Gjennom Borneos indre

Slik går ein gjennom Borneos urskog: med eit lite og forsiktig skritt om gongen.

Tusenbein på Borneo i tilnærma naturleg storleik.
Tusenbein på Borneo i tilnærma naturleg storleik.
Publisert

Etter ein frukost (kokt ris) pakkar vi saman leiren, kryssar elva med båten og går i land der store Kasao møter vesle Brani. Denne elva er for lita og fell dessutan altfor bratt ned fjellsida til at båt kan brukast. Vi trekkjer båten mange meter opp på land, bind han fast og tek til å gå.

Hittil har vi reist langs store elver, stadig lenger inn i landet. No er vi verkeleg i det indre av Borneo, og tida er komen for å byrje å gå gjennom skogen, over Muller-fjella og vasskiljet, ned mot Barito-floda. Det er altfor langt å gå til den næraste landsbyen på den andre sida. På ein eller annan måte må vi finne oss ein båt langs ei av dei store elvene på den andre sida.

Lumholtz og følgjet hans brukte nesten tre veker på turen – som gjekk i motsett retning av vår. Dei var mange fleire enn vi er, rundt femti personar, kor dei fleste var lokale berarar som frakta store mengder forsyningar og utstyr rundt stryka og over fjellpasset. Dette var svært tidkrevjande. På den andre sida brukte dei båtar mesteparten av vegen, medan vi skal gå til fots, noko som normalt tek mykje lengre tid.

Det kjennest forløysande å endeleg byrje å gå. Men eg merkar raskt, og utan å bli overraska, at dette ikkje blir nokon spasertur i parken. Digre tre har mange stader velta over Brani. Då gjeld det å klatre over eller sno seg under trestammane, som kan vere to meter tjukke. Med ein stor og tung sekk på ryggen er det ikkje alltid så lett. Nokre stadar har stokkar og greiner samla seg til eit ugjennomtrengjeleg virvar som minner om beverdammar. Då må vi gå rundt, inn i skogen. Tigang ryddar veg gjennom vegetasjonen med ein mandau (machete), opp og ned dei bratte og gjørmete åssidene. Eg har vanskeleg for å halde meg på beina og kjenner meg klønete og tung. Samanlikna med Tigang er det òg akkurat det eg er. Han smett lydlaust forbi alle hindringar, og eg greier berre å halde følgje når terrenget er enkelt, det vil seie når vi vassar i Brani.

Langs bekkene og elvene finst heile skalaen av grønt, som dei fargekarta ein får i målingsbutikkar der nyansane er så mange at ein aldri greier å velje.

Eit par gonger mistar eg fotfestet på dei slimete stokkane vi må balansere over, og ramlar i elva. Det gjer ikkje anna enn at eg blir våt, men her er det utvilsamt lett å skade seg. Når vi går bort frå elva, er lianar, røter og krypeplanter langs bakken usynlege der det er tett undervekst, og desse fungerer som snubletrådar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement