Reportasje
Geita som stakk av
Etter at eg har lese meg opp på geitestell, kjøpt inn mjølkeutstyr og henta fire mjølkegeiter, skulle alt vera klart for ein fin stølssesong.
Geita er tilbake på Dag og Tid-stølen etter tre dagar på rømmen. Hjelpesmannen Mats Mandelid tømmer juret for mjølk. Heldigvis hadde ikkje geita får jurbetennelse.
Foto Svein Gjerdåker
Lytt til artikkelen:
For ein nedtur, seier eg høgt til meg sjølv der eg går våt og trøytt på leit etter ei forsvunnen geit. Det kjennest nyttelaust. Det er uråd å finna ei einsleg geit i dette landskapet. Det er for mykje skog og for mange haugar og høgdedrag. Og no, fleire dagar etter at ho stakk av, kan ho ha kome langt av garde. Eg snur og traskar nedstemd tilbake til stølen.
Tidlegare i veka drog eg, ivrig og oppglødd, saman med stølsdrengen Anders Møn Mjelde til Osterøy og stølen til Lars Tyssebotn for å henta geiter. Fire flotte dyr. To godt vaksne på ti og åtte år, og to fyrste års mjølkegeiter. Ein liten flokk som Lars meinte ville gå godt i lag. Eigenleg skulle vi hatt dei fire geitekillingane som vi hadde i fjor, men to av dei var slakta, og Lars meinte at det beste var å ta fire nye.
Rytmen på stølen til Tyssebotn er fast. Mjølking av dei 80 geitene klokka sju om morgonen og seks om kvelden. Etter kvar mjølking lokkar Lars flokken eit stykke på veg, før dei går åleine ut på beitet. Der har dei fem–seks ulike trakk, eller ruter, dei kan gå. Og ut frå kvar rute har dei to–tre variantar. Kva rute dei vel, er ofte avhengig av vêret. Er det høgtrykk, trekkjer dei oppover. Er det sol og dei vel ei lågtliggjande rute, kjem det ofte regn.
Kvar rute er opptil fire kilometer lang. Dei kviler nokre timar om natta og kjem att i sekstida om morgonen. Det er fasinerande å sjå heile flokken koma inn mot stølen etter beiting. Dei går roleg utan å mekre, legg seg ned, drøvtygg og ventar på stølsvollen til dei skal mjølkast. Det burde vore langt fleire slike flokkar i fjellet om sommaren.
Når Lars ropar på geitene, strøymer dei mot fjøsdøra. Han slepper dei inn puljevis, og geitene hoppar opp på mjølkestallen, der dei får kraftfôr og vert mjølka av Lars og kona Berit. Ein god time tek det å maskinmjølka 80 geiter. Kvar geit mjølkar tre liter per dag. Ein del av mjølka blir kokt til brunost. Resten køyrer Lars ned til bygda og mjølkebilen kvar tredje dag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.