Reportasje

Granavollen før og etter trua

GRAN: Aasmund Olavsson Vinje døydde hjå presten i Gran, utan tru. Det peikte mot framtida, men mot fortida òg.

Bysta av Aasmund Olavsson Vinje ved Systerkyrkjene på Granavollen.
Bysta av Aasmund Olavsson Vinje ved Systerkyrkjene på Granavollen.
Publisert Sist oppdatert

I Gran sentrum vert gamal tid fjern. Dei nye, gigantiske kjøpesentera stengjer ute dei slake, kuperte åsane og det toskansk-liknande landskapet kring, busett alt i romersk tid. Den illgjetne tettstad­arkitekturen har fått gjennomgå i fjernsyn og aviser og fekk i 2014 terningkast to i Ronny Spaans arkitekturserie her i bladet.

Tusen år

Men heidensk tid kjem nær òg. Dei nye betongfestningane har utsletta alle synlege spor etter det kristne tusenåret. Kyrkjene er mange og gamle her, men ikkje å sjå. Framleis ligg dei tre Hadelands-kommunane over landssnittet i kyrkjetilhøyrsle, men oppslutnaden fell di nærare ein kjem hovudstaden, frå 85 prosent i Gran til 79 i Lunner i sør til 50 i Oslo, som helvta av hadelendingane dagpendlar til.

Som ein lukka borggard, kringsett av høge kjøpesentermurar, ligg Gran torg med ein parkeringsplass for vaksne og ein skeisebane for born. Folk trivst. Ein ny og tradisjonslaus livsstil har fått fotfeste, men kor lenge? Om nye tusen år – kor mykje er att av det nye? Om det framleis er minusgradar, vil nok born leika seg på isen, og jol og vintersolverv verta feira, i gamal eller ny innpakking, men elles? Vil den kristne tida stå att som eit tusenår med uvand kontinuitet og stabilitet i tradisjonar og tru?

Anders Hagen

Vegen til Hadeland gjekk for meg om Jerusalem. Då hadde eg rett nok alt vore på Granavollen, midt i 1980-åra, og lese dikt i Systerkyrkjene, under Humanistisk seminar i regi av Asbjørn Aarnes. Der heldt ein seg gjerne til kristen tid, og rekna såleis pilegrimsleia som gamlevegen til Hadeland.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement