Grenseland
Vegen til Murmansk er brulagd med gode intensjonar.
Murmansk var Sovjetsamveldets framste fiskeriby. Filetjentene er på veg til jobb.
Foto frå boka «The Soviet Murman» (Moskva 1966.)
Minibussen forlèt Kirkenes med Murmansk som mål, og etter berre eit lite kvarter er vi på Storskog. Grensepasseringa går raskt og effektivt, ja, nesten skuffande lett. Då eg voks opp i Sør-Varanger, var grensa ein bastant barriere ein berre kunne drøyma om å passera. Dermed fekk han ein slag mytologisk karakter. Han blei overgangen til ei anna, utilgjengeleg verd der born berre kunne fantasera om kva som gjekk føre seg.
Bussen er full, og eg er den einaste ikkje-russaren om bord. Dei andre er mest folk litt oppe i åra, kanskje dei driv med småhandel og er for pendlarar å rekne, dei fleste verkar å kjenna kvarandre. Berre eitt sete heilt bak er ledig når vi skal køyre vidare, og eg set meg ved sida av ein mann som dekker langt meir enn sitt eige sete. Ikkje fordi han er overvektig, det er rett og slett ein uvanleg høg og kraftig bygd mann. Ut frå kleda og andre ytre signal tenkjer eg først at han kanskje arbeider på ein trålar eller noko slikt.
Mannen, som heiter Andrei, viser seg å snakka godt engelsk. Han er imøtekommande, men ikkje på ein innpåsliten måte. Når eg spør, fortel han gjerne om kva han har gjort i Noreg. Han har vore gjennom Nord-Finland og Finnmark som sjåfør på ein hjelpebil som har følgt russiske syklistar frå Petsjenga, distriktet som ligg rett over grensa, og som forresten heitte Petsamo då det høyrde til Finland mellom 1920 og 1944.
Dei lokale syklistane har brukt ferien på å trena og konkurrera, og no slappar dei av i Tana. Andrei skal berre heim til kona på ein rask helgetur. Små drypp dannar sakte eit grovkorna bilete av livshistoria hans. Andrei voks opp som sovjetborger i Riga. Som ungdom blei han besett av sykling, og hadde nok talent og vilje til å bli kandidat for den russiske OL-troppen. Ein skade sette han ut av spel, og Andrei byrja på språk- og ingeniørstudium i Moskva.
Mot slutten av 1980-talet flytta han til Murmansk med familien for å jobba som statleg tilsett ingeniør. Like etter gjekk Sovjetunionen i oppløysing, og Andrei mista jobben. Ingeniøren blei sjåfør, men såg raskt høvet til å byggja opp eit eige transportfirma. Føretaket går godt, og Andrei sponsar sykkelungdom frå Petsjenga ved å køyra følgjebil for dei rundt på Nordkalotten kvar sommar.
Andrei har ofte oppdrag i Noreg. Opp frå lommeboka dreg han eit bilete av seg sjølv med Henrik Mestad og Anders Baasmo Christiansen. Han køyrde trailer og ordna med logistikk under innspelinga av Børning 2, ein stjernespekka underhaldningsfilm om eit ulovleg billøp mellom Fosnavåg og Murmansk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.