Reportasje
Gode tankar
Eg tek ferja til Århus for å overraske teiknaren Kurt Westergaard. Då kjem politiet.
Utsikta frå Danmarks høgste punkt er formidabel. Ja, ein kan mest sjå heile landet og vel så det.
Då eg vakna på det lyse rommet i andre etasje på Hundested Kro og Hotell denne torsdagsmorgonen, hadde eg fått ein idé. Det er ikkje kvar dag at gode idear kjem slik ut av ingenting, og desse flyktige tankefloga stryk snøgt forbi, før dei løyser seg opp i gløymsla, og derfor skreiv eg han straks ned på framsida av magasinet Mit Nordsjælland. Ingenting er så forargeleg som vage minnespor etter ein tanke som glapp, spesielt når det er ein god tanke.
Turistmagasinet raska eg med meg frå resepsjonen i går kveld, og eg ser at eg alt har notert ein annan tanke der: «Danske menn og øl!!!» Meir skal det ikkje til, nokre stikkord og samanhengen stig som ei morgonsol or minnet.
I går kveld, på veg ned frå polarforskaren Knud Rasmussens hus, gjekk eg gjennom eit bustadfelt, og i oppkøyrselen til eit av husa såg eg ein mann ligge under ein bil. Altså, han reparerte eit eller anna, vil eg tru. Så til observasjonen: Det stod ein boks øl der.
Og kva så? Jo, denne ølboksen sette eg straks inn i ein større samanheng, nemleg den observasjonen at danske menn alltid har ein ølboks innanfor ei armlengd. Stongfiskarane langs Øresund – øl; bocciaspelarane ved Kronborg slott – øl; fedrar på stranda ved Humlebæk – øl. Sjølv i gågata i Helsingør slentra ektemenn med ein ølboks i handa, mens konene gjekk inn og ut av butikkar. Det verkar som om danske menn er like knytte til ølboksen som eg er til mobiltelefonen.
Hangen til rusdrikk finn eg prov for i statistikken. Mens nordmenn drikk sju liter rein alkohol i året, drikk danskane tolv. Nær 860.000 danskar er storforbrukarar av alkohol, og menn drikk dobbelt så mykje som kvinner. To av ti menn, det vil seie 140.000, er drankarar. Øl, vin og sprit kan ein få kjøpt døgnet rundt på butikkar og bensinstasjonar, og overalt er det freistande reklameplakatar med bilete av doggfrisk øl, og han er billeg. På Coop ved jarnbanestasjonen i Helsingør kosta ein sekspakning 37,50 pluss pant. Ja. Nei, det var berre ein observasjon.
Når eg kjem inn i frukostsalen, helser dei andre gjestane meg med eit blidt god morgon. Helsinga kjem bardus på, for sist eg kom inn i ein frukostsal, var eg i Sverige. Der helste ingen om morgonen, nei, der skal ein vere taktfull og smidig, og helst ikkje møte blikket til nokon, men finne seg mat, ete opp og forlate salen utan å sjenere. Men her hos dei gladlynte danskane er der tydelegvis andre reglar, og eg helser blidt tilbake. Dette må eg legge meg på minnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.