Golanhøgdene
Eg er ein okkupant. Omverda vil rekne meg for det. Men for oss som bur her, er dette ein del av Israel. I andre sine auge er det Syria.
Ein syrisk kanon, peikande mot det israelske låglandet, fekk eit strøk med rosa måling då israelarane tok over.
Foto: Kven har teke biletet?
Eg bur på Golanhøgdene i lag med familien min. Kven er eg? Ein nokså ukjend forfattar frå Noreg. Den sjette romanen min kjem på Cappelen Damm i august. Kona mi er jødisk israelar. Vi har fem ungar saman, og ungane går på skule her nede.
Vi har hatt mykje å gjere med Israel dei siste 20 åra, vi har budd her til og frå. Eg snakkar rimeleg godt hebraisk og kjenner meg heime i den livlege israelske kulturen, i dette frie landet blant ufrie land.
Landet Israel er i aller høgste grad ein kakofoni av meiningar og stemmer. Eg vil prøve å gje lesaren innsikt i korleis eg og mange israelarar tenkjer om vårt eige tilvære og situasjonen her.
Vi bur altså på Golanhøgdene. Det kan høyrast dramatisk ut. Men livet i Israel er først og fremst – dei aller fleste dagar, for folk flest – eit vanleg kvardagsliv. På ei anna side: Dette landet går hand i hand med dramatikken. Historia til det jødiske folket har ofte vore svært dramatisk.
Seksdagarskrigen
Under Seksdagarskrigen i 1967 tar Israel kontroll over Golanhøgdene. Syria vil ha Golan tilbake, og landet har verdssamfunnet på si side når det hevdar at okkupasjonen av Golan er ulovleg. Israelarane meiner at dei har rett til å vere her. Dei har forhandla med Syria fleire gonger, utan at det har ført fram. Israel tar ikkje sjansen på å gje frå seg dette området no.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.