Gjennom Borneos indre

To kvite menn lever i minnet til urfolk i hjartet av Borneo. Den eine førte krig mot japanarane, den andre mot øydelegginga av skogen.

Tom Harrisson bit negler på dette portrettet, men angst var den mannen lite plaga av.
Tom Harrisson bit negler på dette portrettet, men angst var den mannen lite plaga av.
Publisert

Ferda vår ned Bokaang held fram, og det går raskt framover, for vi har vore heldige med vêret. Det har ikkje regna mykje, slik at det er lite vatn i elva, dermed kan vi stort sett gå i og langs ho. Når det byrjar å regne tungt den tredje dagen, forstår eg kor heldige vi har vore. Etter eit par timar har elva stige med over ein meter. Dermed forsvinn elvebreidda under vatn, og vi må inn i skogen, til den våte underveksten, opp og ned dei bratte og glatta ravinane, langs dei gjørmete bekkefara, inn til blodiglene, maurane, tusenbeina, skolopendrane og knotten. No tar det ein heil dag å gå rundt åtte kilometer i luftlinje.

Ein ekstremt hissig type eldmaur strøymer til, med sirenene på, om vi stansar på feil plass, noko Tigang og eg gjer ved eit par høve. Han lèt seg ikkje affisere, men tar opp ein mellom fingrane og fortel at maur kan vere eit ordentleg problem. I landsbyen hender det at dei angrip og tar livet av kyllingane deira, eller til og med små grisungar.

Blodiglene har eit bedøvande stoff i spyttet, slik at ein som regel ikkje merkar bitet. Med eldmaurane er det motsett. Når dei stikk eller bit, sprutar dei gift inn i såret, og det er smertefullt. Det er hundrevis av ulike artar maur på Borneo, og nokre har utvikla nesten utrulege metodar for angrep og forsvar. Til dømes kan ein art (Colobopsis saundersi) «eksplodere». Ein stor del av kroppen er ein slags gifttank, og om nokon angrip mauren, blir kroppen «sprengd», slik at angriparen vert smurd inn med ei klissen gift. Mauren døyr sjølv av gifta og er altså ein slags sjølvmordsbombar.

Ofte er det ganske umogleg å forstå at evolusjonen har skapt mekanismar som denne. Ein kan skjøne at til dømes denne strategien kan verke, og det at slike maur i det heile finst, viser jo at han gjer det. Men mekanismen kan ikkje ha oppstått fiks ferdig. Han må ha utvikla seg over lang tid, med ei stor mengd ubrukelege mellomvariantar og mutasjonar, før mauren fekk han til å verka og bli ein fordel. Men evolusjon er tid pluss genetikk, og når denne kombinasjonen får verke lenge nok, blir resultatet det enorme mangfaldet av liv som finst på jorda.

Det blir den hardaste dagen så langt, sjølv om vi ikkje går så mange kilometer i luftlinje. Når vi slår leir, sluttar det å regne, og det blir ein vakker kveld, med mykje fugleliv i trea over oss og langs elva. Etter regnet er det mykje silt i elva, ho får same farge som kaffien med tørrmjølk som vi drikk. Derfor fiskar vi ikkje denne kvelden, vi et ris og kjøt i karri på boks.

Ein isfugl (knall blå på oversida, oransje på brystet) held til i nærleiken av leiren vår og verkar litt irritert over å bli uroa på territoriet sitt. Denne kvikke og vakre fuglen, som minner om ein forstørra kolibri, har ein ganske vanleg, plystrande song. Men mange av fuglane i urskogen høyrest ut som dei snakkar meir enn dei syng, i den forstand at dei overfører signal og varslar i staden for å kvitre små melodiar. Fuglane skrik, pip, kaklar og snadrar, og somme gonger er det reine fugletribunalet. Det er ein musikk i dette òg, men meir ei form for moderne jazz enn harmonisk popmusikk à la ein svarttrost. Det finst ti tusen fugleartar, og kvar art har sitt eige språk som dei greier å skilje frå alle andre sitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement