Gjennom Borneos indre

Vi må nesten snakke om hovudjegerane.

Punanane heldt seg djupt inne i skogen, likte ikkje sol og var lysare i huda enn andre folk på Borneo.
Punanane heldt seg djupt inne i skogen, likte ikkje sol og var lysare i huda enn andre folk på Borneo.
Publisert

Vi har passert vasskiljet i Müller-fjella og er på veg nedover Bokaang-elva. Vi overnatta ved Bokaangs øvre løp, der ho nærast var ein bekk. Men mange bekker små gjer ei stor å. Stadig nye sideelvar kjem ut av tronge sidedalar og gjer Bokaang større, og etter kort tid liknar Bokaang på ei elv.

Heldigvis for oss har det regna uvanleg lite dei siste par dagane. Vasstanden i elva er låg, og straumen svak, slik at vi kan gå i elva nesten heile tida. Når elva blir djup, har eg eit naturleg fortrinn i høve til Mukhtar, Tigang og Johan. Eg er minst tjue centimeter høgare og kan gå i vatn som er tilsvarande mykje djupare. Dette er det einaste fortrinnet eg har, samanlikna med desse tre vande jungelvandrarane.

Å gå i vatn til livet eller meir, i time etter time, kjennest uvant og merkeleg, men temperaturen er behageleg, og dei store trea langs breidda lagar eit tak av lauv over heile elva, slik at vi er verna frå direkte sollys. Dei få gongene eg er direkte eksponert for sola, når elva må kryssast på ein stad der ho er ekstra brei, prisar eg meg lukkeleg over det.

Oppe i lauvtaket er det ei eiga verd, med ei ukjend mengd arter som lever berre der. Forskarar finn stadig nye, som «ninjasniglar» med kalkspyd som fungerer som hormonsprøyter, eller gigantiske pinneinsekt som ein kunne lage bål med utan å merke at dei ikkje er pinnar. I bekker og elver som den vi går i, har dei oppdaga froskar utan lunger. Froskane pustar gjennom huda, noko som har skapt ein viss sensasjon blant biologar.

Når vi går inne i skogen, oppdagar nok alle dyr oss, i alle fall meg, lenge før vi kan oppdage dei. Greiner blir trakka på og bregnar skubba unna, slik at alle dyr veit at vi kjem. Om vi stansar, høyrest rørsler og varselrop framom oss. Fleire gonger høyrer eg gibbonar i trea eit stykke unna, men eg får aldri auge på ein einaste av desse apane.

Men når vi går i elva, der det rennande vatnet skapar sildre- og klukkelydar, oppdagar somme dyr oss ikkje før vi er tett innpå. Midt på dagen går Tigang og eg på ein varan. Øgla, som Tigang kallar ein bioavak, er over ein meter lang og sit på ein stor stein i elva, med hovudet vendt nedover, rett ovanfor eit lite stryk. Vi er berre nokre meter unna når han oppdagar oss. Då stuper han med stor spenst ut i det friske, klare vatnet og sym nedover i stor fart med kraftige slangeliknande rørsler, og blir borte blant nokre tre som ligg velta i elva.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement