Gjennom Borneos indre
Vi er på veg opp langs elva Bulo, på desperat leiting etter ein båt som kan ta oss tilbake ned same elv og vidare til Busang og Barito-floda.
Lumholtz, truleg på veg opp Bulo, med lite vatn i elva.Lumholtz, truleg på veg opp Bulo, med lite vatn i elva.
Eg la alle egga i éi korg då eg nekta å gå vidare med Mukhtar åleine, og tok sjansen på at det kunne finnast ein båt oppstraums.
Så langt er det ingen teikn til menneske, korkje gullgravarar, jegerar eller samlarar. Om vi ikkje finn ein båt, kjem heile opplegget eg har freista å få til – å kome meg gjennom det sentrale Borneo i fotspora til Carl Lumholtz – til å gå i vasken. Då vil eg ikkje ha kryssa gjennom hjartet av den ville urskogen på Borneo, men tatt ein U-sving. Det vil framleis ha vore ein eineståande interessant tur, trøystar eg meg sjølv med, medan eg vadar til livet i vatn. Men eg lèt meg ikkje lure. Det ville blitt eit nederlag som eg veit kjem til å plage meg i månader og år.
Derfor er eg like spent på om det er teikn til folk kvar gong vi rundar ei krumming i elva. Forresten tar det til å hølje ned, og elva stig og stig, over ein meter på eit par timar, slik at vi må bort frå elva og inn i skogen, med berre korte visittar innom Bulo. Det gjer meg nervøs for at vi kanskje kan passere ein båt utan å merke det, men Tingang seier at det er utenkjeleg. Om ein båt er på veg oppetter, kan han berre vere på nokre få plassar.
Som vanleg går vi med ganske lang avstand mellom oss. Tingang småspring først, eg følgjer etter så godt eg kan, og Johan og Mukhtar går bakarst. Ein plass mellom sideelvane Hakong og Anui mistar vi Mukhtar. Vi sit og ventar i eit kvarter, men han dukkar ikkje opp. Johan og Tingang må snu og leite, og dei ber meg vere i ro der eg er.
Eg legg meg oppå eit digert tre som ganske nyleg må ha velta over ende. Stammen er glatt og brei, eg ligg som på ei hard seng og stirar opp i vêret. Eg er på toppen av ein skogdekt ås, men som vanleg er det inga utsikt, på grunn av den høge og tette skogen overalt rundt. Over meg kan eg skimte himmelen, høgt der oppe. Små sjakter av lys finn vegen nedover eit stykke gjennom lauvet, men ikkje ein stråle av sollys når heilt ned til bakken.
I starten er det fullstendig stille i skogen, men etter ei stund blir eg merksam på liv rundt meg. Skogen vaknar sakte, når han trur inntrengarane er borte. Nedanfor der eg sit, begynner plutseleg eit stort dyr å romstere rundt. Det er truleg eit villsvin, eller kanskje til og med ein månebjørn på leiting etter honning, sjølv om det ikkje er så sannsynleg, for dei er langt sjeldnare i dag enn på Lumholtz’ tid. Eg reiser meg opp frå stammen og speidar, men eg har berre sikt på nokre meter og lèt dyret halde på i fred. Skogbotnen er dampande våt og dekt av lauv, som på ein kyrkjegard om hausten. Men her er det berre éi årstid, og i den går det føre seg ei evig nedbryting av organisk materiale, det luktar alltid søtleg, fuktig ròte overalt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.