JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

God restaurering
krev eit anna skogbruk

Dei trehusa som har tolt vind og væte gjennom hundreåra, er bygde av utvalde emne. Materialen kom frå andre skogar enn dagens. Trea vaks seint. I dag har skogane stort volum, men kvaliteten har gått ned under iveren etter mange kubikkmeter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skog med tre av ulik alder, her gran. Når små planter spirer under større tre, må dei kjempe for livet i lite lys, energien som driv veksten. Årringane vert tynne og veden sterk. Skogen inneheld tre i vekslande dimensjonar som høver til ulike emne i bygningen.

Foto: Gjermund Andersen

6442
20181221

Restaurering

Erik Solheim har restaurering av gamle hus som levebrød og deler kunnskapen sin med Dag og Tid-lesarane.

Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), har undervist i natur og naturbruk og har vore leiar for Naturvernforbundet.

Evna treverk har til å stå imot ròte, aukar di mindre årringane er, altså di mindre den årlege volumtilveksten er. På fure strekkjer alveden seg lenger ut i stammen når åra går. Dette heng saman med at tilveksten minkar, ein del av baret dett av og treet treng ikkje like mange røyr som transporterer vatn og næring. Meir av veden vert tetta med harpiks, han blir alved. Trea kjem nærare sylindrisk form. Er dei retteleg gamle, eit par hundre år eller meir, er også geitveden tettvaksen og ròtesterk. Mange andre faktorar enn alderen avgjer kor mykje alved treet får, og om han er av beste sort, feit og tung og raud i leten. Varig material har vi mest bruk for til vindauge og utedører, kledning og utvendige lister, svillstokkar, torvhaldsstokkar, vindskier og alle slags taktekkje av tre.

Slike eigenskapar er knapt i handelen. Trelastindustrien skjer etter dimensjonane på stokken, ikkje kvaliteten. Byggjevarebutikkane fører godt og dårleg samfengt. Vindauge som har klart seg i hundre år eller meir, kan sjå dårlege ut, målingslitne og med lite kitt igjen. Men under yta er veden ofte like god. Mange gamle vindauge, som gjennom åra har vist at dei toler tida, har vore vraka og erstatta med nye og langt mindre varige. Gradvis veks kunnskapen om kva som skal til for å restaurere med material som står seg. Problemet er å få tak i treverk med dei rette eigenskapane.

Rovhogst

Då dei bygde stavkyrkjer før og etter år 1100, kunne dei nok velje tettvaksne stokkar i eldgamle skogar. Hus frå 1400-talet er av tre som har vakse mykje raskare, truleg på dyrka mark som låg for fefot etter svartedauden. Det skriv Terje Thun ved NTNU Vitskapsmuseet i Fortidsvern. Oppfatninga byggjer på dendrokronologiske dateringar, som er å finne alderen på gamle hus ved å analysere variasjonar i årringsbreiddene. Så, midt i 1500-åra, skaut husbygginga fart igjen, med tilgang på mykje gammal skog. Samstundes starta trelasteksporten. Enorme mengder tre fall for øksa. Også gruvedrift la vide vidder snaue; det var ein periode med regelrett rovhogst. Grana grodde inn på mark med tidlegare fureskogar, og gran vart vanleg byggjematerial aust for Langfjella og i Trøndelag. No er igjen kubikkmassen i skogane stor, men trea får ikkje utvikle dei eigenskapane som gjer trevyrket varig. Å finne veleigna material til restaurering av stavkyrkjer og verdslege hus frå mellomalderen, har vore eit arbeid med mykje leiting. Dei som skal vøle gamle hus rundt om i landet, veit ofte kva dei treng, men får ikkje tak i det.

Terje Thun har òg stilt dette spørsmålet: Kvifor har stavkyrkjer stått i 900 år utan skade av insekt, medan yngre hus i same området ofte har store skadar av mott og husbukk. Er det slik at den beste materialen også står seg mot insektgnag?

Å ta vare på bygningsarven krev skogar med tre som veks seint – og som får stå til trea er utvaksne. For fure er det eit par hundre år eller meir. Skog som er dyrka for å vekse fort, er ueigna. Restaureringsbransjen er ute etter noko heilt anna enn det industriskogbruket kan levere. Trebåtbyggjarar går ut i marka og leitar opp tre med dei eigenskapane som trengst – ein plukkhogst med det i mente at tre som enno ikkje er gode nok, kan bli det seinare. Det same gjorde dei nok òg, dei som bygde husa vi har igjen frå mellomalderen. Å vekkje opp igjen denne skikken kan gje meir veleigna material til vedlikehald av bygningsarven.

Levande materialbank

Dette krev eit anna skogbruk. Ein start kan vere å syte for at gamle tre med godt innhald får stå igjen etter vanleg hogst til industrien. Romedal og Stange Allmenningar i Hedmark har sett i gang med å registrere tre som eignar seg til restaurering, for å la interesserte kjøpe dei på rot. Dei vert ein levande materialbank. Nytten for skogeigaren er høgre pris. Den andre oppgåva er å vekkje til live igjen kunnskapar og innsikt som nesten gjekk i grava til fanfarar frå flateskogbruket. Slikt er ikkje gjort i ei handvending. Å velje det rette treet krev trena sansar for eigenskapane under borken. Nokre få hadde enno i nyare tid tradisjonen levande i hovud og hender. Dei kunne vise veg. På det grunnlaget livnar ein avansert tradisjon sakte til igjen.

Når spørsmålet er etter styrke mot bøying og brot, er svaret det same som for evna til å stå imot tærande mikroorganismar: tette årringar etter sakte vekst gjev stor styrke. Slik er det også med gran. Er materialen av rette treet, varer han lenger og toler meir tyngde enn ringare kvalitet. Til nye sperrer på ei svensk steinkyrkje felte snikkarane ei lang, bein og nøye utvald fure. Først kløyvde dei ho i to, med økser og kilar, så kvar halvdel i to og til slutt kvar firedel i to. Dei hadde funne ut at slik var originalane laga. Eitt tre gav emne til åtte sperrer, som dei hogg firkanta med yteveden ned i rommet. Til berande delar er geita sterkast mot det strekket som kjem på undersida.

Til meir vanlege hus er dimensjonshogst svaret, altså å felle tre som er tjukke nok – men ikkje meir – til det stykket som trengst. Til granne emne som skal tole mykje, er det å leite opp tre som har nådd høg alder utan å bli store. Ein tilvekstbor er eit godt hjelpemiddel for å finne dei rette, om dømmekrafta er usikker. Unge tre som har vakse raskt, er alltid veike.

Dei beste trea

Kvar i skogen finn vi så dei beste trea, og kva kjenneteiknar dei? Nordiska museet kom i 1982 med mange svar etter intervju i Sverige på 1920-talet. Nokre av punkta er: På mager jord veks skogen seinare og får tettare ved. Når trea står tett, vert det mindre kvist nede i stammane. I nordvende skråningar vert greinsettinga meir balansert og spenningane i veden mindre. Runde stammar er eit teikn på roleg ved. Korte toppskot viser at treet har nådd høg alder og gode eigenskapar, som mykje kjerneved. Dimensjonane på treet skal høve til den ferdige materialen.

Erik Solheim

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei som skal vøle gamle hus rundt om i landet, veit ofte kva dei treng, men får ikkje tak i det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis