Gjennom Borneos indre

No skal Mukhtar og eg vere åleine, og det knyter seg i magen berre ved tanken.

Mukhtar, Tingang og Johan ved elva Bulo.
Mukhtar, Tingang og Johan ved elva Bulo.
Publisert

I vandringa vår gjennom urskogen er vi nådd fram til punktet der elva Bokaang (som Lumholtz kallar Bakkaang) renn saman med den større elva Bulo (som Lumholtz kallar Bulao). Dette er eit vegskilje. Frå dette punktet skal Johan og Tingang byrje å gå tilbake, og overlate Mukhtar og meg åleine til jungelen.

Vi er langt inne i høglandet i det indre av Borneo. På Lumholtz’ tid dreiv enno nomadar og halvnomadar rundt i desse skogane. Det gjer det ikkje lenger. I alle retningar er det mange titals mil med folketom jungel, gjennomskoren av store elvar og skogdekte fjell og åsar. Vi er mange dagsmarsjar unna noko som kan minne om ei busetjing, og Mukhtar og eg ville aldri funne fram på eiga hand. Så lenge Johan og Tingang har vore med, har vi aldri tvilt på kor vegen går. Eg er redd den tida er over.

Mukhtar og eg har knapt snakka saman på heile turen. Han ser tilsynelatande på det han driv med som ein slag leveringsservice, og eg er ein pakke som skal fraktast frå eitt punkt til eit anna. Oppgåva er å føre meg tilbake til sivilisasjonen i levande tilstand. Så lenge eg lever, har eg ikkje noko eg skulle ha sagt. Reklamasjonsretten slår først inn om ein døyr.

Vi har ikkje det kameratskapet og den tilliten som er så naudsynt for at tette opplegg som dette skal fungere. Eg lit ikkje på evnene hans, og dessutan har eg rett og slett ikkje lyst til å vere åleine med han i jungelen. Han har sjølv sagt at han alltid hamnar i trøbbel, men at han alltid har kome levande frå det, så langt. Då han fortalde dette, hengde eg meg opp i dei to siste orda.

No byrjar eg, etter nesten å ha halt informasjon ut av han med tong, å skjøne kva planen hans er: Vi skal gå ned Bulo til vi kjem til Busang. Deretter held vi fram vidare nedover til vi ein vakker dag når Barito-floda. Det er umogleg å gå heile vegen. Det han håpar på, er at det skal kome ein liten elvebåt forbi, kanskje med gullgravarar, og at denne er villig til å ta oss med nedover til vi når ein av dei ytste utpostane med folk. Dette kan ta lang tid, og vi har berre nokre kilo ris igjen, nok til tre–fire dagar. Korkje Mukhtar eller eg er garanterte å få fisk, og det blir vanskelegare di større elvane er, spesielt når det har regna mykje og dei er fulle av silt.

Planen krev meir flaks enn eg set pris på. Ikkje mange reiser så langt opp elvane, inn i det som for dei fleste er ukjende område. Éin ting er at det kostar masse pengar i bensin. Folk tek berre denne reisa om dei har noko å gjere her, som å grave gull, jakte ulovleg på sjeldne fuglar, leite etter svalereir i grotter eller gaharu (treet som er verd vekta si i gull om det er av den sjeldne, mørke typen). Folk som driv med slikt, gjer det i løynd, og ofte er det ulovleg. Dei er hardbarka villmarkstypar som alltid har våpen, og er villige til å gå langt for å verne interessene sine.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement