Gjennom Borneos indre
Vegen til Samarinda er full av tropisk mangfald. Men sterke krefter vil drive fram ei arabisering av Indonesia.
Masjid Baitul Muttaqien, moské og koranskule ligg i Samarinda ved Mahakam-floda.
Etter nokre få dagar i hovudstaden Jakarta tek eg fly nordover over Javahavet til Balikpapan. Det er ein by på Borneo, som er den tredje største øya i verda. Carl Lumholtz trudde, til liks med alle andre på den tida, at Borneo var verdas nest største øy. Men Ny-Guinea, som han eigentleg ville utforske, er større enn Borneo. Det visste ein ikkje i 1914, og Lumholtz visste heller ikkje at første verdskrig skulle kome til å forstyrre Ny Guinea-planane hans, slik at han utforska det indre av Borneo i staden.
Så kor stor er eigentleg Borneo? Vel, øya er ein god del større enn Texas. Arealet er det dobbelte av Noregs, medrekna Nord-Noregs umåtelege og storslåtte øydemarker. Like stort som England, Skottland, Wales, Tyskland, Tsjekkia og Ungarn til saman. Om du er blant dei som føretrekkjer Østfold som måleeining, kan eg opplyse at Borneo er 178 gonger så stort.
Vi flyg éin time langs austkysten, og frå flysetet har eg utsikt mot det grøne hjartet av fjell og junglar. Borneo har ein av dei eldste urskogane i verda. Dei er ei av jordas såkalla «grøne lunger». Der inne er det ganske så uframkomeleg, med tusenvis av artar på kvart dekar, og langt frå alle er skildra av vitskapen. Slik er det på ingen måte langs kysten i våre dagar. Så langt auga kan sjå, er det planta oljepalmetre, i snorrette liner som går mil etter mil inn i horisonten. Mellom kolonnane er det breitt nok til å køyre maskiner som kan hauste fruktene. Dette er monokultur teken ut i parodien.
Etterspurnaden etter palmeolja kjem i høg grad frå Vesten. Noreg og andre rike land importerer stadig meir, fordi vi vil vere miljøvennlege og forstavinga «bio», som i biodrivstoff, kling miljøvennleg. Som så ofte elles synest symboleffekten å vere viktigare enn den reelle miljøeffekten. Palmeolje er ifølgje vitskapen nesten dobbelt så skadeleg for klimaet som fossil diesel. Produksjonen av palmeolje inneber at ein høgg ned regnskog. Den same biotopen som Noreg med den andre handa gjev nærare ti milliardar kroner årleg for å verne. Slik får vi billig planteolje, samstundes som vi kan vere stolte av bidraget vårt for å verne naturmangfaldet i verda.
Eg lenar meg tilbake i flysetet og kjenner ei litt nervøs sitring i kroppen. Sitringa har alt sete der i vekevis, og eg har kjent ho før, i forkant av krevjande reiser inn i det ukjende. Den einaste forløysinga, veit eg, er å kome ordentleg i gang, for då vil praktiske gjeremål fortrengje fantasien, som i mangel av konkret stoff på eiga hand skapar bilete av det som ventar. Om ei dryg veke er eg etter planen på bakken der inne, i djupet av urskogen, etter ei reise med gamle elvebåtar opp Mahakam-floda, så langt det er mogleg å kome med offentleg transport. Deretter må alt ordnast etappe for etappe, med hjelp frå lokale.
I hjartet av Borneo skal ein kunne gå i vekevis og nærast vere garantert ikkje å møte eit menneske, sjølv om det er det einaste ein skulle ynskje. Dei utilgjengelege inste delane av øya skal vere like utilgjengeleg i dag som då Carl Lumholtz reiste på oppdagingsferd for hundre år sidan og skreiv Under tropenes himmel: to år blandt hodejegerne på Borneo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.