Kunnskap

Gjelding

Gjelding av hest er eit handverk med lange tradisjonar.
Gjelding av hest er eit handverk med lange tradisjonar.Gjelding av hest er eit handverk med lange tradisjonar.
Publisert

Makt korrumperer, det fann den greske filosofen Platon ut for meir enn 2400 år sidan, og slik er det enno. Vi menneske har stor makt over husdyra våre, og vi utøver vald mot dyra for å kontrollere dei slik det tener oss best.

Gjelding, eller kastrering, er eit godt døme på ein slik praksis, vidareført frå oldtida til dagens industrielle husdyrhald. I Noreg har vi no reglar som seier at alle typar kastrering må bli gjorde av ein veterinær og med bruk av smertestillande legemiddel. Men i dei fleste land i verda er det eigarane sjølve som gjer jobben og utan å gi noka form for smertelindring.

Rånelukt

Kastrering av smågris blir gjort for å unngå problem med rånelukt og usmak av kjøtet. I Noreg blir om lag 800.000 grisungar kastrerte kvart år, men sidan 2009 har det vore krav om at inngrepet blir gjort av ein dyrlege, med bruk av lokalbedøving under operasjonen og smertestillande preparat med langtidseffekt i etterkant. Liknande regelverk har dei også i Sveits og Nederland, men elles i verda blir dette gjort på gamlemåten.

Det er eit mål å leggje vekk kniven, rånelukta kan til dømes reduserast gjennom avl, noko dei har hatt god erfaring med i Nederland. I Noreg har rånelukt vore ein del av avlsprogrammet sidan 2018. Det er også testa ut ein vaksine som stimulerer til antistoff mot dei hormona som fører til kjønnsmogning og utvikling av testiklane, men denne har til no diverre ikkje hatt sikker nok effekt til å bli eit fullgodt alternativ til kastrering.

Både eggstokkar og testiklar blir danna inne i bukhola tidleg i fosterlivet, like ved nyrene. Hos hodyr blir kjønnskjertlane der resten av livet, medan testiklane til hanndyra legg ut på vandring, saman med blodårer og sædleiar, ned mot lyskekanalen og ut i pungen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement