Kunnskap

Geita

Geita er eit fjelldyr som trivst i høgda.
Geita er eit fjelldyr som trivst i høgda.
Publisert

Medan geitehaldet, som mykje annan matproduksjon her i landet, er i fritt fall, kan vi trøyste oss med at dei norske mjølkegeitene som enno finst, kanskje er dei friskaste geitene i verda. Samstundes viser ny forsking det vi eigentleg visste godt frå før: at geiter også er blant dei aller smartaste husdyra.

Opptur

I fjella i Mesopotamia (no Iran og Irak) var det for 10.000 år sidan vanleg å finne flokkar med villgeiter. For dei første jordbrukarane var det ein opptur å kunne temje desse intelligente og hardføre dyra, og av det geita kunne by på som husdyr, var det truleg mjølka som freista mest.

Geitemjølk er næringsrikt og lækjande, mellom anna er innhaldet av naturleg bakteriehemmande stoff tre gonger høgare enn i kumjølk. Men kjøtet blei også populær mat. Dei sterke skinna var nyttige til all slags bruk, og geitehaldet spreidde seg raskt frå Mesopotamia til store delar av verda.

Ei geit er framleis eit fjelldyr av natur, og difor vil ho alltid streve oppover. Geiter er også dei einaste drøvtyggarane som kan klatre i tre. Sauar og kyr trivst godt med å ete gras og gå hit og dit i ei todimensjonal verd.

I eit geitefjøs er det difor bra for trivselen til dyra å ha fleire nivå, slik at dyra kan klatre litt opp og ned. Eller rettare: Dei eldste og tøffaste geitene vil legge beslag på den øvste køyesenga, medan ruklet får klare seg med flatseng i første etasje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement