Historie

¿ Gjennom Ingemar Nordstrands rike

Ein entusiast frå Hyllestad sytte for at postvegen vart restaurert i 1970- og 1980-åra. I dag har det grodd mose på entusiasmen.

Posten vart rodd langs Dalsfjorden frå Tross i Dale til gjestgjevarstaden Sveen i Bygstad, som vi ser i bakgrunnen.
Posten vart rodd langs Dalsfjorden frå Tross i Dale til gjestgjevarstaden Sveen i Bygstad, som vi ser i bakgrunnen.
Publisert Sist oppdatert

Namnet er Postvågen. Hit kom posten i land etter den ti kilometer lange roturen over Fensfjorden. Landingsbryggja ligg inst i vågen og er fint restaurert. Vegen vidare er idyllisk, med benker strategisk plassert for turgåarar. Strekninga vidare til Eide er den kortaste på heile postvegen mellom to roskyssar, berre fire kilometer.

Postvågen er eitt av hundrevis av norske stadnamn knytte til posten: Postbekken, Postmyra, Posthagen, Postvollen, Postvika, Postdalen, Postholmen, Postbrekko, Post­­manns­­­vegen, Post­mester­vatn, Post­husbakken og så vidare. Heile det norske landskapet fekk sitt tydelege poststempel – ingen andre europeiske land hadde i 1920 fleire poststader per innbyggjar, og berre Danmark hadde fleire postkassar. Talet på faste postkontor, postopneri og brevhus kom i gullalderen i slutten av 1950-åra opp i nesten fem tusen, mens talet på landpostbodruter passerte to og eit halvt tusen. Utbygginga av posttilbodet var ein viktig del av velferdspolitikken i etterkrigstida. Posten var eit sosialt gode som flest mogleg skulle ha best mogleg tilgang til.

Velstand og rikdom var ikkje det utanlandske reisande oftast kunne sjå langs postvegen tidleg på 1800-talet. Engelskmannen John Barrow, som reiste nordover frå Bergen med følgje i 1833, meinte at skysskiftet på Eide var det fattigsligaste han hadde sett på heile reisa. Far i huset såg så sjukleg og hungrande ut at Barrow fann det passande å sitere frå Shakespeares Romeo og Julie: «Med tunge augnebryn gjekk han, skrinn og bleik, hard hunger hadde gnage han til beinet» (Halldis Moren Vesaas si omsetjing). Medan engelskmennene såg på, sat huslyden og åt grauten sin utan å seie eit ord. Etterpå sette alle i gang med ein veldig hikke, fordi dei hadde ete så fort.

Stykket vidare til Nordgulen er ein av dei lengste roturane på vegen, og det kan vere vêrhardt nok sjølv om farvatnet er innelukka. Franskmannen Jacques-Louis de la Tocnaye fekk problem på veg sørover i 1799: «Rorskarane var flinke til å bruke årene og kreftene mot vinden, men etter tre timars slit hadde vi likevel berre tilbakelagt ei kvart mil. Vindstyrken auka stadig. Då vi runda ein odde, fekk vi ein styrtsjø over oss. Båten tok inn vatn, snurra rundt som ein snurrebass og truga med å søkke. Karane fekk seg ein støkk og heldt på å miste årane, og eg vart nøydd til å gå føre med eit godt eksempel og vise meg mykje modigare enn eg var. Ved å setje alle krefter til kom vi oss inn i ei lita vik, der eg spanderte ein styrketår ­– eit remedium som brukar å ha ein reint magisk verknad her i landet.»

Dagen før hadde Tocnaye passert Sognefjorden, som er den mest utsette av fjordstrekningane langs postvegen. Vêret var roleg, men då følgjet kom til lands i Rutledal, ville roarane ha meir betalt enn dei skulle. Då tok Tocnaye fram pistolen sin og utfordra dei med torestemme til å våge seg eit skritt nærare: «Denne heltemodige haldninga fekk dei til å innsjå at eg ikkje var nokon alminneleg tosk, og etter ei stund forsvann dei etter å ha bukka og bede om unnskyldning.»

På nordsida av Sognefjorden kom posten i land i Leirvik, som hadde postopneri. Bygda var eit knutepunkt i postsystemet – herifrå gjekk det roande sidepost på Sognefjorden. På Frønningen, elleve mil lenger inn i fjorden, korresponderte sideposten med postruta Bergen–Kristiania, og dermed kunne ein unngå å frakte posten langs den vanskelege ruta på Nærøyfjorden, der det ofte var meinis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement