjellar, og det er gjengs oppfatning at denne konstruksjonen har med poteta å gjere. Det har han utvilsamt, men fanst det slike bygningar før potetene kom? Mest truleg gjorde det det. Ser vi på utskiftingskart frå andre halvdel av 1800-talet, er det svært tett med jordkjellarar, men om alle desse hadde blitt oppførte i samband med introduksjonen av poteta, veit vi ikkje.

Det var ikkje vanleg å ha kjellar under husa før ut på 1800-talet, og ei eller anna form for frostfritt kjølelager må ein ha hatt. Det var behov for frostfri lagring av neper, lauk, erter og andre grønsaker lenge før poteta kom.

Kuppelform

Når desse jordkjellarane har fått ei slik homogen form – kuppelform og relativt like i storleik – kan det ha ulike årsaker. Utetter 1600–1700-talet var det i kjerneområda for jordkjellarane mest ikkje skog på grunn av uthogging. Difor var tømmer dyrt og vanskeleg tilgjengeleg. Stein representerte derimot ein uavgrensa ressurs som alle hadde tilgang til, og det var difor bokstaveleg talt nærliggande å gripe til stein når ein skulle bygge ein slik konstruksjon. Likevel kan ein undrast over kvifor dei vart bygde så like overalt. Det var ikkje nødvendig å bygge dei kuppelforma, sirkulære eller ovale, men likevel har dei fleste kjellarane blitt bygde slik, med nokre få unntak.

Då ein frå midten av 1800-talet, i samband med utskiftinga, for alvor tok til å bygge hus med kjellar, forsvann bruken av jordkjellarane litt etter kvart. Lagringa av poteter og grønsaker føregjekk no inne i kjellaren i det nye huset. I somme tilfelle vart steinen i den gamle jordkjellaren jamvel nytta til kjellarmur i det nye huset.

Renessanse

I dag er det svært få som nyttar jordkjellaren på tradisjonelt vis her i landet, trass i at han på verdsbasis er i ferd med å få ein renessanse, særleg i sjølvbergarkrinsar. Det blir gitt ut bøker om bygging og bruk av jordkjellarar i fleire land, men særleg i USA, Canada og Europa er dette populært. På Facebook finst fleire jordkjellargrupper med ulik vinkling og fokus. Det blir jamvel produsert jordkjellarar både i glasfiber og i betong som ein kan få kjøpt og grave ned i hagen sjølv. Dette tyder på ei aukande interesse for å kunne lagre mat over lengre tid, uavhengig av eksterne energikjelder.

Så lenge ein har dyrka grønsaker, har folk prøvd å finne gode lagringsmetodar. Det skal ikkje fryse, ikkje vere for varmt, og luftfuktprosenten må vere akkurat passe. Med elektrisiteten opna det seg nye måtar å regulere klimaet på i lagerhallane. I dag er nær sagt all lagring av grønsaker basert på klimaregulering som er avhengig av elektrisitet. Når straumen blir for dyr og det representerer tap for bøndene å lagre grønsakene over vinteren, blir løysinga å destruere grønsakene eller å la dei rotne på rot.

Det er då det kjennest rett å peike på jordkjellaren. Ikkje for at ein skal tilbake til 1800-talet, eller for at alle skal bli sjølvbergarar med eigen jordkjellar, men for å løfte fram eit kulturminne som har hatt ein svært viktig funksjon, og som kan fungere som eit monument over sjølvforsyning.

Arild Sætre

Arild Sætre er bygningsvernkonsulent i Museumssenteret i Hordaland.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.

Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB

KommentarSidene 2-3

Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone

Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.

Cecilie Hellestveit

Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.

Foto: Erika Hebbert

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Sterkt om livsløgn og overleving

Gode skodespelar­prestasjonar i intens kamp på liv og død.

Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.

Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ny statsminister med gjeld, utan budsjett

No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– No ser me effekten av færre politifolk

Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).

Då nordmennene kom til Færøyane, eller Fårøyane, rundt 800 var «hagane fulle av sau, som irane hadde ale upp, bergi tekte med fugl, nøgdi med rekved til husbyggjing, fisk og kval utanfor døri og vetrar so milde at sau og hest levde ute», skreiv landsfaderen Jóannes Patursson i boka Frå Færøyane i 1925.  I dag er det om lag 70.000 sauer som går fritt ikring, også rundt Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Nytt frå vestfronten

Ute i Atlanterhavet ligg Færøyane som ein front mot lågtrykk, vestavêr og liberale haldningar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis