Reportasje
Gråt og lått i New York
MANHATTAN: På Gerald Schoenfeld Theater i Midtown, hundre meter frå Times Square, har ein musikal om 11. september gått i fem år.
Leonard Cohen (t.v.) og John Hammond bak scenen under Newport Folk Festival på Rhode Island i juli 1967, eit halvt år før Cohen albumdebuterte. Med ryggen til står visekunstnaren Judy Collins, som nett hadde gjort songskrivaren Cohen kjend.
Foto: David Gahr / Getty Images
I den fullsette salen sit me og ler i dei svarte andletsmaskene som ved inngangen vert delte ut til dei som kan prova at dei er fullvaksinerte. Maska held ein på under heile framsyninga, «sett bort frå når ein et eller drikk», om lag som om bord i eit fly.
Dei er om bord i eit fly på scenen òg, eit av dei som vart omdirigerte 11. september 2001. Låtten i salen er ikkje sjølvsagd. Dei pandemiske omstenda er alvorlege. Omstenda i stykket er alvorlege: hendingane då New York kom under åtak og tvillingtårna fall. Om lag 3000 newyorkarar vart drepne den dagen for drygt tjue år sidan. Og no ler dei av det heile. Kan me om nye ti år, i 2031, sitja på Oslo Nye Teater og le under ein musikal med handling frå 22. juli 2011?
Åra har gått, men på fleire gatehjørne passerer eg minnevegger der born og vaksne hengjer opp helsingar til dei drepne, til ein onkel som var brannmann, og på fortauskanten står ein buss der forbipasserande som treng einkvan å prata med, kan gå inn.
Historia til Hammond
I 2001 var det 218 år sidan sist New York var under åtak, i 1783, då amerikanarane sigra i det siste slaget mot den britiske kolonimakta. Ein av dei få newyorkarane med så lang familiesoge i byen var talentspeidaren og musikkprodusenten, overklasseguten og menneskerettsaktivisten John Hammond (1910–87).
Medan artistar han oppdaga, som Billie Holiday, Bob Dylan og Leonard Cohen, voks opp i distrikta, i Maryland, Midtvesten og Montreal, var John Hammond newyorkar gjennom mange generasjonar. Dei nederlandske forfedrane hans kom til Amerika for 400 år sidan, om lag samstundes med Mayflower.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.