Gamle spor ein stad i Jølster
På ein bergknaus som heiter Lomshøjen, i vestre hjørnet av Fossheim-gardane i Jølster, har eg bygd ei hytte.
På ein bergknaus som heiter Lomshøjen, i vestre hjørnet av Fossheim-gardane i Jølster, har eg bygd ei hytte. Bergknausen ligg i eit band av knausar på tvers av dalføret og står att som eit minne om at isbreen som ein gong fylte Jølster-dalføret, ikkje vart ferdig med å grave ut dalen, noko som skapte eit naturleg skilje mellom der breen, og deretter vatnet, på eine sida rann sørover mot Førde og på den andre sida nordover mot Sandane i Nordfjord. Og slik vatnet rann, slik reiste også folket. Lokalt kan det difor merkast eit skilje i lydmønsteret i Jølster-dialekten.
Det er 1987. Eg byggjer ein terrasse langs den sørlege hytteveggen. Ei helle ligg i vegen. Eg kvelver henne opp og ser ei bakside med eit mønster som er skore inn i den harde steinen. Eg kvekk til. Helleristing! Like ved stikk det opp ein stein. Eg dreg han opp. Merkeleg! Her òg er eit mønster. Eg legg han ved sida av den første. Linene passar saman. Ein gong har begge steinane vore del av same hella. Helleristing, menneskegjord, for mønsteret har ingen ting med formasjonar i steinane å gjere.
Det er første gong eg har høyrt om helleristing i heile det 50 kilometer lange Jølster-dalføret. For alt det har vore grave og dyrka gjennom hundrevis, ja, tusenvis av år i denne bygda. Eg finn ingen spor på berget like ved.
Eg spør meg: Kva tenkte steinaldermannen som sat her og brukte timar og kanskje dagar på å risse inn linene i steinhella? Eg ser at eg har funne berre ein del av mønsteret, for linene går rett ut mot kanten. Eit mønster er her, men kva tyder det? Eg grev ikkje opp meir, for dette må meldast inn til offentlege styresmakter. Men eg kan ikkje la vere å spørje meg: Steinaldermannen må ha hatt ein bodskap, ja, ein viktig bodskap. Om kva? Til kven?
Namnet Lomshøjen fortel at lom har hatt fast tilhald her. Vatnet i dalføret stod heilt opp til knausen før senkinga for omtrent 100 år sidan. Folk som skulle passere staden her, måtte gå over denne skolten. Her har menneske gått over og passert helleristinga gjennom hundreåra, ja, tusenåra. Dette har vore viktig for helleristaren, tenkjer eg. Han ville at nokon skulle forstå bodskapen.
Eller var det kanskje ei grav her, og hella har vore eit kistelok, med bodskapen vend ned, så den gravlagde skulle «lese» han? Det må ha vore ein småkonge, ein som rådde over dalføret omkring her. Kanskje var det slik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.