Gjennom Borneos indre
Guiden handlar hermetikk til ekspedisjonen vår, sjølv om det er tungt å bere. Det som uroar meg, er at han ikkje kjøper inn noko meir.
Nedre Barito 6
Samarinda blir ein slag base camp for ekspedisjonen gjennom det sentrale Borneo. Her skal vi leggje planen, bli kjende og handle inn forsyningar og utstyr, guiden min Mukhtar og eg. For meg er han enno ein ganske gåtefull person. Han seier ikkje stort, heller ikkje når eg nærast pressar han.
Mange norske ordtak hyllar evna til å vere stille, eller kanskje til og med ei manglande evne til å snakke: «Stille vatn har djupast grunn», «Tale er sølv, tagnad er gull» og så bortetter. Men knapt noko ordtak er universelt gyldig, og dessutan slår dei som oftast kvarandre i hel, slik at den eventuelle visdomen blir nulla ut. I nokre språk og land finst det garantert ordtak om at det er mykje smartare, trivelegare og meir funksjonelt å seie noko enn berre å sitje der og sture og halde kjeft.
Stille kan i mange samanhengar vere fint nok. Men det er ikkje først og fremst denne kvaliteten ein spør etter hos ein guide ein har betalt i dyre dommar for å fortelje alt han veit om alt.
Før ville eg reist åleine, så langt det hadde vore mogleg. Då hadde eg mykje tid og lite pengar. No er det omvendt, og eg har betalt folk som vonleg har kompetanse til å leggje opp turen slik at han berre skal ta ein månad. Det går elvebåtar opp Mahakam-floda heilt til Long Bagun, og dit kunne eg fint ha klart meg på eiga hand.
Men dette, som for dei fleste blir rekna som eit endepunkt, er for meg snarare eit startpunkt. Problema ville ha starta der, så snart det ikkje lenger fanst organisert transport. For planen er å reise vidare oppover, inn ei av sideelvane, over eit fjellpass, for så å kome seg ned til sivilisasjonen igjen, ved nye elvesystem på den andre sida av vasskiljet.
I heile dette området bur det ingen. Mukhtar og eg treng med andre ord å leige med oss lokale dayakar som kjenner området og er til å stole på, og som må skjøne nøyaktig kva eg ynskjer. Det ville vore vanskeleg for meg å ordne dette åleine, og språk er berre éin barriere. Difor er eg avhengig av hjelp frå ein slik som Mukhtar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.