JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Grå konge

Eika, rik på historie og eit av dei sterkaste treslaga vi har, er ein ressurs som er i ferd med å gå tapt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mollestadeika, her fotografert i april 2021, veks i Birkenes kommune i Agder og er fleire hundre år gamal. Fordi ho er hol, er ho ein viktig biotop for fleire sjeldne insekt.

Foto: Karl Ragnar Gjertsen / Wikimedia Commons

9853
20231201
9853
20231201

hustad.jakob@gmail.com

Det er snart eitt år sidan det største eiketreet i heimbygda mi – «den grå kongen av Hjørundfjorden» – vart felt. Det lokale nettselskapet var bekymra for den nærliggjande 22kV-høgspentlinja, og bestemte seg for å løyse problemet med motorsag.

Det ristar godt når ei over 25 meter høg eik på ti tonn treffer bakken. Sorga er djup, sjølv om eg set pris på at det er straum i stikkontakten.

Det er ikkje berre på Sunnmøre det veks eiketre med rik historie. I Hardanger står «Brureika», som med ti meter i omkrins er det største treet i landet. Eg får ikkje tak i grunneigaren på telefonen, men jungeltelegrafen skal ha det til at treet framleis står støtt. Innbyggjarane har nemleg sørgt for å gje det geriatriske treet protesar å støtte seg på.

Uavhengig av kva som er landemerket ditt, bør du vite om det er ei sommar- eller vintereik. Studer fasongen, og sjå på stammen. Dersom han går til toppen av treet, er det truleg ei vintereik. Er du usikker, kan du sjå på lauvverket. Vintereika (Quercus robur) har lang bladstilk, sommareika (Quercus petraea) svært kort. Vintereika har fått namnet sitt fordi blada kan hengje på gjennom hausten, heilt til nye skot kjem om våren. Ho likar, trass namnet, ikkje kulde. Der er sommareika meir hardfør, noko som gjer at ho veks i større delar av landet.

På Edøy i Møre og Romsdal veks den nordlegaste førekomsten av eik, som tilhøyrer bøkefamilien, i verda. Likevel er treet særleg utprega i eit belte som går på kysten av Sørlandet. Den vakraste eikeskogen i landet står på Skiftenes naturreservat utanfor Grimstad. Denne edellauvskogen er heim for ei rekkje raudlista artar og er 710 dekar stor. Frå slike skogar har det frå gamalt av vorte hogd verdifull trelast.

Trass alt er eikematerial noko av det beste ein kan nytte til konstruksjonar som krev styrke. Det kjem fram i det latinske namnet, robur, som tyder «sterk ved». Framfor alt er kjerneveden den mest haldbare av alle norske treslag og særleg god til bruk utandørs eller i kontakt med jord. Dersom du kjøper hagemøbel av eik, er det derfor eit livslangt kjærleiksforhold du forpliktar deg til.

Årsaka er at eik inneheld garvesyre, som gjev treverket impregnering. Dersom du smakar på nyskoren eik, vil du faktisk kunne kjenne den bitre smaken av syre. Det er denne som gjev kompleksitet til brennevin, som i hovudsak vert lagra på gamle eikefat. Drikk du dyr whisky, kan du lire av deg karakteristikkar som «røyk», «lær» og «sjokolade». Eller du kan gjere som meg og kjøpe ei simpel halvflaske med The Famous Grouse. Då slepp du å nytte superlativ.

Eystein Hjelme er aktuell med boka Treslaga i bruk, tru og tradisjon. Han er snikkarmeister, har arbeidd i møbelindustrien og har 30 års erfaring frå vidaregåande opplæring. Dessutan er han mi beste kjelde til kunnskap om tre og treverk, særleg når eit søk på internett ikkje gjev svar på spørsmåla mine. Det har vorte mange e-postar fram og tilbake mellom oss den siste tida. Heldigvis har han ikkje byrja å fakturere meg for bryderiet.

Hjelme fortel at motane har svinga opp gjennom åra, men at eika held fram med å vere eit statussymbol. Nokre år er det ammoniakkrøykt eik som er i vinden, andre gongar skal treverket vere syrebehandla eller sandblåsen. Det mest eksklusive er likevel «spegeleik», som vert nytta i dyre engelske og franske møbel. Dette er eik som er skoren på ein spesiell måte, der mergstrålane i treverket vert delte. Dette skapar ein glinsande og dekorativ effekt, derav spegel.

Viktigast av alt er måten ein turkar eika på, seier Hjelme. Under turking vil væske vandre, og hjå eika kan overflata på materialen verte så tett at vatnet ikkje slepp ut. Dersom ein ikkje er tilstrekkeleg aktsam, kan det danne seg eit høgt indre trykk som «sprengjer» treverket. Dette kjem til syne som store sprekkar og gjer materialen ubrukeleg. Det er derfor avgjerande å nytte låg temperatur, og i lang tid skal ein unngå det som på fagspråket heiter cellekollaps.

Polarskipet «Fram», som vart laga på bestilling etter Fridtjof Nansen, har hud av eik. Dei største dimensjonane er ti centimeter tjukke og berga skipet frå å verte knust i skruisen. For å unngå sprekkar vart emna turka over ein periode på 30 år i eit verft i Horten.

«Fram» var ikkje den første båten som vart laga med skrog av eik. For vikingane hadde mange hundreår tidlegare oppdaga kvalitetane til dette treslaget.

Osebergskipet står utstilt på Vikingtidsmuseet. Langskipet vart bygt på 800-talet med eiketømmer frå Karmøy og er over 20 meter langt. Pressekontakt Mari Wammer fortel meg at skipet vekkjer stor interesse, og at ein reknar med at over ein million årleg besøkande vil ta turen til Bygdøy så snart det nye bygget står ferdig.

