Gjeller
Min båt er så liten og havet så stort. To studentar frå Høgskulen på Vestlandet sjekkar om vasskvaliteten i merden er god nok.
Foto: Arve Nilsen
Under overflata
Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinærinstituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene av lakseoppdrett.

Vi sit på framskotten av den vesle båten vår, på veg over fjorden ein særs blank sommardag. Eg og vesleguten ser utover alt den solblenkande glimmeren. Lufta er salt og frisk, og havet er så stilt at horisonten løyser seg opp, hav og himmel går i eitt, og det er mest som å sveve.
– Veit du, pappa, seier han. – På planeten vi kallar jorda, er det mykje meir hav enn jord.
Så legg han til noko som gjer vitskapsmannen i meg ekstra nøgd:
– Og veit du, det aller meste av det havet er enno heilt ukjent for oss menneske.
Han har heilt rett, havet er stort, men større og djupare er kunnskapsløysa. Menneska erobra landjorda og tvinga henne etter kvart under seg med åkerbruk og husdyr, byar og vegar, industri og søppel. Vi flyg som gudar over himmelen, og dei rikaste blant oss planlegg no å ta sommarferien i verdsrommet. Men korleis ville det ha vore å utforska havet?
Høgteknologisk design
Det blir ofte framstilt som om menneskefostera går gjennom ein snøggversjon av utviklingshistoria der vi svevar vektlause i fostervassuniverset. På eit tidspunkt har vi hale, og ytst på lemmane er fingrar og tær framleis smelta saman i luffeliknande utvekstar – det vesle mennesket ser meir ut som ein fisk eller eit lite amfibium, kanskje eit rumpetroll.
På kvar side av halsen har små foster til og med noko som lenge vart rekna som gjeller, noko som viste seg å ikkje vere heilt tilfelle. Det er litt synd, for om vi hadde fått utvikla gjeller i tillegg til lunger, kunne vi ha erobra også denne siste delen av planeten. Rett nok kunne ha vi tatt etter kvalane og selane, berre lært oss å halde pusten. Kvalane var jo landdyr ein gong, og så vandra dei tilbake til havet, men dei måtte ta med seg lungene og pattedyrfysiologien i same slengen.
Gjeller, derimot, det synest eg er litt meir sofistikert. Dei har ein finstilt høgteknologisk design basert på motstraumsprinsippet, der blod og vatn går kvar sin veg. Alle som er utstyrte med gjeller, kan hente ut oksygen rett frå vatnet og samstundes effektivt skilje seg av med avfallsstoff. Med gjeller kunne vi ha vore under vatn nett så lenge vi ville, vi kunne ha utforska djupet og kan hende berre ledd av truslane om stigande havnivå (viss det er mogleg å le under vatn).
Oppdrett og andenaud
Laksen er ein fisk, han har gjeller og kan i tillegg puste og leve i både sjøvatn og ferskvatn. Den tamde oppdrettslaksen lever eit rolegare liv enn dei ville artsfrendane, men andar framleis under vatn og treng mykje oksygen for å symje, ete og vekse. Men dei siste åra har stadig fleire laks fått andenaud nede i merdane.
Noko kjem av at det er for mykje fisk og for lite vatn, oksygenet blir brukt opp, og fisken vantrivest. Det kan vi gjere noko med: betre sirkulasjon, mindre fisk, meir vatn og oksygen. Verre er det at gjellene òg blir angripne av tallause sjukdommar. Ein alvorleg amøbesjukdom skal ha kome heilt frå Tasmania, andre parasittar, virus og bakteriar med lange og latinske namn står i kø for å slå seg ned på dei raude og blodfylte og freistande gjelleblada. Kronisk gjellebetennelse er ein vanleg sjukdom. Dei minste fiskane blir hardast ramma, og eg har sett mange fiskar verte kvelte og døy av dette.
Kvifor er det slik? Kunnskapsløysa rår her òg. Ikkje veit vi kva som kjem først eller sist, og ikkje kva som gjer mest eller minst skade. Men vi veit at vi i oppdrettsanlegga både på land og ute i sjøen stenger inne stadig fleire fiskar på liten plass, utan at vi veit nok om korleis vi skal sikre godt nok miljø og reint nok vatn. Nøter og posar nede i sjøen gror til med biofilm, algar og dyr. Anlegga må haldast reine med spyling medan fisken svømmer i merdane. Då kan fleire partiklar og mikroorganismar samle seg på gjellene til laksen. Det er ikkje til å undrast over at det kan bli tungt å andast.
Havet er framleis stort, og det er enno mykje vi ikkje veit, men vi er einige om at det å puste fritt er ein viktig del av velferda til både fisk og folk.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei siste åra har stadig fleire laks fått andenaud nede i merdane.
Fleire artiklar
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Studentar mot politi ved Columbia- universitetet 30. april, då Palestina- aktivist-leiren skulle rivast.
Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB
Ekko frå sekstiåra
Demonstrasjonane mot Israel og Gaza-krigen på universitet i USA vekkjer til live minnet om studentoppstandane i seksti- og syttiåra.
Eit portrett av filosofen Germaine de Staël, ein sveitsisk filosof som levde og virka 17- og 1800-talet. Ho er ei av fleire kvinnelege filosofar som har fått meir merksemd dei siste åra, ikkje minst takka vere arbeidet til filosof Kristin Gjesdal.
Filosofiske forviklingar
Professor Tove Pettersen meiner filosofifaget har eit likestillingsproblem.