Eg kjem til å vere ein av desse. Framfor å sjå på rustne sverd og gamle hjelmar kjem eg til å telje årringane på eikeborda hjå langskipa. Slik er det å vere treentusiast.

Frå 1600-talet føregjekk det ei omsynslaus utnytting av den norske eikebestanden. Enorme mengder eiketømmer vart eksportert frå norske hamner, særleg i Sør-Noreg. For å setje ting i perspektiv kan ein nytte orlogsskipet «Vasa» som eksempel. Berre for dette eine skipet, som vart bygt mellom 1626 og 1628, vart det felt over 1000 eiketre. Det vart ikkje betre av at svenskane prioriterte estetikk framfor funksjonalitet, noko som resulterte i at båten sokk til botnen av Austersjøen under jomfruseglasen.

Ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko. For det var kanskje med inspirasjon frå forliset at ein i Amsterdam bestemte seg for å nytte eik til å stabilisere den marine leirbotnen gjennom å senke gigantiske stokkar ned i grunnen. Det fungerte, men medan den nederlandske byen vart større, vart den norske eikeskogen mindre. Det som ein gong var mellom våre fremste eksportvarer, var ein frå 1900-talet avhengige av å importere.

Dette er problematisk, ikkje berre fordi vi har mista ein viktig ressurs, men fordi sjeldne insekt har mista heimen sin. Det kan Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), bekrefte. Ho har nyleg gjeve ut boka Skogen – om trær, folk og 25 000 andre arter». Sjølv om ho er travelt opptatt med boklansering, tek ho seg tid til å svare underteikna.

Som ein del av eit større forskingsprosjekt monterte ho for nokre år sidan ei insektfelle på eit eiketre på Montebello i Oslo. Då ho seinare kontrollerte innhaldet, gjorde ho ei unik oppdaging. For første gong vart ei kakerlakksnyltebille påvist i Noreg. Sjølv på verdsbasis er det berre gjort sparsame funn av dette unike vesenet.

Hole eiketre er særleg verneverdige, og dei er beskytta gjennom naturmangfaldlova, forklarer Sverdrup-Thygeson. Dei utgjer ein attraktiv biotop for ei rekkje artar. Keisarsmellaren er eit døme på dette; dette er ei kritisk truga bille. Ho livnærer seg av larvar for å overleve, særleg avkomma til billene eikegullbasse og eremitt – som også er truga. Dersom ein av desse artane først døyr ut, vil det skape ein dominoeffekt av negative konsekvensar for sårbare insekt, avsluttar ho.

Det er til å verte poetisk av. Dess meir eika døyr, dess meir liv skapar ho. Sjølv om det vart rabalder i heimbygda då «kongen av Hjørundfjorden» vart felt, skal ein ikkje sjå vekk frå at fleire smådyr vil ta tilhald i ho den komande tida. I eit ordtak heiter det nemleg at eika treng 500 år på å vekse og 500 år på å døy.

Eg bestemte meg for å oppsøke åstaden for ugjerninga og reiste til den uvanleg vakre edellauvskogen som veks mellom Lekneset og Urke i Ørsta kommune. Vinteren er komen til fjorden, men dei ruvande eiketrea er likevel lett å få auge på. Dei mektige stammane gjev utvilsamt eit majestetisk inntrykk. Eg får assosiasjonar til søylene i inngangen på Pantheon. Eg traskar rundt i skogen og føler meg som ein romersk centurion som inspiserer soldatane før eit slag.

Eg får ei påminning om kvifor det latinske namnet for vintereik, petraea, tyder «det som høyrer til fjellet.» Denne skogen er nemleg tufta på rasmark. Han er prega av store kampesteinar. Eika må ha god og næringsrik jord for å trivast. På mager jord vert ho ofte krokete, men desse stammane er rake, og trekronene er velutvikla. Eg nikkar nøgd og tek til å tenkje på verdas mest berømte roman, Don Quijote.

Det litterære meisterverket vart skrive av Miguel de Cervantes i 1605 og skildrar bedriftene til «riddaren av det bedrøvelege åsyn» og væpnaren hans, Sancho Panza. Eika symboliserer rettferd, styrke og visdom, tema som går att i forteljinga. Det er neppe vilkårleg at riddaren støyter ein lanse (les: ei grein) av eik i fienden. Eller at det er eikenøtter som stilnar svolten etter nedkjempinga av ein drake (les: ei vindmølle.) Eg vonar eg ikkje deler sinnsforvirringa til riddaren, men éin ting har vi uansett til felles – vi vert sæle i eikeskogen.

Dersom det var vår no, skulle eg ha spådd været for heimbygdingane. Med omsyn til lauvsprett seier ordtaket at «ask før eik gjev steik». Og vidare: «Eik før ask gjev plask.» Så bør eg vel til same tid minnast om orda til Jesus: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stadar enn på heimstaden sin.» Eg ristar snøen av føtene og går vidare inn i skogen.

Framføre meg ligg «kongen av Hjørundfjorden.» Iskrystallar har lagt seg som eit slør over store delar av giganten. Det visne lauvet og dei djupe sprekkane i borken er vovne saman i eit større teppe av liv. Eg tek ikkje avskjed, men gjev heller ein lovnad – ein lovnad om å fortelje soga til dette majestetiske treet.

Eit eikelauv slepp taket i greina det held fast i. Eg løftar det opp og held det inntil øyret. Det byrjar å kviskre: «Vekst, forandring og til slutt kvile. Slik er livet til eit eiketre.»

Eg får halde fram med å tenkje på at det er straum i stikkontakten.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis